Påskestemning vest i havet

Gløym skipåske og fjellpåske. Bli med på øypåske på Fedje der vårblomane trassar vinterkulda.

Snøen er en­de­leg borte.

Medan vin­te­ren heldt sitt grep over inn­lan­det, har våren be­gynt å vinne fram på vesleFedje, ein øy­kom­mu­ne heilt vest i Nord­hord­land.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I ha­ga­ne veks kro­kus og snø­klok­ker, sjølv om jorda fram­leis er små­fro­sen.

Den el­lers så vêrhar­de øya er vel­sig­na med klårvêr og sol frå mor­gon til kveld.

Finn du deg ein krok i le for den litt kalde trek­ken, kan du kjen­ne sola var­mar krop­pen.

Og la stil­la og fre­den roe sin­net.