GJENNOMGANG: Kyrkjetenar Marianne Fredbo (bak til venstre) har alltid med borna i bygda som assistenter når det er gudstjeneste. Her har sokneprest Geirulf Grødem ein gjennomgong av gudstenesta saman med Anna Nissen Hansen (i midten) og dei andre medhjelparane.

Tenner lyset påskenatta

Inne i ei nattstille kyrkje tenner borna påskelys og gjev det vidare i benkeradene.

Det er natt til 1. påskedag. Ute er det svart stjernehimmel og fullmåne over den kvitmåla kyrkja i bygda Austad i Lyngdal.

Inne er det påskenattsgudsteneste – ei eldgamal gudsteneste som igjen har begynt å breie om seg i Den norske kyrkja.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når kyrkjefolket kjem inn døra, har ti born vore i aksjon i fleire timar for å lage gudsteneste.

LES MEIR: Slik mener kristenlederne at påsken bør feires

Ope for alle

Klokka åtte på kvelden, like før sola går ned over åsen, møter borna kyrkjetenar Marianne Fredbo i kyrkja.

Det begynte for sju år sidan med Gustava på fem år som ville vere med Marianne i kyrkja. Seinare vart søskenbarnet med.

– Så har det spreidd seg. No er det ope for kven som helst som vil hjelpe til, seier Marianne.

Men påskenattsgudstenesta er spesiell. Då møter borna tre timar før for å gjere i stand kyrkja. Etter gudstenesta skjer det som er høgdepunktet for mange.

LES OGSÅ: Gir plass for høytiden på sykehjemmet

«Så koseleg»

I kveld har også med seg nokre vener som ikkje vanlegvis er med. Frå kyrkja ber det over bekken, langs grusvegen og inn i skogen for å finne kvitveis.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Sjå der! roper dei. Set seg på huk og fyller hendene med vårens første blomster medan gradestokken knapt viser varmegrader.

Medan det mørknar ute, går dei tilbake til kyrkja og legg blomstrane på eit bord ved alteret.

– Det er gøy, seier Tuva Nissen Hansen (12), som er med saman med trillingsøstrene Anna og Oda.

– Det er så koseleg når det er lyst her inne og mørke der ute, seier Celina Pedersen (14).

25 slag på kvar

Et par timar seinare er det heilt mørkt ute. Inne har sokneprest Geirulf Grødem samla dei ti borna til ein gjennomgong av gudstenesta. Han fortel at det blir nattverd.

– Kva er nattverd? spør ein.

– Det er når ein kneler ned ved alterringen, begynner presten, men ein av dei andre borna overtek raskt forklaringa:

– Og så får du vin.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Utan alkohol, legg ei anna til.

Presten folder hendene og ber ei bøn for gudstenesta med borna tett i ring rundt.

Klokka nærmar seg elleve.

– No skal vi ringe, seier kyrkjetenar Marianne. Borna er raskt ute i våpenhuset og går opp trappene til kyrkjetårnet.

– 25 på kvar, seier Marianne. - Vi andre held for øyrene.

Oppe i tårnet stiller borna seg i kø for å slå 25 slag med kyrkjeklokkene kvar medan menn og kvinner strøymer inn i kyrkja. Nede i kyrkja vert det lagt ut stearinlys i benkeradene.

I fem år

Inntil for fem år sidan var det berre gudsteneste i Austad kyrkje 2. påskedag. Det kunne vere rundt 15 i kyrkjebenkane.

Då Geirulf Grødem begynte som sokneprest for fem år sidan, tok han med seg tradisjonen med påskenattsgudsteneste frå Stødle kyrkje i Etne, der han hadde vore prest før.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Denne påskenatta er det 80 i kyrkja i bygda med 3-400 faste innbyggjarar og mange hyttefolk. Kyrkja er nesten mørklagt når gudstenesta startar.

Borna går fram og tenner lys på bordet som er pynta med kvitveisen til orda «Kristus er sanneleg oppstanden. Halleluja».

Lange tekstlesingar tek oss til skapinga, Israelsfolkets utvandring frå Egypt og dåpen.

Tenner lysa

Når gudstenesta nærmar seg slutten, går alle borna fram til bordet og hentar kvar sitt lys. Medan alle syng påskesalmen «Dei være ære», går Oda, Gustava og Oliver nedover midtgongen og tenner lysa til dei som står i benkeradene.

I prosesjon går alle ut i den svarte natta med tente lys. «Evig skal døden være Kristus underlagt», stig songen mot stjernehimmelen medan dei stiller seg i ein sirkel utanfor kyrkjedørene.

«Spesielt»

Ein av dei som er på gudsteneste på natta, er Anne Lise Nissen Hansen, mor til trillingjentene.

– At det er på kvelden, gjer det spesielt. Det er ei heilt anna gudsteneste, seier ho.

Gruppa utanfor løyser seg opp. Inne i kyrkja er det fullt liv. Liggjeunderlag og soveposar vert rulla ut.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

No er det overnatting for alle barn som vil. Kyrkjetenar Marianne kan telle opp sju overnattingsgjester denne natta.

– Vi har kome frå fjellet berre for å få med oss dette. Dei gler seg slik til å sove i kyrkja, seier Lorraine Nissen Berntsen, mor til tre av borna medan dei gjer seg klar til å sove.

Roen senker seg

Prest Grødem pakkar saman bøkene og preika. Om få timar skal han ha ny gudsteneste 1. påskedag inne i Lyngdal.

– Korleis skil påskenattsgudstenesta seg frå dei andre gudstenestene?

– Symbolikken mellom mørke og lys kjem tydeleg fram. Bibeltekstane er lange, men dei er sett i eit større perspektiv.

Han roser kyrkjetenar Marianne.

– Det er fantastisk med alle borna her. Det er Marianne si forteneste, seier han.

Ute er det mørkt og stille. Berre lys frå nokre av gravene lyser opp. Inne senker roen seg. Dei første har sovna allereie. Påskemorgon vaknar dei i kyrkja til ny dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Påskenatt

Påskenattsgudstenestene vert haldne natt til 1. påskedag eller tidleg om morgonen 1. påskedag.

I oldkyrkja var det den store dåpsgudstenesta.

Vert også kalla ottesong, våkegudsteneste eller vigilie.

Kyrkjelyden kjem til ei mørk og stille kyrkje. I løpet av gudstenesta vert påskelyset tent.

Gudstenesta er både gamal og ny. Den liturgiske ordninga har svært gamle element, men vart restaurert på 1900-talet.

Kjelder: Den norske kyrkja, Nemnd for gudstenesteliv

Les også
Yrende liv i Jerusalems gamleby
Les også
Jubel i Gravhagen påskemorgen
Les også
Påskefeiring ved Hagegraven i Jerusalem
Les også
Paven holdt messe på påskeaften