TRENG TALE: Pater Haavar Simon Nilsen etterlyser klår tale frå biskop Bernt I. Eidsvig (biletet) i medlemsrotsaka.

Etterlyser klår tale frå biskop Eidsvig

Pater Haavar Simon Nilsen saknar biskopens pastorale røyst i staden for kommunikasjonsbyrået som Oslo katolske bispedøme har hyra inn i medlemsrotsaka.

Dominikanermunk Haavar Simon Nilsen.

Han meiner mellom anna at trongen til informasjon slett ikkje er dekt. Heller ikkje han som prest, veit mykje. Det gjer ofte jobben hans som sjelesørgjar vanskeleg.

– Sanninga er at eg veit like mykje som ein gjengs katolikk i Arendal eller Levanger, skriv han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nilsen er berre ei av fleire katolske røyster som har kritisert si eiga leiing dei siste dagane. 10. mars gjekk nonna Anne Bente Hadland ut i avisa Vårt Land og sa at både biskop Bernt Eidsvig og økonomisjefen i Oslo katolske bispedøme lyt suspenderast etter handsaminga av medlemsrotsaka. Det sa ho etter eit rundskriv frå leiinga der ho oppfatta at ho blei beden om ikkje uttale seg til media om medlemsrotet.

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs);}(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

Hyra konsulentbyrå

Oslo katolske bispedømme informerte 3. mars om at dei hadde hanka inn kommunikasjonsbyrået Geelmuyden Kiese for å få hjelp i arbeidet med å ta hand om informasjonsarbeidet.

Nilsen tykkjer ikkje at dette har gitt gode resultat.

Bruken av byrået vart begrunna i det store informasjonsbehovet og at fleire av bispedømmet sine eigne informasjonsfolk var sjukmelde.

Pater Nilsen meiner Den katolske kyrkja heller kunne ha teke i bruk det apparatet dei faktisk har for å ta hand om kriser av dette slaget.

– I krisesituasjonar har kyrkja normalt eit apparat som skal gripe inn og avlaste bispedømet si leiing. Generalvikaren og Konsultorkollegiet står nært knytt til biskopen, saman med staben. I staden for å bruke desse administrative rollene og organa på aktivt vis, har ein tatt inn kommunikasjonsbyrået Geelmuyden Kiese for å handtere mediapresset, samstundes med at ein har engasjert ein ekstern administrativ leiar for bispekontoret, peiker han på.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Omdømesak?

Han meiner dei organa som er oppretta for slikt arbeid, «ser ut til å ha vorte plassert på sidelina.»

– Igjen står kyrkjefolket undrande og ventar på forklaringar. Kvifor vert løysingar mynta på næringslivet, knytte til indrekyrkjelege forhold? Mange sit att med inntrykk av at bispedømet har hamna i ei krise der ein forsøker å bygge opp att omdømet ved hjelp av næringslivsmetodar, skriv Nilsen som legg vekt på at kyrkja er noko heilt anna enn ei bedrift.

– Biskopen er ikkje konsernleiar, men hyrde for flokken – ein flokk som ventar på ei pastoral røyst som kan forklare kvifor desse grepa er gjort, skriv Nilsen.

– Uvisse

– Den manglande formidlinga skapar unødig uvisse både innover i Kyrkja sine rekker og utover i media, og manifesterar seg i kraftige mediautspel i båe leirar, skriv han vidare.

Han sit med ei kjensle av at informasjon vert halden tilbake. Dette meiner han skaper «eit usunt vakuum som nører opp under frustrasjon, tvil og mistankar.»

I dette vakumet er folk avhengige av ei underinformert dagspresse og lausrivne rykte, meiner Nilsen som legg eit særskilt ansvar på biskop Bernt Eidsvig i denne stoda.

– I tider der mange rykte flaumar fritt, er det viktig og frigjerande å få tydeleg informasjon. Dette gjeld både for katolikkar og media, skriv han og listar opp nokre sentrale spørsmål han meiner det er viktig å få svar på.

Respekterer biskopen

Nilsen strekar under at han har stor respekt for biskopen og medarbeidarane hans. Målet hans er ikkje å legge stein til børa for biskopen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Når eg likevel etterlyser tydeleg tale frå biskopen, er det av di stilla som til no har rådd grunnen, skapar grobotn for mange spekulasjonar, spekulasjonar som kanskje kunne vore unngått ved meir open dialog til omgjevnadane, skriv Nilsen.

Han kjenner det tungt stadig å skulle freiste å dempe flaumen av rykter.

– Kan hende finst det gode grunnar for at me ikkje har høyrd biskopen si røyst i denne tida. Om så er, håpar eg i det minste dette vert gjeven ei forklaring, slik at spekulasjonane som florerer ikkje driv fram endå meir liding for dei involverte og for kyrkja som heilskap, skriv dominikanar-pateren.

– Siktinga endra alt

Fungerande administrasjonsleier Lisa Wade i Oslo katolske bispedøme peiker på at det ligg føre tre siktingar i saka og at alt vart endra med det.

– Biskopen kommuniserte både internt og utad heilt fram til han var sikta, men då det vart ei politisak av det, vart det heilt annleis. Då blir ein råda til ikkje å snakke om si eiga sak i pressa, seier ho til Dagen.

Wade peiker på at biskopen likevel har kommunisert med «dei truande» og at bispedømet har informert jamnt via nettstaden sin. Prestar er også kalla inn til informasjonsmøte.

Når det gjeld pater Haavar Simon Nilsen, så høyrer han til dominikanarane sitt ordenssamfunn, og han sorterer derfor ikkje under biskopen.

Elles skal bispedømet ha pressekonferanse måndag i samband med svaret sitt til Fylkesmannen i Oslo og Akershus. Bispedømet legg vekt på å svare korrekt på Fylkesmannen sitt pålegg og at informasjonen som går ut er så rett som råd er.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Katolsk medlemsrot

Oslo katolske bispedømme (OKB) er meld til politiet av Fylkesmannen for bedrageri. Biskop Bernt Eidsvig er sikta saman med økonomisjef Cong Thuan Pham.

Grunna stor arbeidsinnvandring frå land med stort katolsk fleirtal er talet på katolikkar i Norge nesten tredobla og er no på over 140.000.

For å få mest mulig statstilskot førde OKB opp medlemer frå katolske land som ikkje var katolikkar. Trass vedtak om at ordninga skulle ta slutt, blei den ikkje endra.

Les også
Oslo katolske bispedømme med ny rapport
Les også
Bedragerisiktet biskop tilbake i jobb
Les også
Katolsk Ekman taler i norsk pinsemenighetJesus Church
Les også
Pinseskepsis til «pavens predikant»Cantalamessa
Les også
– Medlemslistesaken er ulikt alt annet