Maxbo Vækerø i Oslo var en av butikkene som denne helgen trosset Helligdagsloven og holdt åpent på søndag.

Vurderer meir søndagshandel

Dei store byggevarekjedene vurderer meir søndagsope om styresmaktene ikkje grip inn. Framstegspartiet foreslår frislepp for opningstider, medan Kristeleg Folkeparti vil ha presiseringar i regelverket. Debatt: Blir det vanskeligere å holde søndagen hellig fremover?

Kultur- og kyrkjedepartementet ville måndag ikkje kommentere kva som vert gjort etter at fem byggevarekjeder med overlegg har brote helgedagslova i ein samordna aksjon, medler NTB. DagenMagazinet var i kontakt med stortingsgruppa til Arbeidarpartiet om saka, men fekk vite at det er den politiske leiinga i departementet som handterer desse spørsmåla.

Fullt frislepp

Stortingsrepresentant Ulf Erik Knudsen frå Framstegspartiet synest aksjonen til dei fem byggevarekjedene er usmakeleg:
- Dei prøver å sparke beina under ein konkurrent som har halde seg innanfor det lova gir rett til, seier Knudsen. Han legg til at FrP ønskjer å fjerne paragrafen som set skilje mellom kva butikkar som kan ha ope til kva tider.
- Vi kan godt ha ein regel som seier at det ikkje er lov å drive med bråkete arbeid på søndag i kyrkjetida, seier han, men meiner butikkane elles må få selje det dei vil når dei vil.
- Slik sett forstår eg at byggvarekjedene er frustrerte over politikarar som greier å vedta at butikkar som har eit areal på under 100 kvadratmeter skal få ha ope heile døgnet medan dei som er over hundre kvadrat ikkje skal få ha det, seier han.

FrP-politikaren legg til at partiet hans no har inne eit forslag om å endre desse retningslinene.

Handheve lova

På den motsette politiske fløyen er tonen ein annan. Raudt-leiar Torstein Dahle har meldt både Plantasjen og Maxbo til politiet for ulovleg søndagshandel.
- No står vi over for eit openbert lovbrot. Då bør det vere lov å håpe på eit etterspel frå styresmaktene, seier han til NTB.

Tidlegare har LO meldt fleire tilfelle av søndagshandel til politiet, men desse har vort lagde til sides. Både LO-leiar Roar Flåthen og bispemøtets preses Olav Skjevesland har støtta aksjonen «Likhet for loven - også på søndag». Kulturminister Trond Giske uttalte søndag at det helgedagslova vart lagd fram av regjeringa Bondevik og vedtatt av eit samla storting etter grundig handsaming.

- No er det opp til politi og rettsvesen å handheve lova, det er ikke departementets oppgave, sa Giske til NTB.

Felles fridag

Kristeleg Folkeparti synest dette er for defensivt. Stortingsrepresentant May Helen Molvær Grimstad meiner praksisen til hagesentera ikkje er i tråd med lovverket. Ho påpeikar at KrF har foreslått presiseringar i lovverket for å hindre at det vert uthola, men ikkje fekk støtte frå dei andre partia. No ber ho Trond Giske gripe inn for å verne om den felles fridagen.
- Vi treng ikkje meir handletid når mange butikkar har ope frå sju om morgonen til elleve om kvelden alle dei andre dagane i veka, seier ho.
DM