DRAMATISK: Natt til torsdag vart sokneprest Arnt Johan Vistnes tilkalt av politiet for å be ein familie i kyrkjeasyl om å kome ut. Politiet ønskja å uttransportere familien morgonen etterpå.

Politiet ville kaste ut kyrkjeasylantar

Politiet bad presten om å be kyrkjeasylantar komme ut. No har presten gitt familien tre dagar på å reise.

Det var natt til torsdag at fire politifolk stod utanfor kyrkjedøra til Nysæter kyrkje på øya Stord i Hordaland der ein familie på tre sit i kyrkjeasyl. Dei ville ha familien ut av landet, og hadde bestilt eit fly som skulle stå klart på Stavanger Lufthamn tidleg neste morgon. Men politiet ville respektere kyrkjeasylet og gjekk ikkje inn i kyrkja sjølv. I staden ringte dei sokneprest Arnt Johan Vistnes.

– Politiet ringte meg midt på natta og bad meg komme. Det var ein fastlåst situasjon, seier Vistnes morgonen etter den dramatiske natta. Familien består av tre personar, Genci Angjellari, Fatjona Angjellari og dottera på eitt år.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

LES: Småbarnsfamilie i kyrkjeasyl på Stord

– Dette er ikkje ei rolle som presten har valgt sjølv. Likevel er det ei rolle som kyrkja må ta, i og med at denne familien har oppretta kyrkjeasyl, seier biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, om at politiet brukte presten som bodbærar.

Livredde

Politiet let sokneprest Arnt Johan Vistnes formidle til familien at dei måtte komme ut innan klokka 02:00 om natta. Klokka 06:00 skulle det stå eit fly klart på Sola som skulle ta familien heim att til Albania. Om ikkje familien kom ut innan klokka to ville politiet dra. Men dersom dei fekk tak i familien utanfor kyrkja ville alle tre bli tatt og transportert til Politiet utlendingsinternat på Trandum.

Inne i kyrkja fann Vistnes ein livredd familie. Dei hadde låst alle dører, slått av lyset og sat innerst i kyrkja. Vistnes overbrakte beskjeden frå politiet, men familien sa nei.

– Dei opplevde det som svært dramatisk og var redd. Politiet opptrådte greit, men for dei er dette den store fienden. Dei var fortvila og ville ikkje ut. Dei vil vinne så mykje tid som mogleg for å vekkje oppmerksomhet rundt saka si, kommenterer Vistnes.

– Uforståeleg

No har Vistnes bedt familien om å forlate kyrkja innan mandag morgon. Han seier at situasjonen er fastlåst og at kyrkjeasyl ikkje gir nokon løysing på situasjonen. Familien vil då bli frakta til Albania der dei minst må opphalde seg i tre månader før dei kan søke om asyl att.

– Berre ein dag der er farleg nok, seier Genci Angjellari som er journalist av yrke. Han er opprørt over ikkje å bli høyrd av norske styresmakter. Sist var han i Oslo tingrett der han hadde med seg den albanske journalisten Syrjeva Berberi som har fått opphald i Sverige fordi ho er trua i heimlandet.

– Vi meiner at vi har lagt fram sterke bevis for at situasjonen for journalistar er farleg i Albania. Men vi opplever at retten ikkje tok notis av våre bevis, seier Angjellari.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

LES OGSÅ: Vil ha fosterforeldre med interesse for religion

No reknar han med at han og familien vert sendt heim når dei må ut av kyrkja på mandag.

– Vi vert sendt attende til Albania på eit fly, uttransportert som ein kriminell. Eg forstår det ikkje. Vi har vore trygg på at vi ville få beskyttelse her, seier Angjellar. Han og familien har knapt sove heile natta.

Vanskeleg rolle

Vistnes skreiv umiddelbart ein epost til biskop Halvor Norhaug der han informerte om kva politiet hadde bede han om. Der orienterte han også biskopen om Angjellaris sak og kva han har fått høre fra Amnesty og Reportere uten grenser.

– Familien bad meg om å gjere dette. Eg håper at vi som veit om situasjonen kan bruke dei kanaler vi har til å snakke om saka og skape oppmerksomhet rundt situasjonen. Vi har jo ingen annan makt eller myndighet på dette området, seier Vistnes.

– Korleis opplevde du å bli bedt om å snakke med familien på vegne av politiet?

– Det er jo ei krevjande rolle. Samtidig er det ikkje så mykje eg kan gjere heller. Oppdraget var enkelt, dei ville at eg skulle forklare situasjonen. Men det er ein krevjande situasjon å bli sett i, med fullt av dilemmaer både med tanke på nestekjærleiksbodet, storpolitikken og med tanke på å følgje opp det som er norsk lov, seier soknepresten.

Frykter for familien

Soknepresten seier at det er viktig for Nysæter sokneråd og kyrkjelyd å seie at kyrkjeasyl ikkje er noko dei inviterer til eller anbefaler. Han viser til flyktningkrisa og seier at ein ikkje ønskjer å friste nokon til kyrkjeasyl. No håper han at saka kan få oppmerksomhet slik at nokon kan arbeide med familiens sak mens dei er i Albania.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg har ingen grunn til ikkje å tru dei, eg har sett dokumentasjonen. Eg fryktar for dei, dette er ei krise, seier han.

Biskop Halvor Norhaug har fått tilsendt informasjonen om familien Angjellari, men trur ikkje det vil bli foretatt noko frå bispekontorets side.

– Det er ikkje kyrkja si oppgave å gå inn i enkeltsaker og overprøve styresmaktene. Her forstår eg det dessutan slik at ein advokat er engasjert av ei støttegruppe. Det er altså nokon som taler desse menneska si sak.

Les også
Sverige vil gjenopprette orden ved grensene
Les også
Kirkens Nødhjelp mener Norden svikter verdens fattigste
Les også
Svenskekongen åpner for å huse asylsøkere
Les også
Kirken i møte med flyktningene
Les også
Vil ha fosterforeldre med interesse for religionEMA-barn