- Eg har sona mi straff, 12 av dei 18 åra i fullstendig isolasjon. Israel har ingen rett til å halda meg fengsla for andre gong for eit brotsverk eg alt har sona lenge nok for, seier Vanunu.

Anken til Vanunu opp påskedag

Anken til den spiondømte israelaren Mordechai Vanunu skal opp for ein domstol i Jerusalem 1.påskedag 23.april. Dagen Magazinet møtte Vanunu i Jerusalem Palmesøndag.

Den spiondømte atomteknikaren Mordechai Vanunu, kjent for avsløringa om Israels atomvåpenprogram ved reaktoren i Dimona, hadde sona ferdig ein dom på 18 år i fengsel i 2004. I juli 2006 vart han idømt ei straff på seks månader fengsel for å ha uttalt seg til utanlandske medier i 2004. Vanunu har anka dommen som fleire gonger er utsett. Sist skulle saka hans opp 19.februar, men ho vart så utsett til 23.april.


- Eg har forbod mot å uttala meg til media og forbod mot å reisa utanlands. Israel som den demokratiske stat landet er, har ingen rett til å nekta meg talefridom. Og eg ser ingen grunn til at dei absolutt skal halda meg innanlands, seier Vannunu til Dagen Magazinet.


- Og du snakkar med media heile tida?


Menneskerett


- Ja, sjølvsagt gjer eg det. Talefridom er ein grunnleggjande menneskerett som israelske styresmakter ikkje kan ta ifrå meg, seier Vanunu.


Han legg til at Israel for lengst har innrømt at landet har atomvåpen, så han seier ikkje noko som er i strid med deira eigne faktiske opplysningar. Noko anna er at han personleg er imot atomvåpenprogrammet og har uttrykt seg svært negtivt om den israelske krigføringa både i Libanon og overfor palestinarar.


- Det eg ber Israel om er at dei skal respektera menneskerettane både overfor meg og overfor palestinarane i Israel, seier Vanunu.




Anerkjenning


Han meiner Israel må anerkjenna palestinarane som folk og gje dei retten til sitt eige land. Vi innvender at Hamas ikkje er nøgd før dei har fjerna jødane frå Israel og kasta heile Israel i Middelhavet.


- Nei, det er ikkje sant. Dei krev anerkjenning og sitt eige landområde, det er alt dei kjempar for, seier Vanunu.1.påskedag kjem anken hans opp, og mykje tyder på at Mordechai Vanunu vil få omgjort dommen til seks månader samfunnsteneste. Dersom Israel lettar på restriksjonane mot han, reiser han gjerne utanlands.


- Eg har vener i Europa, USA, Australia og Asia. Eg reiser gjerne til Noreg for å takka for all støtten frå norske vener, seier han. I 2001 vart han utnemnt til æresdoktor ved univesitetet i Tromsø. Vanunu håpar norske styresmakter kan ta opp saka hans med Israel slik at han kan leva som ein fri mann lik alle andre.


- Eg har sona mi straff, 12 av dei 18 åra i fullstendig isolasjon. Israel har ingen rett til å halda meg fengsla for andre gong for eit brotsverk eg alt har sona lenge nok for, seier Vanunu.



DM