Innsendaren meiner at breva Paulus (biletet) forfatta ikkje kan ha same status som GT.

Autoritær teologi er ikkje av Gud

Det blir ein hersketeknikk å hevda at Anden har godkjend Paulus sine brev, slik Olof Edsinger meiner.

Olof Edsinger sitt frispark 26/1 bør ikkje stå uimotsagt. For påstanden om at alle delar av Bibelen skal ha same autoritet, kan ikkje vera sann. For den inneber nemleg å vera meir bibeltru enn sin eigen ufeilbarlege apostel Paulus.

Men i 1. Kor 13, 9 og Fil 3:12 slo han fast at han såg stykkevis; at han ikkje var fullkomen, og som i 1. Kor 4:6 lærte at ein ikkje skal gå ut over «det som er skrive»; altso GT, for å ikkje blåsa seg opp, for den eine mot den andre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men viss det er som Edsinger trur; at orda i NT som er forfatta av kyrkjeleiarar skal ha like høg rang som dei siterte Jesus-orda i NT, ser eg ein stor risiko for autoritær lære.

For ufullkomne personar kan ikkje skriva fullkomne brev – so lenge skriftene deira ikkje er godkjende av ein fullkomen person, slik GT-skriftene vart godkjend av Jesus, Joh 10:35b. Men NT-skriftene er kun godkjend av kyrkja, og manglar dermed godkjenning av ein fullkomen person.

Og det blir ein hersketeknikk å hevda at Anden har godkjend slike skrifter, trass i Joh 16:13. For ingen kan hevda at ein talar/skriv i Den Heilage Ande utan å vera autoritær.

Særleg i lys av kyrkjehistoria med sine inkvisitoriske kjettarprosessar med meir, er det grunn til å åtvara mot autoritær teologi – slik eg òg fann hjå Edsinger då han kun proklamerte bibelsynet sitt, oversjåande Paulus sitt syn på seg sjølv som ufullkomen.

Og læra om progressiv openberring i Bibelen som han hevda, kan eg ikkje sjå er i samsvar med sanninga. For om enn Matt 17:1–5 peikar på Jesus som viktigare enn Moses og Elia, står det òg at Jesus peika på profetord i GT (Matt 4:1–10, 11:10, 21:13, 26:24 m.fl.).

Kort sagt var GT Jesu heilage skrift, slik at me ikkje bør rangera GT lågare enn dei siterte Jesus-orda i NT, som altso bør rangerast høgare enn kyrkjeleiarane sine ord i NT.