Foreslår elev-perm for julegudsteneste

Det har storma rundt skuleleiinga på Voss som tidlegare denne veka sette foten ned for julegudstenester. No leitar ein etter løysingar.

Både i mediene og lokalt påVoss har reaksjonane vore mange og sterke. No har representantar fråkyrkja og rektorane på Voss hatt fleire møter for å finne ordningar som kan vere spiselege for begge sider.

– Det er ikkje kyrkja si sak å meine noko om prosessen rundt vedtaket – dette må vere ei sak mellom skulen og foreldra. Likevel er det frå kyrkja si side svært beklageleg at den tradisjonelle gjennomføringa og organiseringa avskulegudstenester no fell bort, skriv Voss kyrkjelege fellesråd i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les: Ødelegger for flertallet

Permisjon

I pressemeldinga skisserer fellesrådet nokre moglege løysingar. Ei slik løysing er at kyrkja inviterer til gudstenester, og at dei foreldra som ønskjer det søkjer kontaktlærar om godkjent permisjon. Foreldra må då sjølv skysse borna til gudstenesta.

Det vert parallellt arbeidd med ei anna type julesamling i kyrkja, som ikkje er ei gudsteneste, og som dermed kan femnast av alle elevar.

– Ei slik løysing må vere fagleg forsvarleg både for kyrkja og skulane for at den skal kunne gjennomførast, understreker fellesrådet.

– Kyrkja har eit sterkt ynskje om å oppretthalde den gode dialogen med rektorane, og finne gode og varige løysingar i saka, der både kyrkja, skulen og foreldra/borna sine interesser er ivaretekne så langt det er mogleg, heiter det i pressemeldinga.

Les også:

 

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Innlegg avDagen.

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg avDagen.