NOKO NYTT: - Opp gjennom åra har ein gjerne tenkt at statskyrkja, den store folkekyrkja, var den beste ramma for frie misjonsorganisasjonar i kyrkja. Slik sett er dette standpunktet noko nytt, seier generalsekretær Karl Johan Hallaråker til Dagen.
@Kreditering:

ImF vil ha ei fri folkekyrkje

Indremisjonsforbundet meiner at Den norske kyrkja må lausrivast fullstendig frå staten. Gjønnes-fleirtalet si mellomløysing er ikkje god nok.

I høyringsfråsegna tilrår ImF det tredje alternativet frå Gjønnes-utvalet: Ei sjølvstendig folkekyrkje på lik linje med andre trus- og livssynssamfunn.

- Opp gjennom åra har ein gjerne tenkt at statskyrkja, den store folkekyrkja, var den beste ramma for frie misjonsorganisasjonar i kyrkja. Slik sett er dette standpunktet noko nytt, seier generalsekretær Karl Johan Hallaråker til Dagen.

I høyringsfråsegna legg ImF vekt på omsynet til kyrkja sin integritet og forankring i bibel og vedkjenning. Prinsippet om religionsfridom og likeverd mellom trus- og livssynssamfunn er også viktig. Eit tredje moment er korleis forholdet bør vere mellom ein demokratisk stat og ei kristen kyrkje.

- Det viktigste argumentet for eit skilje er at ei kyrkja bør ha forankring i bibel og vedkjenning, og at ho må vere bunden av Guds ord i lærespørsmål, seier Hallaråker.

ImF  er uroleg over at kyrkja sine organ og teologar brukar makt til å tillate lærepluralisme, samstundes som dei brukar makt for å einsrette detaljar i ordningsspørsmål.



Staten krenkar kyrkja

- Det er ikkje umogleg med ei vidare statskyrkje, men vi har sett at staten har krenka kyrkja sin integritet. Og signala framover er av ein litt uhøyrt karakter. I  prosessen der regjeringa ber om høyring, er det regjeringsmedlemer som kjem med sterke utfall både når det gjeld konklusjonen og med åtak på konservative i kyrkja, seier Hallaråker.

Han har stor forståing for fleirtalet i Gjønnes-utvalet som går inn for ei lovforankra folkekyrkje, fordi mange vil sjå dette som ein mellomstasjon.



Må ikkje få gripe inn

- Men det er tydeleg for oss at det er sterke veikskapar i dette alternativet. Dersom politikarane ikkje får ei sperre mot returrett til å gripe inn overfor lære- og personalspørsmål, då er dette ei løysing som er er meir vilkårleg enn å ha grunnlova sitt filter, seier generalsekretæren.

Fråsegna kommenterer at kyrkjeleg statsråd er utpeika av berre ein person, statsministeren. Han er i dag heller ikkje medlem i kyrkja.

- Nokre hevdar at kyrkjeleg statsråd er bygt på større demokrati enn kyrkjevala. Det er etter vår vurdering å snu saka på hovudet, seier Hallaråker.



Kyrkja som motkultur

ImF seier at ei folkekyrkje som svekker sitt eige læregrunnlag i Bibelen og i vedkjenninga, og som lar vilkårlege politiske og mediestyrte meiningar styre kyrkja, undergrev sitt eige trusgrunnlag.

- Ei kyrkje skal vere ein motkultur i ei sekulær og multireligiøs verd. Det er viktig for kyrkja, men også for staten og samfunnet, seier Hallaråker.

ImF understrekar at den beste måten å sikre ei landsdekkande folkekyrkje på, er å gje trus- og livssynssamfunn gode livsvilkår. Ei medlemsavgift gjer det vanskelegare å nå målet, og kan få negative konsekvensar for heile frivillig sektor.

- Samfunnets verdigrunnlag bør gje kristendomen prioritert plass, både ut frå eit historisk grunnlag og ut frå tanken i to-regimentslæra. Den kristne forankringa er ein garanti for at dei kristne verdiane har ein plass i samfunnet, men også ein garanti for at religions- og livssynsfridomen kan vere reell for ulike grupper, seier Hallaråker.


Dagen