Kyrkjetvil på bedehuset

Den uvanleg tette relasjonen mellom kyrkje og bedehus i Øygarden blir sett på prøve av Kyrkjemøtets vedtak om vigselsliturgi.

Det er torsdag kveld. Rundt 60 menneske er samla i Vik bedehus for å høyreRolf Kjøde iEvangelisk Luthersk Nettverk og sokneprest Espen Tveten snakke om kyrkjesituasjonen. Berre to dagar tidlegare har forsamlinga hatt besøk av tidlegare Dagen-redaktørJohannes Kleppa, som har snakka om same sak.

– Vi ber om at det vert halde ein god tone midt i det som kan vere vanskeleg, seier formannAndreas Evensen då han ønskjer velkomen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han påpeikar at mange i bedehusforsamlinga har ei sterk tilknyting til kyrkja.

Stort ungdomsarbeid

I mange år har kyrkja i Øygarden samarbeidd medNorsk Luthersk Misjonssamband om eit team med fire unge menneske som står sentralt i eit stort og vitalt kristent ungdomsarbeid.

– Tilknyting og kjensler skal vi ta på alvor, understrekar Evensen, som sjølv er tilsett iMidthordland Indremisjon.Indremisjonsforbundet står sterkt i Øygarden og har mange fotfolk i denne forsamlinga.

Arvegods

«Ordet um krossen er ei Guds kraft». I glas og ramme forkynner sitatet frå 1. Korintarbrev kjernebodskapen i vekkingskristendomen frå sideveggen i møtesalen. Forsamlinga syng «Guds ord det er vårt arvegods» før Rolf Kjøde entrar talarstolen.

– Desse kampane som vi står i, handlar om sanninga i Guds ord. Det er ein åndskamp, seier Kjøde om vigselsstriden.

Hjelp og mot

Frå kyrkjemøtet i Trondheim formidlar Kjøde ferske inntrykk av korleis han opplevde kampen der.

– Eg ønskjer ikkje å reise rundt som ein meiningsmaskin, men gi åndeleg hjelp og mot, poengterer den tidlegare generalsekretæren iNormisjon.

I det siste har han stått i spissen for eit opprop mot vigsel av samkjønna par. Det har fått tilslutnad frå 267 prestar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han viser til at kampen om synet på samkjønna samliv også står i andre kyrkjer i Vesten og meiner det djupast sett står om forståinga av evangeliet.

Avviser nederlag

Framover meiner Kjøde det er tre saker som vert avgjerande for dei som står for den klassiske forståinga på ekteskapet og ikkje ser rom for kompromiss. Den første er å plante nye kyrkjelydar og gudstenestefellesskap. Den andre er arbeid for å sikre den tradisjonelle læra livsrom i Den norske kyrkja. Den tredje er å byggje nettverk mellom dei som står for denne læra, på tvers av kyrkjesamfunn.

– Når eg reiser rundt, får eg eit inntrykk av at mange tenkjer vi er på taparlaget, at vi er i ferd med å bli utsletta, seier han.

Det kan han ikkje vere med på.

– Vi er ikkje åleine, vi er mange! Og globalt er det dei fråfalne kyrkjene som er marginale, seier han.

Kyrkjerelasjon

I kaffipausen forsyner folk seg med is, kjeks og fruktsalat. Praten går rundt småborda. Sjølv om fleirtalet i forsamlinga truleg er minst midtvegs i livet, er det også ein god del unge vaksne og to babyar til stades.

Nokre småbarnsmødrer ved eit av borda fortel at det er bedehuset som er den primære forsamlinga deira, men at forholdet til kyrkja også er viktig.

– Ein stor del av ungdomane i Øygarden er med i ungdomsarbeidet, seier Anne Kari Vik.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho trur samarbeidet med kyrkja har vore viktig for at ein når så mange.

Rom for alle

Kontaktflata er også eit viktig poeng for sokneprest Espen Tveten. Han får ordet når pausen er over. Sett frå utsida forstår han at det kan vere vanskeleg å fatte kvifor kyrkja bruker så mykje krefter på samlivsspørsmål og innføring av ein seremoni som vil vare ein halvtime. Men han påpeikar at spørsmålet dreiar seg om meir enn berre ein seremoni. Han nemner synet på Bibelen, ekteskapet og barns rettar. Samstundes erkjenner han at haldningane til den nye liturgien vil variere hos dei som kjem til gudsteneste.

– I kyrkjebenkene vil det vere dei som er imot, for og usikre. Det må vere plass til alle, seier Tveten.

Handlingsrom

Soknepresten framhevar at han ikkje kan forsvare kompromisset som vart vedteke avKyrkjemøtet.

– Men eg meiner handlingsromet for å vere i kyrkja framleis er der, seier han.

Tveten sluttar seg til Dagen-redaktørVebjørn Selbekks ord om at det ikkje vert meir konservativ teologi i kyrkja dersom ein trekkjer seg ut.

Tek meir tid

Nyleg opplevde han, som fleire andre av dei 267 prestane som har signert oppropet mot vigselsliturgi, å få dette stort slått opp i lokalavisa. Det utløyste kritiske spørsmål frå konfirmantar. Dei lurte på korleis han kunne meine dette og kva han hadde tenkt dersom han sjølv var homofil.

Soknepresten opplever at ein i dag må ta meir tid enn tidleg­are for at unge menneske kan forstå og bli glade i Bibelen. Erfaringa hans er at ungdom ikkje berre adopterer sentralt trusinnhald utan forklaring og gyldige 
argument.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det er viktig at vi ikkje mister fokus. Vi har framleis mogelegheiter, seier han.

To religionar

Spørsmåla frå salen etterpå sveipar innom alt frå gravferdsrettar for folk som melder seg ut avDen norske kyrkja, til om brudepar heretter kan velje kva liturgi dei vil ha.

Morten Torsvik har sjølv arbeidd som prest i mange år. Han påpeikar at det er mange spørsmål som er uavklarte ved å melde seg ut av Den norske kyrkja, men meiner det er viktig å forstå at dette er eit spørsmål om samvit og ikkje berre ein protestaksjon.

– Eigentleg er det to ulike religionar eller religionsforståingar som ligg til grunn for usemja om ekteskapet, meiner han.

Kona hans, Ingrid Torsvik, er sterkt skuffa over biskopHalvor Nordhaug.

– På ein måte har han sparka beina under det klassiske synet på ekteskapet, seier ho.

Bispestøtte

KyrkjelydspedagogHogne Berland har røtene sine i bedehusland. Han har teke kontakt med Nordhaug for å forsikre seg om at han framleis kan formidle det klassiske synet. Svaret var positivt, men likevel er han uroleg.

– Eg er usamd i vedtaket og skuffa over biskopane, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tel på knappane

«Gjør meg villig, varm og våken. Kjære Jesus, led meg frem», syng forsamlinga mot slutten.

Ingrid Torsvik er spent på kvar vegen går vidare.

– Eg har ingen bedehusbakgrunn, men har vakse opp i kyrkja, seier ho til Dagen i etterkant av møtet.

I mange år har ho vore engasjert for den forfølgde kyrkja. Der opplever ho ein glød og eit klarsyn som ho saknar hos biskopane.

– Eg synest det er trist å gi frå oss kyrkja, seier ho.

Hogne Berland tel på knappane som kyrkjelydspedagog, men vil halde fram inntil vidare.

– Vi når mange og kan forkynne det vi vil, seier Berland.