BØNN: Tru og bøn kan forlenge livet, viser ei grundig undersøking gjort av psykiatriprofessor Harold G. Koenig.

Religiøse er gladare og lever lenger

Sterkt truande menneske er meir lukkelege, får færre hjartesjukdomar og lever sunnare og lengre enn andre. Det viser ei stor internasjonal undersøking.

Psykiatriprofessor Harold G. Koenig har over fleire år analysert i alt 2.500 studier i medisinske databasar og faglege artiklar. Koenig, som har grunnlagt The Senter for Spirituality, Theology and Health på Duke University i USA, er ein av dei fremste forskarane i verda på samanhengen mellom tru og helse.- Mykje av forskinga viser at religiøse menneske har fleire sosiale kontaktar, færre negative og fleire positive kjensler enn andre. Og religion kan vere årsaka til at dei har det bra, seier Koenig, i følgje videnskap.dk. Svært religiøse menneske - dei som til dømes ber dagleg og går i kyrkja minst ein gong i veka - lever sunnare, er mindre depressive og dør sjeldnare av hjarte-karssjukdomar enn andre menneske. Det at dei er friskare og gladare kan kanskje skuldast at religiøse generelt lever sunnare både psykisk og fysisk.
  På det psykiske planet viser Koenigs metaundersøking at religiøse opplever meir meining og formål med livet enn dei som ikkje har noko tru. Truande har meir håp, dei tilgir meir, og opplever større takksemd og kjærleik til medmenneska sine.
  - Det ser ut til at religion gir folk ein grunn til å leve. Heile 42 av 45 studiar konkluderer med at meir religiøse opplever større meining med livet enn dei som er mindre religiøse, konstaterer Koenig.
 På det fysiske plan viser undersøkinga at religiøse menneske røykjer mindre, drikk mindre, mosjonerer meir og har eit betre immunforsvar - målt ved blant anna proteinet Interleukin-6 (IL-6). Religiøse har dessutan mindre risiko for høgt blodtrykk og hjarte-karsjukdomar. Les mer ividenskap.dk. her