Meiner sexkjøp, cannabis og aktiv dødshjelp bør vere lovleg

- Men­nes­ke er fødd fritt og har sjølv­sten­dig verdi.

I går lan­ser­te Venst­re-po­li­ti­kar Svein­ung Rote­vatn si førs­te bok «Li­be­ra­lis­me på norsk», der han legg fram sine syns­punkt på ei rekke saker, fun­dert på li­be­ra­le grunn­ver­di­ar.

- Men­nes­ke er fødd fritt og har sjølv­sten­dig verdi. Det har rett til liv, yt­rings­fri­dom, ei­ge­dom og pri­vat­liv, sa Rote­vatn under ein dis­ku­sjon om boka på tanke­smia Ci­vi­tas fru­kost­møte i Oslo.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Jour­na­list Kje­til Wiedswang i Da­gens Næ­rings­liv kalla boka eit ma­ni­fest for Rote­vatns mei­nin­gar. Sjølv kal­lar for­fat­ta­ren det ei de­batt­bok, som han vonar vil in­spi­re­re og ir­ri­te­re.

Til­la­te det ein mis­li­kar

I boka skriv den tid­le­ga­re leia­ren for Unge Venst­re at han vil opne for å inn­føre sur­ro­ga­ti, egg­do­na­sjon, tvil­lin­ga­bort, can­na­bis, aktiv døds­hjelp og sex­kjøp. Rote­vatn vil ha eit dras­tisk skil­je mel­lom stat og kyr­kje, og vil skule­guds­te­nes­ter og mo­nar­ki­et til livs. For å nemne noko.

Over­for Dagen un­der­stre­kar stor­tings­re­pre­sen­tan­ten at han ikkje sjølv ville ha nytta seg av alt saman der­som det blei lov­leg.

- Eg har aldri brukt nar­ko­ti­ka, aldri røykt ein si­ga­rett ein gong. Det betyr ikkje at eg vil forby to­bakk. Som li­be­ra­lar for­sø­ker eg å skil­je mel­lom det eg mis­li­ker og det eg vil forby. Det som di­rek­te ska­dar andre men­nes­ke og andre men­nes­kes fri­dom, bør vere for­bo­de, seier Rote­vatn.

Færre reg­lar

Han sy­nast det er spen­nan­de å ikkje skug­ge unna verdi­de­bat­tar og liv/død-spørs­mål, sjølv om det er vans­ke­le­ge saker.

- Eg prø­ver å finne fram til ei ten­king som legg vekt på om­sy­net til in­di­vi­det, og som kan vere kon­se­kvent. Eg er opp­te­ken av at en­kelt­in­di­vi­det må kunne ta eit in­for­mert val sjølv om det kan ha ne­ga­ti­ve kon­se­kven­sar for den ein­skil­de.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi­da­re mei­nar Rote­vatn at sta­ten ikkje skal stå for for­val­ting av mo­ra­len.

- Det er ikkje slik at all moral må inn i straffe­lova. Eg er litt redd for at om vår etikk og moral skal lov­fes­tast og gjel­de for alle, så mis­ter ein kan­skje det mo­rals­ke an­sva­ret som bor­ga­rar og si­vil­sam­funn sjølv har til å ta stil­ling til etis­ke spørs­mål.

- Vil du ha mo­ra­len ut av lov­ver­ket?

- Nei, men eg vil ha pa­ter­na­lis­me ut av lov­ver­ket, det at du skal lov­re­gu­le­re noko fordi du mei­ner det er bra for andre, sjølv om det ikkje går ut over andre. Det hand­lar om gren­se­ne for sta­ten. Men å ta val som berre går ut­over meg sjølv eller er til glede for meg sjølv, det må eg kunne gjere.

Rus­pro­ble­met

Rote­vatn pei­kar på at mange for­bod ikkje har vist seg å fun­ge­re så godt, som at sex­kjøps­lo­ven ikkje har stan­sa pro­sti­tu­sjon. Han manar folk til å er­kjen­ne at po­li­tikk har sine gren­ser.

- Men til dømes det å vere av­hen­gig av nar­ko­ti­ka vil jo skade både ein sjølv og men­nes­ke rundt ein?

