Vil gje vern til kristne asylsøkjarar

Sylvi Listhaug er usikker på om fleire konvertittar får asyl etter den nye avtalen.

Tysdag vart det klart atKrF hadde inngått ein avtale med innvandrings- og integreringsministar Sylvi Listhaug (Frp) for å styrke sakshandsaming av kristne asylsøkjarar med muslimsk bakgrunn. Saka har vekt glede og fått merksemd i kristne miljø.

– Kjem fleire konvertittar til å få asyl etter denne avtalen,Listhaug?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det er vanskeleg å seie. Det som er viktig her er atUNE får eit nytt verkemiddel for å skaffe kompetanse. Eg er oppteken av at ein gjer det ein kan for å avdekke dei som prøver å lure seg til opphald ved å seie er kristne. Det er viktig at ein finn dei som faktisk har konvertert og gjev dei vern.

LES:Konvertittavtale mellom KrF og regjeringen

Ein ressursbank med prestar og andre kristenleiarar skal bistå UNE i å vurdere om asylsøkjarane faktisk er kristne.

Fryktar for iranarar

SeniorrådgjevarJon Ole Martinsen iNorsk Organisasjon for Asylsøkere, NOAS, fryktar at avtalen ikkje er tilstrekkeleg for iranske asylsøkjarar, som er den største gruppa konvertittar. Hovudstriden står ikkje om dei iranske asylsøkjarane er kristne, men om Iran er eit trygt land å sende kristne tilbake til. I dag får mange konvertittar avslag, ifølgje Martinsen.

- Har de bomma på den største gruppa, Listhaug?

– Nei, denne avtalen går på sakshandsaming. Når det gjeld kva land som er trygge, er detUDI og UNE som gjer vurderingane. Når dei meiner at Iran er trygt, forheld vi oss til det. Vi harLandinfo som jobbar for å ha oversikt over kva skjer i landa og samlar inn informasjon frå mange kjelder før dei gjev sine tilrådingar. Det må vi stole på.

Avviser å instruere

Martinsen i NOAS meiner at dersom regjeringa ville gjere ei endring for iranske konvertittar, skulle dei instruert UNE om at Iran ikkje er eit trygt land å returnere kristne til. I haust instruerte regjeringa UNE om at Russland er eit trygt land å returnere asylsøkjarar til.

– Er det aktuelt å instruere UNE om at Iran er utrygt?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Nei, vi har ingen planer om å gjere det. Vi har tillit til råda frå asylstyresmaktene.Situasjonen på Storskog i haust var særskill. Der var det viktig å stoppa asylstraumen til Noreg frå Russland.

– Viss det viser seg at ikkje fleire konvertittar frå Iran får asyl etter denne avtalen, kan det då bli aktuelt med ein slik instruksjon?

– Viss det viser seg at det ikkje er trygt å sende kristne tilbake til Iran, går eg ut frå at den informasjonen vert fanga opp av Landinfo, UDI og UNE. Eg ser det ikkje som aktuelt å overstyre med instruksjon. På det årlege høgnivåmøtet skal også Landinfo delta og her vil kristne organisasjonar sin kunnskap om situasjonen for kristne i andre land bli teken opp.

– Ikkje avgjerande

Det er ikkje første gong at prestar er tiltenkt ei rolle i vurderinga av konvertittar. I 1999 utarbeidde Justisdepartementet eit notat der prestane skulle få avgjerande ord i slike saker. Opposisjonen frå Arbeidarpartiet meinte den gong at asylstyresmaktene overlet avgjerda for kristne til prestar.

– Fryktar du same kritikken denne gong?

– Nei, no er det ikkje snakk om å leggje avgjeringa til kompetansepoolen. Dei kan kome med opplysningar og gje sine vurderingar utan at det skal ha avgjerande vekt for UNE. UNE skal gjere sjølvstendige vurderingar. Det vil vere uaktuelt for meg å bidra til at kyrkja skal avgjere asylsaker.

– Også i dag skriv prestar og kristenleiarar vurderingar av asylsøkjarar dei kjenner når sakene vert handsama i UNE. Vert det då nokon skilnad med den nye avtalen?

– No vil det vere mogeleg for UNE å innhente vurderingar frå personar som ikkje kjenner asylsøkjarane og kan sjå frå objektivt ståstad. Det vil gje tilgong på auka kunnskap.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

LES MEIR:KrF setter sin lit til Listhaug i konvertittsaken

«Veldig stor risiko»

Listhaug er kjent for å vere ein av dei strengaste i Europa i asylpolitikken.

– Er du mindre streng med konvertittar enn med andre grupper, som einsleg mindreårige?

– Absolutt ikkje. Eg meiner det er utruleg viktig at vi får avdekke dei som prøver å jukse seg til opphald i Noreg. Samstundes er eg oppteken av at vi skal finne dei som reelt sett treng vern og sende ut dei andre. Vi veit at forholda for kristne er vanskelege i ein del land og at det å skifte tru frå islam til kristendom kan vere potensielt forbunde med veldig stor risiko. Når personar som gjer det, søkjer vern, er det viktig at vi stiller opp.

LES OGSÅ:Høyesterett avviser konvertitt-sak

– Stille opp for kristne

Konvertittane sin situasjon har vore ei viktig sak for KrF i ei årrekkje. Det var ein siger for partiet når dei fekk punktet inn i samarbeidsavtalen, men etterpå har det vore frustrasjon i partiet over seindrektig oppfølging frå regjeringa si side. Etter Listhaug kom i posisjon, vart det større forståing for saka.

– Kvifor ynskte du ei løysing?

– Det er viktig å følgje opp avtalen vi har. Eg er også oppteken av at vi skal stille opp for dei som er kristne, som har skrifta tru og som treng vern i Noreg. Det er viktig at vi har eit system som vi kan vere trygg på vernar dei.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

LES MEIR:Ber prester sjekke at troen er ekte

Listhaug peikar uoppfordra på at det er viktig at gruppa av kristne ekspertar skal kome frå fleire kyrkjesamfunn enn Den norske kyrkja.

– I Noreg har vi eit mangfald av trussamfunn og paraplyorganisasjonar som det er viktig å ta på alvor.

Departementet vil no starte arbeidet med å få på plass kristenekspertane og vil be kyrkjelydar og organisasjonar om namn. Dei vil også starte arbeidet med instruksen til UNE.

– Eg kan ikkje seie når det er på plass, men det er ei prioritert sak, seier Listhaug.

LES MEIR:Aron har vært utsatt for to drapsforsøk - familiens ære skulle reddes