PREPARERT PIANO: Else Olsen S. får fram uvanlege lydar frå eit piano ved å stikke mellom anna bedehusgaflar inn mellom strengene.

Stikk gaflar i pianoet for å lage bedehuslyd

Harmonisk himmelsong vekslar med kaos og syngjande plastrør. Moderne musikalsk verk tek publikum med på oppdagingsreise i bedehusland.

På utsida er Tunes bedehus omtrent så vanleg som eit bedehus på Vestlandet kan vere. Det er lite, kvitt og ligg i ei bratt skråning ved ein svingete veg.

Vegen følgjer den blanke, blå fjorden som skil den landlege bydelen Arna i Bergen frå Osterøy.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På innsida er situasjonen meir uvanleg.

– Korleis slutta denne songen, spør ein av medlemene i ensemblet Tabula Rasa.

– I kaos, seier regissør Ingrid Askvik.

Ensemblet står i ring på det tilårskomne, lakka tregolvet i bedehuset. På dei gule veggene heng kjende Jesus-motiv.

Stemmene stig, men med kvar sin song. «Eg veit i himmerik ei borg», «På Golgata sto det et kors» og «Jeg løfter mine øyne opp mot fjellene» tonar ved sida av kvarandre med aukande dissonans fram til det toppar seg i eit skrik.

– Ok, vi stoppar der, seier regissøren.

Lyttar til publikum

Komande fredag legg Tabula Rasa, scenograf Matias Askvik og komponist Else Olsen S. ut på turné på Vestlandet med verket «Bedehus-LAB». Det er ei vidareføring av «Bedehus» som vart urframført under Bergen Kirkeautunnale september 2020.

– Det er veldig viktig at publikum skal få påverke og fortelje si historie. Etter framsyninga er det lagt inn kyrkjekaffi der folk skal få kome med tilbakemeldingar, seier Sigrun Jørdre i Tabula Rasa.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Utøvarane har ulik kjennskap til bedehusmiljøet, og både Jørdre og komponist Else Olsen S. har bedehusbakgrunn og ei kristen tru.

Tanken med verket er å invitere menneske til å reflektere over bedehustradisjonen enten dei ser han frå innsida eller utsida.

TURNÉ: Komponist Else Olsen S. (t.v.) og Sigrun Jørdre i Tabula Rasa inviterer til å gjenoppdage bedehuskulturen.

Svevande akkordar

«Den stille og andektige lyden av bedehuset når døra blei låst opp. Lukta av grønsåpevaska golv. Klirringa i bedehuskoppar. Mintgrøne, rosa og lyseblå Figgjo-koppar. Smaken av sukker, melis, sjokolade og sitronkrem. Og kjeks. Sterk saft. Ingen instruks om måtehald».

Slik oppsummerer komponisten eigne inntrykk frå oppveksten på bedehuset.

«Mor spelte til allsongen. Det gjer ho framleis. Lyden av fint ustemte pianostrenger, som fekk klangane frå pianoet til å sveva i store akkordar», held ho fram.

– Det er ein veldig vokal måte å spele piano på. I alle dei åra eg har studert musikk, har likevel ikkje bedehussjangeren vore nemnd ein einaste gong.

Samtalar med bestemor

Ein idé med prosjektet er å oppdage meir av kva som kjenneteikna bedehuskulturen. Kva han har gitt menneske, gode og mindre gode sider, og om han har mista nok av seg sjølv på vegen.

– Vi ønskjer å få fram både det musikalske og det sosiale særpreget, og i det heile løfte fram denne tradisjonen, fortel Sigrun Jørdre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Else Olsen S. har i mange år samtalt med den no avdøde mormora si om kva det betydde for henne å vere med.

– Ho fortalte at ho syntest så synd på dei som ikkje var med. Men i alle miljø med sterk inkludering, finst det også tragediar. Det har ei bakside, seier ho.

DRAMA: Sigrun Jørdre og resten av Tabula Rasa utforskar både det som har vore givande og det som har vore krevjande med bedehuskulturen.

Nysgjerrige saman

Sjølv om verken Sigrun Jørdre eller Else Olsen S. er aktive i bedehusmiljø no, merkar dei at minna og erfaringane pregar dei.

