2015 blei eit rekordår for homoekteskap i Noreg

300 samkjønna par gifta seg i 2015, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Til samanlikning var det 22.400 heterofile par som inngjekk ekteskap. Det betyr at dei samkjønna para utgjorde berre rundt 1,3 prosent av totalen. I 2009, som var det første året då den nye ekteskapslova galdt, blei det inngått 283 homoekteskap. I dei fem mellomliggjande åra låg gjennomsnittet på 263 par. Nær to tredelar er par med to kvinner.

Partnerskapslova

Frå 1993 til 2008 var galdt partnarskapslova. Då var det årleg litt færre samkjønna par som nytta høvet til å formalisere forholdet, og fram til og med 2005 var det flere mannlege enn kvinnelege par som gjorde dette.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

LES:Ekteskapslov og barneperspektiv

Skilsmisser

Par i registrerte partnarskap og homoekteskap har betydeleg større skilsmisserisiko enn heterofile ektepar, kom det fram i forskingsarbeidet «Divorce in Norwegian Same-sex Marriages 1993-2011» som vart publisert i 2012. Risikoen var aller størst mellom kvinnepar. Ein kraftig auke i andelen likekjønna par med minst eitt felles barn, frå seks prosent i 1993-2001 til 18 prosent i 2002-2010, hadde ikkje endra risikoen for samlivsbrot, ifølgje rapporten.