MILLIARDAR: Samstundes var landet villig til å satse stort på eit VM som er reikna å koste over 26 milliardar reals, nær 70 milliardar norske kroner, kanskje mykje meir. Dette er pengar som folk flest meiner burde gå til å gjere noko med fattigdomen og dei sosiale kår for dei lågarestilte klassene, skriv Haavar Simon Nilsen. Foto: Privat

VM-kamp for dei svakaste

Når me no lét oss underhalde av fotballfeberen er det grunn til tenke over korleis me kan støtte dei som lever i djupaste naud i skuggesidene av fotballarenaene.

Den store fotballfesten i Brasil er i gong. I lang tid har fotballverda lada opp med pr-stunt i glittrande VM-farger og -former. Det skal vere glede og moro, men alle veit at showet kjem med ein pris.

Allereie i 2013 kunne ein sjå teikn til at Rio de Janeiro hadde byrja den hardhendte tilrettelegginga for fotball-VM. I juli same år møttest nær fire millionar katolske ungdomar for å delta verdsungdomsdagane, der pave Frans sjølvsagt var til stades.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det var eit tydeleg politisk signal då han på eige initiativ vitja favelaen, eit av dei mange fattigkvartera som klamrar seg til åssidene rundt Rio by. Han etterlyste sosial rettferd og lytta til dei vanskelege kåra som bebuarane kunne fortelje om.

Då hadde utreinskinga av narko-handel kome godt i gong, med razziar og skuddvekslingar til fylgje. Spesialstyrkar slo til i bydel etter bydel, alt for å temje ein by med høg kriminalitet og mykje vald. Det vart kalla byfornying, og skulle gi ein ny start for dei aller fattigaste blant Rio sine innbyggjerar.

Den underliggande VM-agendaen vart etterkvart openbar, og klagene strøymde på. Det er ikkje nok å jage narkokartella på flukt og plante nokre frodige tre rundt bydelens nyoppussa offentlege forsamlingshus. Folk fekk ikkje den naudsynte hjelpa til infrastruktur, skulegang og helsetilbod som dei hadde blitt lova.

Sysselsettinga blomstra ikkje automatisk berre fordi livet i favelaen vart tryggare. Det var eit slag for dei fastbuande å erfare at det ikkje var politisk vilje eller styrke til å gjennomføre løftene dei hadde fått.

Samstundes var landet villig til å satse stort på eit VM som er reikna å koste over 26 milliardar reals, nær 70 milliardar norske kroner, kanskje mykje meir. Dette er pengar som folk flest meiner burde gå til å gjere noko med fattigdomen og dei sosiale kår for dei lågarestilte klassene.

Les også: Ga Jesus stor oppmerksomhet under VM-kamp

Klasseskillet er i seg sjølv eit veksande problem i eit land som allereie toppar statistikken for skilnad mellom fattig og rik, og med auka velferd veks det fram stadig nye gettoar for den øvre middelklassen. Samstundes er 170.000 menneske frå fattigstrøka blitt tvangsflytta grunna VM, og har tapt både heim og sosial fellesskap. Slik aukar dei politiske spenningane.

I tillegg til alt dette har Brasil ein kultur for korrupsjon som provoserar ytterligare. Eit foreløpig botnpunkt vart nådd i 2005, då den store «mensalao»-saka kom for retten. Medarbeidarar av dåverande president Luiz Inacio Lula da Silva vart dømde for å ha betalt kongressmedlemmer for å stemme på deira lovgjevingsforslag. Kombinert med dei mange korrupsjonsryktene kring FIFA-leiinga har folk i Brasil god grunn til å vere mistenksame.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kvar står så kristenlivet i Brasil i alt dette?

Ulikt Noreg er Brasil framleis eit religiøst land, der tru (i stort mangfald) skriv seg naturlig inn i dagleglivet.

Den katolske kyrkja er framleis den store kyrkjelege majoriteten med 64 prosent av befolkninga, men prosentandelen fell raskt.

Protestantismen, særleg i form av pinsemenighetar og evangeliske kykjesamfunn, veks sterkt og tel no 22 prosent av folket.

Ein finn knapt ei katolsk kyrkje for kvar bydel, men karismatiske menighetar poppar opp nær sagt på kvart gatehjørne. Herlighetsteologi og løfte om økonomisk vinst pregar gjerne forkynninga, noko som freistar meir enn ei satt katolsk folkekyrkje utan kapasitet til å betjene dei mange fattigsamfunna.

Kristentru blandar seg også med overtru og spirituell eksperimentering, med åndemaning og kontakt med dei avdøde gjennom sjølvutnemnde media og spiritistar.

Til saman sprikar det religiøse landskapet i mange retningar. Men kva er den religiøse drivkrafta? I eit land med omfattande fattigdom, sosial naud og svimlande klasseskilje vert truslivet ein fristad som gjev tryggleik og von. Når framtida vert håplaus og fattigdomen eit fengsel, då sit ein berre att med håpet i trua. Det er i så måte stor skilnad på truskåra i Brasil og Noreg.

Som reaksjon på fattidom og sosial skilnad oppsto ei viktig rørsle på 60-talet i Latin-Amerika. Ho greip òg om seg i Brasil, der fransiskanaren Leonardo Boff spela ei nøkkelrolle. Han kom i konflikt med Vatikanet som var skeptisk til det tidvis millitante, politiske engasjementet. Dette førte han ut av ordensliv og presteembete, men han har sidan vore aktiv i teologien.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Rørsla fekk namnet frigjeringsteologi etter tittelen på ei bok skreven av Gustavo Gutiérrez på 70-talet. Han var peruiansk sogneprest som sto sentralt rørsla og prega den teologiske djup-tenkinga. Han hevda at fattigdom er korkje skjebne eller ulykke, det er ein fylgje av syndfulle og urettferdige sosiale ordningar, ordningar som må motarbeidast og nedkjempast.

Frigjeringsteologien lyfte fram Evangeliets bodskap om omsorg for dei fattige (preferential option for the poor) og i Brasil fann dette si konkrete form gjennom ei grasrotrørsle der lekfolk fekk anledning til å engasjere seg lokalt. Gjennom lokale fellesskap kunne gode krefter arbeide for betra kår, og eit helseprogram som oppstod i Nova Iguacu fekk etterkvart nasjonal interesse og førte til breidt engasjement i heile landet. Rørsla var med på å endre maktbalansen frå millitærstyre til styrka demokratiske prosessar i Brasil.

Nå når verdas augo er retta mot Brasil er det eit godt høve for alle truande å vise solidaritet med dei som lir i dette landet. Den kristne trua er etisk forplikta til å hjelpe dei som står svakast. Under eit bibelseminar i 2009 held Gustavo Gutiérrez ein eksegese over likninga om den barmhjertige samaritan. Han spurde til slutt: Kven er min neste? Det er han som eg gjer meg til neste for. Det er eg som vel kven eg forbarmar meg over. Det er eg som vel kven eg går forbi. Korleis vil du møte den halvt ihjelslegne langs din veg? Korleis tek me vare på dei som treng vår hjelp?

Når me no lét oss underhalde av fotballfeberen er det grunn til tenke over korleis me kan støtte dei som lever i djupaste naud i skuggesidene av fotballarenaene. Folk må få heie på kva lag dei vil, men aller mest må me heie fram dei som ikkje har supportarar, dei fattige i Brasil.

Les også
Jesus fikk stor oppmerksomhet under VM-kampJesus på DIN T-skjorte?
Les også
Palestinerne misbruker VM-logoen