Kristne vekeaviser opp, kristne dagsaviser ned

Opplaget til Korsets Seier og Norge Idag gjekk fram i fjor. Dagen og Vårt Land gjekk tilbake. Dagen-direktør Christer Skoge lovar offensiv satsing på sal.

Tenden­sen i medie­mark­na­den er at di­gi­ta­le platt­for­mer veks medan pa­pir­ut­gå­ver går til­ba­ke. Tala som vart lagde fram av Medie­be­drif­te­nes lands­for­bund i går, viser at nett­ut­gå­ve­ne veks med 5,5 pro­sent, medan det to­ta­le opp­la­get til nors­ke dags­avi­ser går ned med 4,4 pro­sent.

Fram­leis les 69 pro­sent av det nors­ke folk ei dags­avis på papir ein van­leg veke­dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Flei­re på nett

Medan ty­pis­ke laus­salsavi­ser som VG og Dag­bla­det opp­le­ver størst til­bake­gang, går dei så­kal­la ni­sje­avi­se­ne to­talt sett litt fram. Klasse­kam­pen er li­ke­vel den ein­as­te av dags­avi­se­ne i denne ka­te­go­ri­en som aukar opp­la­get (sjå fakta­boks).

Dagen fekk i fjor eit god­kjent opp­lag på 10.352, som er ein til­bake­gang på 473. Det gir avisa eit dag­leg le­sar­tal på 23.000, mot 24.000 året før.

- Vi føl­gjer tren­den i mark­na­den, seier ad­mi­ni­stre­ran­de di­rek­tør Chris­ter Skoge.

Sam­stun­des på­pei­kar han at be­sø­ket på nett­si­de­ne har auka kraf­tig i året som gjekk, frå 7.000 til 12.000 dag­le­ge bru­ka­rar.

- Det gjer at vi to­talt sett når flei­re, seier han.

Spent på ramme­vil­kår

Veks­ten på nett har gitt betre sal av an­non­sar på denne platt­for­ma, men Skoge på­pei­kar at det fram­leis er ein veg å gå før det er mo­ge­leg å få slik sat­sing til å bere seg øko­no­misk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Vi ser på ulike løy­sin­gar. Det er vik­tig å lære av andre i mark­na­den som både har feila og lyk­kast med sine nett­sat­sin­gar, seier han.

Pa­pir­ut­gå­va vil fram­leis vere bere­bjel­ken, men di­rek­tø­ren er spent på kva ramme­vil­kår po­li­ti­ka­re­ne vil gi avi­se­ne fram­over. I alle fall er målet å auke abon­ne­ments­ta­let.

- Med hardt ar­beid trur vi det er mo­ge­leg. Vi har nett­opp ut­vi­da salsap­pa­ra­tet og opp­ret­ta nytt kon­tor på Hamar. Tren­den så langt i år er langt betre enn på same tid i fjor, seier Skoge.

Re­dak­tør Kari Fure un­der­stre­kar at til­bake­gan­gen er al­vor­leg, men mei­ner han er mind­re enn ein hadde grunn til å fryk­te.

- Vi trur det er mo­ge­leg å snu ut­vik­lin­ga. Tala på nett viser at vi har fått ut­tel­jing for sat­sin­ga vi har gjort der. Vi gler oss over mange po­si­ti­ve til­bake­mel­din­gar på avisa. Kom­bi­nert med ei of­fen­siv mar­kands­sat­sing trur vi det skal føre til at flei­re får augo opp for Dagen, seier Fure.

Den andre krist­ne dags­avi­sa, Vårt Land, har eit god­kjent opp­lag på 23.682, som er 789 mind­re enn året før. Sjef­re­dak­tør Helge Si­mon­nes skriv i ein nett­lei­ar at til­bake­gan­gen for tab­loid­avi­se­ne ikkje betyr at avis­bran­sjen ligg på sot­te­seng. Han mei­ner mykje tyder på at pub­li­kum vil ha pa­pir­avi­ser som til­byr djupne­stoff innan­for be­stem­te ni­sjer.

«Det disse avi­se­ne ikke tren­ger, er utål­mo­di­ge po­li­ti­ke­re som trek­ker lett­vin­te og gale kon­ku­sjo­ner ut fra det som skjer med tab­loid­avi­se­ne», skriv Si­mon­nes.

Dei krist­ne veke­avi­se­ne fekk ein opp­tur i fjor. Norge Idag enda på 11.202, ein opp­gang på 150.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Når avis­mark­na­den er prega av sterk til­bake­gang, så er vi vel­dig lyk­ke­le­ge over at vi held skan­sen og går lang­somt fram­over, seier re­dak­tør Bjar­te Yste­bø.

- Vi har vel­dig tru­fas­te le­sa­rar og ei po­si­tiv stem­ning rundt avisa, legg han til.

Veke­avi­sa til Pinserørs­la, Kor­sets Seier, går for et opp­lags­løft på 1.000 i løpet av det in­ne­ve­ran­de året, som Dagen for­tal­te om i går. Tala for fjor­året er i så måte opp­muntran­de.

Etter flei­re år med be­ty­de­leg til­bake­gang fekk Kor­sets Seier ein god­kjend fram­gang på 229 og har der­med eit opp­lag på 5.041.

Opplagstal for nisjeaviser

Vårt Land: 23.682 (-789)

Dagsavisen: 23.056 (-238)

Klassekampen: 17.648 (+1.295)

Nationen: 11.794 (-391)

Dagen: 10.352 (-473)

Morgenbladet: 29.337 (+732)

Dag og Tid: 9.582 (+450)

Korsets Seier: 5.041 (+229)

Norge Idag: 11.202 (+150)

Les også
Ut med avisene