Noregs verdiar til debatt i Høgre

Dagen.no overfører talar og debattar ved Høgres landsmøte denne helga.

1000 delegatar samlast denne helga til Høgres landsmøte på Gardermoen, kalla Mulighetskonferansen. Følg talane og debattane i den direkte videooverføringa her på dagen.no.

Sjå program nedst i saka.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Laurdag står mellom anna Noregs tryggleik, Noregs verdiar og norske interesser i ei utrygg verd på programmet. Det skjer rett etter utdeling av Sjur Lindebrækkes pris for demokrati og menneskerettar.

Landsmøtet skal dei ta for seg88 forslag til resolusjonar. Berre to av dei dreier seg om familiepolitikk: Telemark Høyre forslår å seie nei til å fjerne barnetrygda, men samtidig vere open for å diskutere ei annleis innretning enn i dag. Høgres studentar føreslår å heve eingangsstønaden for gravide til 1 G. I dag er støtta på halve summen.

Temaet som har hausta flest resolusjonsforslag er utanriks og forsvar. Vidare er mange Høgre-folk opptekne av utdanning, arbeids- og næringsliv, helse og omsorg, kommune og forvaltning.

Elles står helse, arbeidsplassar, det grøne skiftet, kunnskap og skule og «utanforskapet» på dagsordenen.

Les også:I fjor droppa Høgre heile asylsaka.

For og mot hijab

Religiøse hovudplagg i skulen er eit av temaa i samband med integrering av innvandrarar.

Nord-Trøndelag Høgre føreslår å «skjerme» barn i grunnskulen frå å bruke hijab fordi det begrensar barna i å «ta del i de rettigheter som vårt samfunn hegner om (...) som likestilling og menneskerettigheter», skriv fylkeslaget.

Grong Høgre er opptekne av å avgrense innvandringa frå ikkje-vestlege land utan demokratiske tradisjonar, så innvandringa ikkje «undergraver vårt demokrati med sentrale verdier som ytringsfrihet og likestilling mellom kjønnene».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Oslo Høgre understrekar at Noreg skal gi vern til forfølgde menneske, men hjelpe dei til eit nytt liv i Noreg med arbeid og integrering. Dei tek til orde for å skape ein «velkomstkultur, hvor frivilligheten og sivilsamfunnet spiller en større rolle». Dei vil halde fast på dagens praksis med religiøse hovudplagg.

Programmet

Fredag:

Kl. 12.00: Partileiar Erna Solberg talar.

Kl. 15.00: Statsråd Torbjørn Røe Isaksen ønskjer velkommen. Så er det debatt ominnvandring og integrering. Stortingsrepresentant Mudassar Kapur innleiar.

Kl. 16.30 er det pause før det blir debatt omhelse med innleiing ved stortingsrepresentant Tone Trøen og statsråd Bent Høie.

kl. 18.15-19.15: landsmøteforhandlingar.

Laurdag:

Kl. 09.00: Politisk debatt omarbeidsplassar med innleiing av statsrådane Anniken Hauglie og Monica Mæland.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Deretter debatt om det grøne skiftet, klima og samferdsel ved stortingsrepresentant Nikolai Astrup.

Kl. 11.30: Landsmøteforhandlingar

Kl. 13.30: Debatt omNoregs tryggleik, Noregs verdiar og norske interesser i ei utrygg verd. Lindebrækkeprisen delast ut.

Kl. 16.00-17.30: Landsmøte forhandlingar

Søndag

Kl. 09.00: Debatt omutanforskapet. Stortingsrepresentant Stefan Hegglund innleiar.

Deretter debatt omkunnskap ogskule leia av stortingsrepresentant Kristin Vinje.