Vil ha sjølvstendige forsamlingar

– Ein må ikkje vere avhengig av prestar eller
 kateketar, seier Reidar Røyland og ber indremisjonsfolket etablere sjølvstendige forsamlingar.

I går ettermiddag tokgeneralforsamlinga i Indremisjonsforbundet fatt på den største saka: korleis dei skal opprette og utvikle eigne menigheter - omtalt som forsamlingar - på bedehusa.

Avtroppande nestformann iImF-styret, Reidar Røyland, innleia til debatten:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– For første gong på tusen år har ein iDen norske kyrkja vedteke ei lære som ikkje stemmer med Bibelen. Kva gjer vi? Skal vi vere langsiktige, må vi byggje eigne forsamlingar og sjølv vite korleis borna våre vert opplærte.

Til Dagen seier Røyland at hans tydelege tilråding er å byggje sjølvstendige forsamlingar.

- Så er vi ikkje avhengig av å gå til prestar eller kateketar for å få dåpsopplæring eller konfirmantundervisning. Mange stadar er det ein god prest no. Om få år kan det kome ein prest vi ikkje har tillit til, og då står vi der utan noko tilbod, seier Røyland, som bur i Sandnes og er med iFredheim, ein av dei største forsamlingane i Indremisjonsforbundet.

Open for valmenigheter

- Kva med små bedehus med fem sjeler?

- Dei bør slå seg saman med andre organisasjonar eller andre bedehus. Husfellesskap kan også vere ei løysing, seier han.

– Vil det vere rom for dei som ynskjer å bli ståande i Den norske kyrkja?

– Det er ingen problem å vere medlem i kyrkja. Ei kvar forsamling må sjølv velje om dei vil samarbeide tett med kyrkja.

Røyland er ikkje avvisande til å inngå eit samarbeid med Den norske kyrkja om valmenigheter.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Kan de også godta tilsyn frå biskopen viss de kan vere med å diskutere kva tilsynet skal innebere?

– Personleg trur eg det. Får vi forkynne Guds ord reint og klart, og får vi klargjort kva som ligg i tilsyn, kan det vere aktuelt. Men dette er nytt land for oss.

Sjølvstendig linje

I debatten i går ettermiddag var det nesten ein eintydig argumentasjon for å opprette forsamlingar på bedehusa.

Arild Austnes frå Godøy fortalde korleis dei hadde etablert forsamling der.

– No er det søndag føremiddagsmøte alle søndagar det ikkje er gudstenester. Det har vore ei rett satsing, sa han.

Torgeir Skrunes frå Bergen gjentok det han sa i Dagen i går at indremisjonen må bryte med kyrkja. Og han vende seg til forbundsstyret og sa:

– Det siste er ein brannfakkel: Kor tid skal vi begynne å tenkje samanslåing medMisjonssambandet? spurde Skrunes og fekk applaus frå salen.

Også pastor Kai-Even Bjørndal i Emblem bedehusforsamling på Sunnmøre tok til orde for samanslåing.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Normisjon, Misjonssambandet ogFrikyrkja, tenk om vi kunne bygd eit trussamfunn saman. Det kan bli for snevert medImF Trussamfunn. Det kan bli for fislete med eit trussamfunn, sa Bjørndal.

I haust blir eit pilotprosjekt sett i gong i Rogaland ogMidthordland indremisjon om skule for forsamlingsleiarskule.

Fryktar b-lag

Nærare 30 hadde ordet i debatten i går. Nokre få tok til orde for ei form for samarbeid med kyrkja. Dagleg leiarMarit Hårklau Ådnandes i det tradisjonelt kyrkjevenelegeIndremisjonssamskipnaden i Sunnhordland og Hardanger sa at mange i krinsen er glade i kyrkja.

– Dei ynskjer framleis å vere der. Mange har heller ikkje høve til å starte forsamling på bedehuset. Er det også rom for dei tankane i ImF? Eller er det berre forsamlingsbygging som tel? Eg trur mange vil kjenne seg som eit b-lag og at kyrkja blir eit fy-ord.

Torstein Fosse iBergens Indremisjon understreka at det er mogeleg for forsamlingar å gå i samarbeid med kyrkja nokre stader.

– Vi har eitt kall vi ikkje snakka om så mykje: om å vere ei profetisk røyst i kyrkja. Vi må ikkje berre snakke om utmeldingar, men også å støtte konservative prestar, sa Fosse.

La oss vere rause

Ingebrigt Sørfonn, mest kjent som tidlegareKrF-representant påStortinget, er no formann i Indremisjonssamskipnaden. Han etterlyste at folk skal vere rause.

– Nokon kan av samvitsgrunnar ikkje fortsetje som medlem i kyrkja. Andre vil fortsetje å vere medlem for å hindre ytterlegare utgliding i kyrkja. Det er vanskeleg å overprøve andre sitt samvit. La oss vere litt rause med kvarandre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ta imot innvandrarar

Forsamlingsleiar Knut Kvamme i Voss Indremisjon oppfordra om å ta imot innvandrarar.

– Vi har fått mange nye landsmenn inn i fellesskapen vår. Det er mange utfordringar, men dei har med seg ei slik fantastisk forkynning og vi får oppleve at folk vert frelste. Mange av dei som kjem er allereie kristne. Vi har ei lovsongsleiar frå Nigeria. Fleire av våre nye landsmenn har forkynnar-nådegåver, sa Kvamme.