Avlat på Luthersk vis

Det er bra at Luther blir debattert, men perspektivet på luthersk lære kunne eg ønskt annleis.

Sjølv om eg kom til tru på Jesus i lutherske samanhengar, fann eg etterkvart ut at evangelisk-luthersk tru har eit antikristeleg preg, grunna fokuset på oss sjølve og på læresetningar som gjer justismord på Jesus etisk akseptabelt og som ufarleggjer synda for «rettferdiggjorte» kristne.

For fokuset er på vår frelse og ikkje på Guds vilje. Sjølv om me treng frelse, må det jo vera avgjerande å bli frelst på Guds og ikkje på våre premissar. Når Guds lov som er eit uttrykk for Guds gode vilje, systematisk blir snakka ned og definert som for vanskeleg for oss, blir Guds gode vilje snakka ned og gjort irrelevant for oss (døme: Jon Syver Norbye 22.12 som omtalte Guds lov som ein anklagar).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Også på andre måtar har luthersk teologi ei negativ vinkling på Gud. Ifølgje Svein Granerud 21.12 har ikkje Gud nokon alminneleg velvilje overfor oss. Istaden hevdar han Guds kjærleik er på sitt djupaste når Guds vreide råka Jesus i min plass. Guds kjærleik byggjer altso på Guds vreide og på eit justismord, er bodskapen eg då sit att med. Men dette er då ikkje kjærleik. Jesu ord i Matt 7:9–12 viser meg ein heilt annan grunntone i Guds vesen, og difor trur eg det heller er Granerud, gjennom si tru på den objektive forsoningslæra, som retusjerer Gud. Vidare inneheld luthersk teologi eit ekstremt negativt menneskesyn, grunna læra om arvesynda og den totalt forderva menneskenaturen.

No kjenner eg òg mykje luthersk forkynning som har eit positivt preg. Men det positive byggjer helst på at ein som rettferdiggjort syndar kjenner seg trygg på å sleppa unna Guds vreide. Og i ei slik tru blir det då avgjerande viktig å vera «rettferdiggjort». Men synda blir ufarleggjort når ein kan rekna seg som «samtidig syndar og rettferdig».

Og difor får eg mistanke om eit feil motiv, for å på den eine sida forkynna eit sterkt syndealvor (basert på eit negativt vinkla gudsbilete og menneskesyn), men å på den andre sida forkynna ei trygg frelse for den som trur (på luthersk vis). Det negative skal slik fungera som ein forsterkar for at folk skal sjå kor viktig det er å bli frelst (på luthersk vis). Men slik sporar ein av frå Sal 119:4 som seier at Guds bod er til for å haldast.

Eg mistenkjer altso at syndealvoret eigentleg primært er for ikkje-kristne, slik at «ufrelste» skal få eit ekstra sterkt alvors-bakteppe for å bli kristne. Og dermed liknar luthersk teologi på den type hykleri som i si tid gav opphav til lutherdommen: Nemleg ei lære som skremmer folk til å slutta seg til kyrkja si tru.

Og lutherdommen har på ingen måte avskaffa prinsippet bak avlaten: at Gud treng botsgjerningar for å kunna tilgje synder. Historisk var avlat noko ein kunne kjøpa seg for å sleppa å utføra botsgjerningar, medan avlaten i luthersk lære er Jesu død. Men desse to avlatslærene har følgjande likskap: at avlaten fungerer som eit middel for å omgå Guds bod, men at omgåinga av Guds bod likevel ikkje står i vegen for å forbli erklært rettferdig for Gud.

Me treng difor ein ny reformasjon, som ikkje minst lærer annleis om Gud; som fokuserer på Guds positive vesen og plan, på Guds rike og på vår utveljing til å vera Guds medarbeidarar. Og samtidig ein reformasjon som avskaffar den billege nåden.

Bli med i debatten!

For å kunne kommentere artikler på DagensDebatt.no - og for å kunne starte nye debatter, må du må være registrert - og innlogget - på Facebook

I tillegg må du registere deg som bruker av DagensDebatt.no. Trykk på «registrer deg» øverst til høyre på denne siden.

Her finner du de enkle debattreglene våre.

-----

TIPS OSS om saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om: redaksjonen@dagen.no

Få nyhetsbrev fra Vebjørn Selbekk:
« Hver dag sender jeg deg noen utvalgte saker og debatter som jeg mener at du bør lese! Klikk her for å melde deg på det daglige nyhetsbrevet»

-----

Ukentlig nyhetsbrev: Få noen av de viktigste nyhetssakene og debattene rett i epostkassen. Meld deg på her!

*** Prøv Dagen i 1 måned for bare 1 krone.

* Følg gjerne Dagen på Facebook