EINSEMD: Det å ha eit sosialt fellesskap er viktig for oss alle, men for eldre må det leggast til rette for møtestader der ein kan ha måltid, songstunder og drive med ulike interesser, skriv Anne Kristin Bruns.

«Usynleg omsorg» må verdsettast

KrF har i årevis, òg i denne valkampen, løfta eldreomsorga som ei av partiets viktigaste saker. KrF er pådrivar for eit aldersvennleg samfunn som legg til rette for ein god og verdig eldreomsorg.

Alderdomen handler først og fremst om å leve. KrF sitt mål er at eldre skal kunne leve livet med livsglede og livslyst heile livet.

Mange eldre vil være friskare lengre, men fleire vil òg trenge omsorg på ulikt vis. Eldre skal kunne leva eit aktivt liv, og styra eigen kvardag. Dei som har behov for hjelp skal vere trygge på at dei får den hjelpen dei treng – når dei treng den.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eldre har ei viktig samfunnsrolle, og er mennesker som har verdifull kompetanse og livserfaring. 50 prosent av det frivillige arbeidet blir i dag utført av pensjonistar, og vi kan nemne mellom anna drift av gjenbruksbutikkar, deltaking i matglede for eldre og lyttevenn for skuleborn.

Mange pårørande tek eit stort omsorgsansvar for sine eldre. Denne usynlege omsorga må verdsettast meir enn i dag. Pårørande og omsorgspersonar må få avlastning slik at dei halde fram med å stå i ein krevjande kvardag.

Difor går vi til val på «pårørandestøtte» som bidreg til akkurat dette. KrF foreslår at når ein person som gjer ein ekstra innsats for eldre med ekstra omsorgsbehov skal få støtte på kr. 7.500.

Dette skal ikkje kome på tross av helsetenesta, men gje dei pårørande støtte og avlastning slik at eldre kan få bedre livskvalitet.

Vi veit at mange eldre opplever einsemd. Det å ha eit sosialt fellesskap er viktig for oss alle, men for eldre må det leggast til rette for møtestader der ein kan ha måltid, songstunder og drive med ulike interesser.

Vi treng auka samarbeid med frivillig-sentralane og eldresentra, og der eldre også ynskjer å delta frivillig. Seniorsentra kan bidra til auka kompetanse og «arbeidsformidling» av oppgåver og arbeid som seniorar kan utføre.

KrF fekk på plass ei forskrift om verdig eldreomsorg i 2010. Det er svært viktig for oss for at eldreomsorga tek omsyn til heile mennesket, også det andelege.

Det handle om å tilby samtalar om eksistensielle spørsmål og tru, og sikre at helsepersonell er kompetente til å stille dei rette spørsmåla, også i forhold til tru og livssyn. KrF vil:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Bygge nok sjukeheimsplassar og tryggleiksbustader.

– Sikre eldre i institusjonar noknon å snakke med om andelege og eksistensielle spørsmål.

– Innføre pårørandestøtte slik at nære pårørande kan få økonomisk bidrag for å ta ein større del av omsorgsoppgåva.

– Innføre avlastning på resept slik at pårørande med krevjande omsorgsoppgåver kan få eit pusterom når dei treng det.

Anne Kristin Vik Bruns, 4. kandidat stortingsvalget 2021 for KrF Rogaland