HADLE HOVDA: Gjekk heim til Gud 20. januar.

Misjonær- og lærarprofil i NLM Hadle Hovda til minne

Med sorg og med takk skriv me i minneboka: Hadle Hovda vart fødd 22. august 1934 og døydde på Notodden sjukehus 20. januar 2024.

Han var ein sentral person på mange område. Hadle gjorde stor innsats for skuleverket i Etiopia, for Kvitsund Gymnas og Kviteseid; i sosiale samvær, i kyrkje og bygdeliv, på fleire felt gjennom ein mannsalder.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Me hadde ei von om hans helsebetring, men det skjedde ikkje. I dag er me mange som seier: – Hadle stod på, som den bauta han var, med kunnskap og erfaring, med humør og omsorg, med sårbarheit og styrke, med gudstru og fellesskap. Han kjempa tappert til siste slutt, 89 år gammal. Ein epoke er over.

Hadle Hovda var ein god forteljar. Han kunne føre oss tilbake til den vesle Talgje-øya, som låg vakkert ut mot havet i Finnøy kommune. Far hans var lærar, og etter folkeskulen og framhaldsskulen drog Hadle til det kjende landsgymnaset på Bryne. Der fekk han fire inspirerande år blant aktive ungdomar, som ville mykje med utdanning og yrkesliv.

Vegen gjekk vidare til Universitetet i Oslo og realfagsstudiar i åra 1954–58. Fagområda vart matematikk, kjemi, biologi og fysikk. Hadle fekk tidleg tilbod om lærarstilling i realfag på landsgymnaset. Då var han ikkje i tvil om at fysikk var faget hans. Han vart tilsett som vit.ass. i full stilling ved UiO mens han jobba med hovudoppgåva si, og vart ferdig våren 1962.

I Oslo-tida opplevde Hadle Hovda mykje fellesskap og stor glede i studentmiljø og kristeleg lagsarbeid. Som den humorist har var, fekk han høve til å imitere gode ‘siddis-historier’ og lese «Ajax»; alle kjende Hadle. Der dukka også Sylvia Ragnhild Løvås opp i 1959, og dei vart vener. Ho kom frå Hauge i Dalane og fullførte sin cand.mag.-eksamen i 1963 med faga engelsk, tysk og norsk.

Dei trulova seg i 1962, og Hadle drog den hausten ut som lærar og rektor ved Misjonssambandets kombinerte high school og lærarcollege i Etiopia. Han og Ragnhild gifta seg der i 1963, og fekk sin arbeidsplass i to periodar: 1962–67 og 1969–74.

Skulen heitte Etiopian Evangelical College. Både Hadle og Ragnhild var knytt til undervisning og misjonsarbeid i Debre Zeit. Det var interessante og spennande år. Dei arbeidde med store klassar, og undervisninga gjekk på engelsk. Ungdomane kom frå heile Etiopia.

Hadles daglege virke var knytt til planlegging, undervisning og administrasjon. Ragnhilds område galdt barna deira, lærar- og konfirmasjonsarbeid. Ei spesiell oppleving var det å få besøk av den etiopiske keisar Haile Selassie i 1972. Det skjedde i samband med utbygginga av skulen: spesialrom, bibliotek, laboratorium og ny kyrkje. Skulen arbeidde seg opp til å bli blant dei beste i landet.

Hadle Hovda kom til Kvitsund våren 1976. Utpå sommaren kom Ragnhild flyttande etter med Ingvild, Joar, Møyfrid og Ingar. Dei fekk heimen sin i den nye rektorbustaden bak Gamlebygget frå 1978. Utbygginga av Kvitsund Gymnas som vidaregåande skule omfatta mange område. Det galdt bygningar og økonomi, undervisning og personalpolitikk, åndeleg struktur og elevmiljø.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kravet til Hadle og Ragnhild som rektorpar synte seg på mange plan. Dei fekk god nytte av all røynsle frå Etiopia, men Kvitsund var ein travel arbeidsplass. Difor følte Hadle behov for eit pusterom, og han jobba difor som lektor på Hornnes vidaregåande skule i Setesdal i fire år.

Dei kjøpte seg hus i Kviteseid i 1988, og flytta inn i Oppebøen-vegen fire år seinare. Sjølv om dei hadde undervisning på Kvitsund fram til pensjonsåra, betydde det viktig og nær kontakt med bygda og folket.

Hadle sa det slik: – Den nye situasjonen førte til engasjement på fleire område.

Det galdt deltaking i politisk arbeid, soknerådsoppgåver og ymse komitear. Dei to hadde god kontakt med Lundenjordet og arbeidssamvirke, der Ingar fekk sin faste plass.

Eg vil avslutte minneordet med orda Hadle sjølv har sagt:

– Når Ragnhild og eg ser tilbake, må me seie at me har hatt eit rikt liv og eit triveleg yrke. Me har fått møte mange flotte ungdomar og mange gode menneske – og fått oppleve verdien av ei kristentru. Me kan seie at me ville valt om igjen yrke og livssyn. Det er eit mysterium slik det står skrive i 2 Tim 3,16: «Kvar bok i Skrifta er innanda av Gud og til nytte i opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd, så det mennesket som høyrer Gud til, kan bli fullt utrusta til all god gjerning.»