NATTLIG AKSJON: Sokneprest Arnt Johan Vistnes måtte rykke ut og bistå politiet som forsøkte å få ut familien Angjellari midt på natta. Dagen etter rømte den vesle familien fra kirkeasyl.

Ber verden protestere mot Norge

Amnesty går no ut med ein verdensvid oppfordring om å protestere mot at Norge kastar ut journalisten Genci Angjellari og hans familie som har søkt asyl. Organisasjonen seier situasjonen krev umiddelbar handling og oppfordrar sine medlemmar til å skrive til norske styresmakter.

– Familien vil ikkje kunne få tilstrekkeleg vern av albanske styresmakter og risikerer å bli utsett for alvorlege menneskerettsbrot, skriv Amnesty i apellen som er sendt ut til alle medlemmane i organisasjonen.

LES: Politiet ville kaste ut kirkeasylanter

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Den beste løysinga

Familien Genci har søkt om asyl i Norge og fått avslag. Fram til torsdag sist veke sat dei i kyrkjeasyl i Nysæter kyrkje i Sagvåg på øya Stord i Hordaland. Etter at politiet midt på natta kom på kyrkjedøra for å deportere dei, rømte familien ut av kyrkja. No veit hverken kyrkja, politiet eller den lokale støttegruppa kvar familien befinn seg.

Genci har ikkje telefon der han befinn seg, og Dagen har vore i kontakt med journalisten pr epost. Han fortel at familien forlot kyrkja fordi dei frykta ein retur til Albania.

– Flukt virka som den beste løysinga i augneblinken. Kyrkja hadde bestemt seg for at vi skulle ut, vi kunne ikkje gjere noko med det. Men vi har uansett Gud med oss, skriv Genci frå sin skjulestad.

Tungt

Genci, som er i Norge saman med kona Fatjona og dattera på eit år, er overraska over avslaget og at ein no ønskjer å sende dei heim til Albania.

– Det er vanskeleg å fatte at ein skal behandlast som ein kriminell når ein ber om beskyttelse frå mafia i ditt heimland. Eg er sjokkert, skriv han. No frykter han og familien heimsending dersom politiet finn han.

– Vi har det tungt. Vi fryktar kvar lyd og vi søv ikkje og et dårlig. Eg frykter også for dattera vår. Ho er uskuldig og fortener ikkje alt dette, seier han.

Stoler på Norge

Ifølge Amnesty vert journalistar regelmessig utsett for truslar både frå politikarar, forretningsfolk og antatt mafiamedlemmar. Ingen journalistar har så langt vorte drepen som følge av truslane dei vert utsett for, men i desember 2014 vart ein journalist skoten på.

Den journalisten arbeidde på same program som Genci Angjellari og undersøkte dei same anklagane. Det siste året skal 14 journalistar ha reist frå Albania. To av desse, Syrjeva Berberi og Entuela Capani har fått opphald i Sverige. Genci er glad for støtta.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Vi håpar at autoritetane her kan bli samd med Amnesty. Vi stolar på norske styresmakter. Norge er ein demokratisk stat som respekterer menneskerettar og ytringsfridom.

Les også
– Vi må planlegge 100.000 mottaksplasser i 2016
Les også
Ny asylavtale i tre trinn
Les også
Svenskekongen åpner for å huse asylsøkere
Les også
Den smilende mullaen
Les også
Politiet ville kaste ut kyrkjeasylantar