«Bannskap og griseprat på NRK»

Far og fotballtrenar Ståle Hatlelid har klaga banning i NRK inn for Kringkastingsrådet.

- På den eine sida er det gale å vise kors. På den andre sida flo­re­rer bann­skap og grise­prat, seier den opp­git­te faren frå Horn­in­dal i Nord­fjord.

Etter å ha høyrt at NRK Sør­lan­dets ny­hende­opp­le­sar Siv Kris­tin Sæll­mann ikkje fekk bruke krossmyk­ke, sette han seg ned og skreiv brev til NRK.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sjølv hadde han sett un­der­hald­nings­pro­gram­met «Ikke gjør dette hjem­me» der pro­gram­leia­ra­ne Rune Nil­son og Per Olav Alve­stad bolt­rar seg i el­le­vil­le for­søk som å teste kva som skjer når ein slepp ut gass i eit rom med le­van­de lys. Han rea­ger­te på ban­nin­ga i pro­gram­met.

«Kva i NRK sine ret­nings­lin­jer eller lov­verk til­sei­er at ein pro­gram­lei­ar (og for så vidt også del­ta­ka­rar) kan nytte bann­skap ukri­tisk, mens ein pro­gram­lei­ar med eit lite kors i hals­gro­pa ikkje kan bruke denne type smyk­ke?» spør Hatle­lid i bre­vet til Kring­kas­tings­rå­det.

Dår­leg sig­nal

- Hadde du rea­gert på ban­nin­ga viss det ikkje vart kjent at ein ny­hende­opp­le­sar ikkje fekk bruke kross?

- Eg har rea­gert i len­ger tid, men ikkje sendt inn før. Eg for­står ikkje at det ikkje skal vere råd for folk flest å få fram bod­ska­pen utan å ty til bann­skap, seier Hatle­lid.

- Er det ikkje skil­nad på ein jour­na­list som skal for­mid­le ny­hen­de upar­tisk og eit un­der­hald­nings­pro­gram med høg adre­na­lin?

- Eg aner ikkje kva føre­hands­in­for­ma­sjon del­ta­ka­rar i ulike pro­gram får frå NRK i for­hold til ord­bruk. Det blir for­fla­ta. Eg slår ofte av fjern­sy­net. Eg gid­der ikkje å høyre på det. Det er eit dår­leg sig­nal til born. Det ver­kar som om bann­skap er ein del av opp­dra­gin­ga.

- Vi er med­vit­ne

Hatle­lid er fot­ball­tre­nar for gutar på 13 og 14 år. Både på tre­ning og kamp legg dei vekt på språ­ket ikkje skal støy­te med- og mot­spe­la­rar. «Det er då tra­gisk å sjå at NRK i pro­gram etter pro­gram ser­ve­rer ein språk­bruk som går i stikk mot­sett ret­ning», skriv Hatle­lid i kla­gen.

Pro­gram­sjef Ida Kvis­sel i NRK seier til ABC Ny­he­ter at ban­ning er eit til­bake­vend­an­de tema dei er med­vit­ne på, men at det ikkje står noko ban­ning i NRKs språk­reg­lar. Ho om­ta­lar «Ikke gjør dette hjem­me» som «eks­trem-tv».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Pul­sen og adre­na­li­net er rett og slett litt høgt, seier Kvis­sel.

Vil ut­ta­le seg

Hatle­lid er ikkje ålei­ne om å klage på språk­bru­ken. Kring­kas­tings­rå­det skal mån­dag hand­sa­me til saman tre kla­ger på bann­skap i NRK.

Kring­kas­tings­rå­det vil tru­leg ut­ta­le seg om kla­ge­ne på språk­bruk i møtet på mån­dag, opp­ly­ser råds­sek­re­tær Erik Berg-Han­sen i ju­ri­disk av­de­ling i NRK til Dagen.

- Det blir tru­leg ein grun­di­ga­re de­batt på ny­året. Då skal også NRKs språk­sty­re ta opp ban­ning. Vi tek ban­ning på størs­te alvor, men ser at tida blir knapp i møtet på mån­dag, seier han.

Tors­dag føre­mid­dag hadde det kome inn 85 kla­ger på kross-saka til Kring­kas­tings­rå­det. Saka vil ta mykje av tida i møtet mån­dag. DAGEN

Kringkastingsrådet

Kringkastingsrådet drøfter og uttalar seg om NRKs innhaldsproduksjon og tilbod.

Rådet uttaler seg i programsaker og handsamar klager.

Rådet kan sjølve ta initiativ til å ta opp saker, dei handsamer saker på initiativ til lyttarar og sjåarar eller uttalar seg i programsaker som kringkastingssjefen legg fram for dei.

Rådet har 14 medlemmer, åtte oppnemnd av Stortinget og seks av regjeringa.

Les også
120 har klaget på kors-nekt hos NRKKringkastingsrådet