ØYVIND ÅSLAND: Generalsekretær i Norsk Luthersk Misjonssamband.

Vegen vidare for Kvitsund

For både NLM og for Kvitsund Gymnas står fylgjande fast: Misjonssambandet ønskjer 
å stå på Bibelens grunn i etiske spørsmål som til dømes abort og homofilt samliv, skriv Øyvind Åsland og Torleif Belck-Olsen.

Det har vore mange kom­men­ta­rar og flei­re spørs­mål i Dagen etter at eit etikk­hef­te som er blitt nytta i un­der­vis­nin­ga på Kvit­sund Gym­nas har skapa medie­opp­slag. No er nytt hefte på plass.

Vi vil star­te med å peike på at uroa i media knytt til Kvit­sund Gym­nas har vore krev­jan­de å hand­te­re. Ikkje alle saker kan drøf­tast i media. Sku­len har mange omsyn å ta.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den skal svare på ei spe­si­fikk klage som ein elev har sendt Fyl­kes­man­nen i Tele­mark. Den skal svare på eit brev frå Ut­dan­nings­di­rek­to­ra­tet. Både ele­var, læ­ra­rar og føre­set­te skal fyl­gjast opp på ein god måte.

Kvit­sund Gym­nas har be­stemd at hef­tet «Kris­ten tro og liv. Å ut­ford­re til etisk re­flek­sjon og hand­ling», skre­ve av Ole John­ny Møy­holm, no vil nyt­tast på Kvit­sund.

Dette hef­tet har vore brukt ved Trygg­heim Sku­lar i flei­re år.

For både NLM og for Kvit­sund Gym­nas står fyl­gjan­de fast: Mi­sjons­sam­ban­det ønskjer å stå på Bi­be­lens grunn i etis­ke spørs­mål som til dømes abort og ho­mo­filt sam­liv.

Dette er kon­tro­ver­si­el­le spørs­mål og vi yns­kjer å vere «tru mot san­nin­ga i kjær­leik». Det kan vere krev­jan­de i ein medie­si­tua­sjon der ei ty­de­leg bi­belsk rett­lei­ing raskt vert stemp­la som for­døm­man­de.

Så har det kome fram at skule­sty­ret alle­reie i 2009 ved­tok at det om­ta­la etikk­hef­tet skul­le re­vi­de­rast. Ved­ta­ket var eit re­sul­tat av ein klage som gjekk til Like­stil­lings­om­bu­det. Det er på denne bak­grun­nen at sku­len no har funne anna un­der­vis­nings­ma­te­ria­le.

LES FLERE SAKER OM KVIT­SUND HER

Vi sy­nest ikkje det er rik­tig å gje ei grun­dig of­fent­leg vur­de­ring av eit hefte som ein til­sett på Kvit­sund har ut­for­ma. Denne sam­ta­len må fø­rast i andre fora. Men, ge­ne­relt vil vi seie at vur­de­rin­ga­ne av pen­sum­ma­te­ria­let ved ein kris­ten vi­dare­gå­an­de skule hand­lar om meir enn å vur­de­re teo­lo­gi. Ein vi­dare­gå­an­de skule må ten­kje noko ann­leis enn til dømes ein bi­bel­sku­le.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På Kvit­sund Gym­nas er kris­ten­doms­fa­get eit ob­li­ga­to­risk pro­gram­fag som alle ele­var, uav­hen­gig av tru, vil måtte gjen­nom­føre. In­ternt drøf­tar sku­len grun­dig kva slags type tema ein bør kome inn på og kor­leis vik­ti­ge spørs­mål best kom­mu­ni­se­rast til 16-17-årin­gar med va­riert kunn­skap om kris­ten tru.

Kort sagt tyder dette at mange hefte og bøker kan vere lite egna sjølv om det teo­lo­gis­ke inn­hal­det kan vere bi­belsk og godt.

Kvit­sund Gym­nas ønskjer å vere ein ty­de­lig kris­ten skule. Og det er sam­stun­des eit mål at ele­var med ulik bak­grunn kan opp­le­ve å bli tatt hand om på ein god måte. Difor er det vik­tig at sku­len til­byr eit godt miljø, høg fag­leg kva­li­tet og gode fri­tids­til­bod.

Vi vur­de­rer det slik at Kvit­sund Gym­nas dei sei­na­re åra har fram­stått som ein svært god skule.

Det håper vi ikkje kjem i skug­gen av ei krev­jan­de media­sak.

LES FLERE SAKER OM KVIT­SUND HER