OSLO 1971: Kjell Magne Bondeviks onkel, undervisningsminister Kjell Bondevik, ga i 1971 vårt politiske språk et nytt uttrykk. "Djupt såra og vonbroten", sa han til pressefolk på Stortinget. Intervjusituasjon.

Mange verdisaker knytt til kristen etikk er under sterkt press

Vi lever i eit demokratil, og har (for?) mange parti å velja mellom. Eg vil tru at lesarane av denne avisa er opptekne av at kristne verdiar skal ha sin rettmessige plass i samfunnet.

Slik eg ser det, er mange verdisaker — knytt til kristen etikk — under sterkt press. Eg tenkjer særleg på menneskeverdsaker, som abortsak, flyktningspørsmål og familiesaker som synet på kva eit ekteskap er.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Alle parti kjempar om veljarane. Slik er det i eit demokrati. I Noreg har vi ei sperregrense på 4 prosent. No peikar mange meiningsmålingar på at KrF er truga av sperregrensa. Og då spør eg i ramme alvor dei som sit i leiinga for PDK:

Er det eit tap for kristne verdisaker at KrF si stemme på Stortinget vert svekka? For du skal vera overoptimist om du trur at PDK får nokon stemme på Stortinget.

Eg trudde at når retningsvalet var avgjort for KrF, så ville alle aktive KrF-medlemmer samla seg om partiet. For programmet var det ingen debatt om i den samanhengen. Men nei, fleire av KrF sine medlemer gjekk aktivt inn for det nye partiet Sentrum, som heller ikkje ser ut til å få nokon talsmenn på Stortinget.

Eg trur at om Kjell Bondevik hadde levd no, ville han ha teke opp att sine kjende ord: «Eg er djupt såra og vonbroten.»

Slik eg ser det, er du tryggast på at stemma di skal få innverknad på utfallet av valet, om du gjev stemma til KrF. Godt val!