- Ja, det same gjeld al­ko­hol, to­bakk og usunn livs­stil. Vi kan ikkje bruke det som ei prin­si­pi­ell gren­se, at folk vil opp­le­ve and­res val som ube­ha­ge­le­ge. Det må gå di­rek­te ut over dei. Ak­ku­rat rus­mis­bruk inn­ser eg at er eit kjempe­pro­blem som sam­fun­net har an­svar for å hind­re. Men så er spørs­må­let om det vi har gjort i Noreg har fun­gert, når vi har dei hø­gas­te over­dose­tala i Euro­pa, seier Rote­vatn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Men ein kan ikkje berre gjere ting lov­leg fordi for­bod ikkje har fun­gert?

- Ein kan i alle fall ikkje forby ting av prin­sipp sjølv om for­bo­det ikkje fun­ge­rer.

Vans­ke­leg bio­e­tikk

- Mange for­bod har gjer­ne grunn­lag i kris­ten etikk eller kon­ser­va­tis­me. Ønskjer du med ditt se­ku­læ­re ut­gangs­punkt å kaste den krist­ne arven på båten?

- Nei, slett ikkje. Eg har stor re­spekt for re­li­gion og for folk med re­li­giøs over­ty­ding. Eg kjen­ner mange krist­ne og mus­li­mar som er samd med meg i mykje av dette, og som mei­ner at det er re­li­gion, si­vil­sam­funn og den en­kel­te si opp­gå­ve å iva­re­ta etik­ken. Sta­ten skal sør­gje for at folk ikkje gjer ting som går ut­over andre. Vi må skil­je mel­lom re­li­gion og stat.

- Kor langt mei­ner du at vi kan strek­ke verdi­gren­sa innan bio­e­tikk?

- Bio­e­tikk er krev­jan­de. Det er ikkje krev­jan­de at folk skal ta val på veg­ner av seg sjøl­ve, men eg er ikkje nød­ven­dig­vis for gen­ma­ni­pu­le­ring. Då be­gyn­ner ein å snak­ke om ting som kan få gans­ke vidt­rek­kjan­de kon­se­kven­sar fram­over for andre, eit om­rå­de vi skal trå vel­dig for­sik­tig på. Men vi er nøyd­de til å ta dis­ku­sjo­nen av di tek­no­lo­gi­en pres­sar han fram.

Ikkje skri­ve i stein

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Er du for eller mot tvil­lin­ga­bort, så­kal­la fos­ter­re­duk­sjon?

- Det er eg for. Viss du blir gra­vid to gan­gar og abor­te­rer eine gon­gen, men fødar den andre, skjø­nar eg ikkje kvi­for dette skal vere meir etisk rik­tig enn det å bli gra­vid med tvil­lin­gar, abor­te­re den eine, men føde den andre. Så trur eg at al­ter­na­ti­vet er at ikkje alle barna blir fødd, men at alle barna blir abor­tert, der­som du ikkje tillét fos­ter­re­duk­sjon.

Parti­kol­le­ga Abid Raja er usamd med Rote­vatn i flei­re spørs­mål, men mei­ner det er pris­ver­dig at han skriv om vans­ke­le­ge emne og bi­dreg til ny de­batt om verdi­spørs­mål.

- Det er ingen stand­punkt som står til evig tid. Alle stand­punkt må tole å bli ut­ford­ra og de­bat­tert. Og sjølv om mange parti har landa dette i sine re­spek­ti­ve stor­tings­val­pro­gram for in­ne­ve­ran­de stor­tings­pe­rio­de, er in­gen­ting skri­ve i stein, seier Raja til Dagen.

DAGEN

Liberalisme

Liberalismen er ein politisk ideologi med vekt på individuell fridom og menneskes sjølvstendige verdi.

Ved liberalisering i samfunnslivet blir ofte offentlege restriksjonar, inngrep, reguleringar, sensurtiltak og så vidare teke bort.

Les også
Ap: - Aldri aktiv dødshjelp i NorgeHøringsnotatetAktiv dødshjelp: Eutanasi eller legeassistert selvmord. Også kalt barmhjertighetsdrap.
Les også
Staten: - Tvillingabort er lovleg
Les også
KrF vil slåss for å beholde forbud mot sexkjøp