VETERANER: Theodor Dal, Halvor Draugedal, Knut Hübenbecher og Karl Caspersen er veteraner på Maran Ata-stevnet i Telemark.

Høyrt på Maran Ata-stemnet

På Maran Ata-stemnet i Telemark fortel fire eldre herrar om opplevingar med Jesus, kvarandre og om eit sjølvprodusert Israelskart.

Haukeliekspressen tek oss til Seljord, Telemark. På den tradisjonelle Dyrskueplassen – 5 minutters køyretur frå sentrum – står dei 129 båsane i Fjoset tomme. I staden har Maran Ata sitt sommarstemne etablert seg på Dyrsku'n. Ein mann introduserer seg. Han heiter Halvor Draugedal og er 72 år. Han har så brei telemark-dialekt at når han talar på møtene er det ein heil del som ikkje skjønar kva han seier. - Du må læra deg nynorsk, seier Halvor då. Ein tilhøyrar hadde ikkje skjønt kva eit «uthus» var for noko. Halvor skjemtar med at dei snart må til å omsetja det han seier til engelsk.

Halvor tek til å prata med Knut Hübenbecher (62), som er redaktør i Maran Ata-bladet, og leirsjef. Blant mange ting kjem dei inn på Jesu slektstavle. Heidningekvinna Rut og den prostituerte Rahab.

– Ja, slekta skjemmer ingen, seier Knut.

– Viss ikkje du skjemmer slekta, skyt Halvor inn.



Theodor Dal

Knut tek til å fortelja frå tida før han vart frelst, og det for fyrste gong kom nokon og vitna for han. Ein mann ved namn Theodor Dal.

– Det var i den tida eg var på Evjemoen på slutten av 60-talet. Eg og nokre andre sersjantar hadde ei lita utflukt ein stad utanfor Kristiansand. Me hadde noko sterkt i koppen som me sat og drakk. Med eitt kom det ein mann bort til oss, som heitte Theodor, og begynte på ein rolig måte å vitna for oss. Då vart det stille. Det eg merka meg med var at mannen virka så glad! Etterpå sa Theodor takk for seg, og gjekk vidare. Det brende seg fast, fortel Knut, som etter kvart vart frelst. Medan me står og preikar, kjem det ein mann med glade og lattermilde auge bort til oss. Det er Theodor Dal (72).



Heil utan rus

Han fortel at han ein gong han hadde vorte så fylt av Den Heilage Ande medan han kringkasta eit radioprogram. Han hadde begynt å le, og greidda ikkje å stogga på tre timar. Medan han var på lufta. Ved eit seinare høve hadde tatt toget, og observert fire ungdommar med ei mengd øl i sekken.

– Eg ville ikkje kjefta på dei. Men eg fortalte dei om den gongen eg hadde ledd i tre timar på direkten. Heilt utan rus!



Israelskartet

Til sist kjem eg også i prat med Karl Caspersen (74). Han har noko han vil visa meg i bilen sin. Ut av bagasjerommet dreg han fram to store A3-ark. Det syner seg å vera to kart. Eitt på engelsk og eitt på norsk, over stor-Israel. Desse distribuerer han i Israel når han er der for å forkynna.

– Kven har du fått dette kartet av?

– Av Herren, kan eg seia, med godt samvit, svarar Caspersen. Han har sjølv teikna inn grensene og dei ulike stammeområda som strekkjer seg langt inn i dagens Jordan, og med nitidig skrift teikna inn skriftstadene han har nytta. Så stort skulle landet som Herren gav til Israel vera.


DM