Endeleg påverknad igjen

Den saka som har fått mest merksemd siden valet, er jo nettopp ei sak som ikkje ville vore tema utan KrF. Den ville vore fullstendig uaktuell. Reservasjonsmulighet for fastlegar burde eigentleg vore ei lita sak, skriv Pål Kårbø

Vi har en spa­nan­de haust bak oss. KrF fekk i grunn ikkje så mykje hø­ga­re opp­slut­ning, men vi fekk en­de­leg på­verk­nad på po­li­tik­ken igjen. Det var uan­sett godt å stop­pa den nedad­gå­an­de tren­den.

Etter åtte år med ei raud­grøn re­gje­ring, som aldri tok hen­syn til Stor­tin­get, må da­gens re­gje­ring til Stor­tin­get med alle saker for å snak­ka med KrF og Venst­re.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den sam­ar­beids­av­ta­len Knut Arild og dei to andre fekk på plass, er svært, svært god. Eg må inn­røm­ma at eg hadde aldri trudd på ein så god av­ta­le. Vi fekk på plass auka kon­tant­støt­te, meir val­fri­dom og flek­si­bi­li­tet.

Vi stop­pa reisa mot sor­te­rings­sam­fun­net. Vi har vunne Lo­fo­ten og Ves­ter­ålen. Ho­ved­lin­je­ne i ein an­svar­lig norsk al­ko­hol­po­li­tikk held fram sjølv med blå­blå re­gje­ring.

Den saka som har fått mest merk­semd siden valet, er jo nett­opp ei sak som ikkje ville vore tema utan KrF. Den ville vore full­sten­dig uak­tu­ell. Re­ser­va­sjons­mu­lig­het for fast­le­gar burde ei­gent­leg vore ei lita sak. Dette har vore prak­sis i mange tiår utan at det har vore eit pro­blem.

Den ord­nin­ga som har vore rundt om­kring på dei ulike lege­kon­to­ra, har fun­gert godt. Li­ke­vel tar det heilt av.

I Ber­gen er det nokre få legar, og eg veit om to av dei. Dei har fulle lis­ter, godt over 1000 pa­si­en­tar kvar. Det kan jo tyde på at det er en del pa­si­en­tar som synes dei gjer en god jobb.

Dei aller, aller fles­te plas­sa­ne i Norge har man flei­re legar å velja mel­lom. Men her kjem denne eins­ret­tin­ga inn som Ar­bei­der­par­ti­et og den raud­grø­ne re­gje­rin­ga har ivra enormt for.

Det er ingen rom for dei som ten­kjer ann­leis. Og vi ser at pres­sa har heve seg på. Det er opp­slag på opp­slag i nes­ten samt­le­ge aviser om eit kon­stru­ert pro­blem, ut ifrå ein prak­sis som har fun­gert svært godt i mange tiår.

Pa­ra­dok­set her er at pres­sa som kjø­rer så i flokk i denne saka, sjølv har ein eigen pa­ra­graf i Vær Var­som-pla­ka­ten som seier føl­gjan­de: «En re­dak­sjo­nell med­ar­bei­der kan ikke på­leg­ges å gjøre noe som stri­der mot egen over­be­vis­ning.» Pres­sa burde de­fi­ni­tivt vite kva re­ser­va­sjons­mu­lig­het er. Eg trur saka om re­ser­va­sjons­mu­lig­het etter kvart vil roe seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

No ser eg en­de­leg at Høie har for­stått at dette ikkje er ei sak som kan vera opp til kvart en­kelt kom­mune­sty­re eller bydel å av­gje­ra. Det vil ut­hu­le av­ta­len full­sten­dig. Det er svært, svært få kom­mu­nar som har så få legar at dei skal ha noko grunn til at fast­le­gar i kom­mu­nen ikkje kan re­ser­ve­ra seg mot å hen­vi­se til abort.

Eg synes også desse fast­le­ge­ne som re­ser­ve­rer seg mot å hen­vi­se til abort, for­tje­ner ein klapp på skuld­ra. Det er nok ikkje ber­re-ber­re å være ein av få, og bli ned­ringt av media og bedt om å for­kla­re stand­punk­tet sitt og grun­nen til dette på berre nokre få set­nin­gar.

Dei vert ofte frem­stilt som svært gam­al­dag­se og at dei berre bi­dreg til at kvin­ner føler skam. Men dette er egent­lig heilt al­min­ne­li­ge legar. Det er flin­ke folk som er in­ter­es­sert i å hjel­pa men­nes­ke til å få en betre kvar­dag.

Eit pro­blem som eg synes har blitt alt­for lite be­lyst i saka om fast­le­ger, er kor­leis kvin­ner som er uplan­lagt gra­vi­de vert møtt av fast­le­gar som tvert imot ikkje ser på abort som pro­ble­ma­tisk over­ho­det.

For et par veker sidan skreiv Stina An­der­sen et le­sar­inn­legg i Af­ten­pos­ten:

«I au­gust 2000 fikk jeg mis­tan­ke om at jeg kunne være gra­vid. Jeg var 21 år, nett­opp fer­dig med vi­dere­gå­en­de skole, og hadde en dat­ter på nes­ten to år. Etter at en gra­vi­di­tets­test be­kref­tet min mis­tan­ke, be­stil­te jeg lege­time.

Inne på lege­kon­to­ret, med dat­te­ren min sit­ten­de uro­lig på fan­get mitt, fikk jeg be­skjed om at jeg burde ha kom­met før, men det ville ikke være noe pro­blem for meg å få inn­vil­get en abort.

Jeg ser jo at du har hen­de­ne fulle, sa legen mens han nik­ket mot dat­te­ren min som nå om­trent hang over skuld­re­ne mine.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Jeg la in­stink­tivt en hånd over magen. Jeg ble sjok­kert, jeg skul­le jo bli to­barns­mor, hvor­for skul­le jeg ta abort, hvor­for mente legen at jeg burde ta abort? Legen spur­te om jeg var sam­men med barne­fa­ren, om jeg hadde inn­tekt, om jeg viss­te hvor dyrt det var å ha barn, hvor mye de kos­ter, hvor mye de kre­ver, legen sa at jeg burde tenke meg om.

Jeg hus­ker ikke hva jeg svar­te, jeg hus­ker bare at jeg sa at jeg måtte gå, og der­etter tok dat­te­ren min i hån­den og løp ut av lege­kon­to­ret.»

Dette er eit ut­drag av Pål Kår­bøs tale til års­mø­tet i Horda­land KrF i dag.

Kristeleg Folkeparti Pål Kårbø leiar Hordaland KrF

Les også
KrF-ros til Høie for mulig reservasjonsretrett
Les også
Reservasjonsretten og politisk samarbeidKarl Johan Hallaråker
Les også
Troverdighet står på spill