Trur ikkje på full frifinning av barnevernet

Professor om saker for Menneskerettsdomstolen.

– Men eg er ganske sikker på at det er utenkjeleg at vi kjem ut med 8-0 til den norske staten, seier Søvig til Dagen. Han er tilsett ved Universitetet i Bergen og har jobba med bruk av tvang i velferdsstaten.

Professoren meiner det er all grunn til å ta alvorleg at så mange norske saker på eitt felt vert tekne opp samstundes, men åtvarar også mot å overtolke dette.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det er ikkje eit einaste land som slepp unna å verte dømt i EMD. Noreg er sånn sett mellom dei som kjem best ut, seier Søvig.

Berre ei av sakene har vore prøvd til heilt til topps i det norske rettssystemet.

– Frå eit norsk barnevernsperspektiv framstår utvalet av saker litt skeivt. Eg meiner det ville vere meir interessant å få merksemd rundt bruken av akuttvedtak, seier Søvig.

Som Marit Skivenes meiner han det er grunn til å reflektere over kvifor desse skjer såpass ofte og at dei regionale skiladene er så store. I Finnmark er det tre gonger så stor sjanse for at eit barn vert akuttplassert som i Akershus, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå.

Eit grunnleggjande trekk ved ei åtte sakene som er kommuniserte frå EMD, er ifølgje Søvig at dei er knytte til tilbakeføring.

LES:Psykolog ser ikke poenget med rettssak

Tre av dei har med kultur og religion å gjere, mellom anna at eit muslimsk barn vart plassert hos ein familie som var medlem i Den norske kyrkja og eit barn med rom-foreldre som vart plassert hos ein etnisk norsk familie.

Skuldingar om kulturelle og religiøse fordommar er også eit element i den såkalla Naustdal-saka. Dette gjorde advokat Roger Kiska ved Christian Legal Centre i London greie for dåDagen fortalte om klagen han har sendt på vegner av foreldra.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Ser du juridiske problem med korleis norsk barnevern fungerer i dag?

– Som alt anna lovverk er det alltid ting som kan verte betre. Den største utfordringa er etter mi meining om vi grip inn overfor dei rette borna til rett tid på, seier professoren.

Tidlegare har EMD gjort det klart at omsorgsovertaking skal vurderast som eit midlertidig tiltak. Søvig synest det blir interessant å sjå korleis domstolen tenkjer rundt dette no. Han meiner tankegangen i utgangspunktet er forståeleg, men også at det kan vere problematisk å ha dette som eit ufråvikeleg ideal.

– Det handlar også om behovet borna har for stabilitet. Tilbakeføring er ikkje alltid realistisk, seier han.

– Kva sanskjonsmogelegheiter har EMD?

– Dersom domstolen konstaterer at det er skjedd ei krenking, blir staten dømd til å betale erstatning til klagaren. Vanlegvis er det snakk om relativt små beløp, seier han.

Samstundes påpeikar han at utfallet i sakene kan få betydelege konsekvensar for utforminga av norske barnevernstenester i framtida.