Eli Schiøtz: Offiser og krigsfange - Fra oberst Johannes Schiøtz' dagbok.

Offiserar var ikkje som folk flest

Nei, offiserar var ikkje som folk flest. Dei tyske okkupantane viste dei sjølvsagt ein viss respekt. Og ikkje kan det løynast at mange i den norske offisersstanden såg opp til det som «lov og orden» på kort tid gjorde med det tyske riket.

Like fullt er det mellom dei militære at dei mest framståande motstandsmennene stig fram. Og av dei som ikkje stakk til skogs og ikkje rømde til Sverige eller England, var det om lag 1150 offiserar som vart arresterte, og som via fangeleiren på Grini seinare vart sende til Tyskland.

«Offser og krigsfange» er ført i pennen av Eli Schiøtz, og byggjer på dagsboknotatar frå grandonkelen hennar. Dei har tidlegare ikkje har vore kjende, og gjev oss eit perspektiv på krigshendingane som nok er ukjent for dei fleste.

Det kan ikkje vera lett å skriva ei slik bok. For sjangeren «dagbok», som i utgangspunktet må vera nokså nøktern, er her i tillegg prega av ein offisers og gentlemanns noko reserverte framstilling. Det er understatements nok, må vite. Men obersten stig ikkje heilt tydeleg fram for oss. Boka får liv når vi ein sjeldan gang får innsyn i interne drøftingar mellom fangane, der haldninga til okkupantane dermed indirekte vert eit tema.

Kanskje oberst Schiøtz simpelthen er litt smålåten når han ikkje framstiller vilkåra i fangeleirane verre? For det låg ikkje til slike å klynka og klaga. Dei fekk også regelmessig brev og post til og frå Norge. På – men oftast mellom – linene merkar vi uroa for dei der heime.

Fredsvåren vart ei tvetydig oppleving for mange i denne gruppa av krigsoffer. Forfattaren meir enn antydar at dei ikkje fekk den oppreisinga dei fortente då krigen var slutt.

Med denne boka er det gitt eit nødvendig tilskot til kunnskapen om den andre verdskrigen.

Egil Morland