– Verket røskar litt i folk. Slik skal kunst vere. Han må røre noko i oss, seier Jørdre.

– Korleis reflekterer de over sjølve det kristne innhaldet som har prega bedehuset?

– Vi observerer at dette har mange lag, seier Jørdre.

Eit konkret døme på dette er at dei bles dei plastrør er å få fram lyden av pust frå ei anna verd, i satsen «Himmellengt».

– Vi nærmar oss noko som kan vere Den heilage ande. For somme er det lite handgripeleg, for andre er det veldig konkret og sterkt, seier Jørdre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Uavhengig av dette meiner begge at menneske kan møtast i å vere nysgjerrige.

– Eg trur evna til å vere det, er den største gåva menneske har fått. Dersom vi alltid vender oss bakover, risikerer vi å gløyme evna til å vere nysgjerrige, seier ho.

– Er noko av grunnen til at bedehuskulturen smuldrar eller har stoppa litt opp at ein har gløymt å vere nysgjerrig, undrast Olsen S.

KVINTETT: Rikke Lina Sorell Matthiesen er ein av fem medlemer i Tabula Rasa.

Respekt for eldre

Samstundes minnest Olsen S. at bestemora hadde ein himmellengt som ho saknar i eit meir fragmentert samfunn.

Begge erfarar at bedehuskulturen har stått for ein idealisme, ein truskap og eit engasjement som dei har stor respekt for. Derfor vil dei formidle inntrykk frå tradisjonen til generasjonar som ikkje har opplevd han sjølve.

– Eg håper også at den eldre generasjonen, opplever at vi tek noko som har vore viktig for dei, på alvor, seier Jørdre.

Dei ser bedehuskulturen som eit spennande historisk fenomen, men saknar at det vert gjort meir for å ta vare på han.

Snakka ihel

– Somme vil reagere på at de lagar framsyning rundt det dei held som heilagt. Korleis reflekterer de over dette?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det mest heilage av alt er lyttinga, seier Else Olsen S.

Jørdre trur ei slik framsyning kan appellere til sider ved det menneskelege som ein elles ikkje så lett kjem i kontakt med

– Noko har ein kanskje snakka litt ihel på bedehuset. Det kan vere fruktbart å opne for nye sanseinntrykk.

KJENDE SONGAR: Teksten til ein av Åge Samuelsens songar lyser frå overheaden under framsyninga.

Stal gaflar på bedehus

Eitt av instrumenta er preparert piano. Det inneber at ein stikk boltar, gummi eller pinnar inn mellom pianostrengene. Slik får ein fram spennande, utypiske og mystiske lydar i musikken.

Bedehusgaflar kan også nyttast.

– Eg har stole fleire på bedehus oppigjennom. No når eg er blitt vaksen, spør eg om lov, seier Else Olsen S.

Instrumentet har vore i utvikling sidan 1930-talet og vert brukt i moderne musikk. No altså også moderne musikk som skal framskape lyden av bedehus - saman med vaskefiller, klirrande koppar og vibrerande røyster.

«Bedehus-LAB»

Vokalensemblet Tabula Rasa: Rikke Lina Sorell Matthiesen, Sigrun Jørdre, Zsuzsa Zseni, Tord Kalvenes og Arild Rohde

Else Olsen S., komposisjon / preparert piano

Matias Askvik / Silje S Kise, scenografi

Silje S Kise, kostymedesign

Ingrid Askvik, regi

Stoppestader:

29. april kl 19: Tunes bedehus, Garnes

1. mai kl 19: Algrøy bedehus, Sotra

5. mai kl 19: Leirvik bedehus, Stord

6. mai kl 18: Hauge bedehus, Karmøy

11. mai kl 19: Heimly bedehus, Åsane

12. mai kl 19: Jon Fosses hus, Kvam

14. mai kl 15: Bdhuset, Breim

15. mai kl 15: Kaupanger bedehus

Bedehus-LAB er støtta av Kulturrådet, Fond for lyd og bilde, Fond for utøvende kunstnere, Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Morten Eide Pedersens minnefond og Komponistforeningen.