RESSURSAR: Førre veke hadde me strategidag i utlandsavdelinga i Misjonssambandet. Ein av dei tinga me gjorde var å sjå på kva ressursar me hadde. Det var ei utruleg inspirerande øving! Summen av ressursar som ligg i medarbeidarar, nettverk og ulike støttespelarar er ganske stor, skriv Olav Vestbøstad. Biletet er frå generalforsamlinga i 2018. 


Uendeleg mykje meir enn ingenting

Me kan ikkje hjelpe 97 millionar menneske med mat, men me kan gje av det me har, anten det er pengar, småkaker, ei handsrekning eller eit smil. 

I boka «Julemysteriet» av Jostein Gaarder kan me lese historia om vesle Elisabet Hansen som er på julehandel, ser eit lite lam og legg på sprang etter det.

Det fører Elisabet ut på ei spennande reise gjennom Europa og bakover i tida før ho etter 24 kapittel når fram til Betlehem for å hylla barnet som er fødd.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På reisa slår stadig nye skikkelsar frå juleevangeliet fylgje med Elisabet. På den danske sida av Øresund møter dei i 1699 Kaspar, ein av dei tre vise menn.

I Danmark er det relativt flatt, men eit av høgdedraga har fått namnet Himmelbjerget. Samanlikna med andre fjell er Himmelbjerget lite, men danskane er likevel stolte over høgdedraget sitt.

Vismannen Kaspar seier då fylgjande visdomsord: «Det er viktig å være fornøyd med det man har. Uansett hvor lite man har, er det nemlig uendelig mye mer enn ingenting.»

Dette sitatet går igjen utover i boka i ulike samanhengar. Sjølv det som ikkje er så mykje, er uendeleg mykje meir enn ingenting.

Det er fort gjort å kjenne på kva ein manglar. Me skulle hatt så mykje meir! Førre veke hadde me strategidag i utlandsavdelinga i Misjonssambandet. Ein av dei tinga me gjorde var å sjå på kva ressursar me hadde.

Det var ei utruleg inspirerande øving! Summen av ressursar som ligg i medarbeidarar, nettverk og ulike støttespelarar er ganske stor. Endå større blir det når me også får tena i trua på at me har fått kall og nådegåver frå den treeinige Gud!

Mot slutten av dette året må me innsjå at mange av planane me la for 2020 ikkje har blitt realiserte. Det gjeld både for misjonsarbeidet og i privatlivet. Koronapandemien har skapt store utfordringar for oss.

Mange misjonærar vart kalla tilbake til Norge. Utviklingsprosjekt med detaljerte planar for arbeidet har stoppa opp.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er fort gjort å bli mismodig, men det er heller ikkje vanskeleg å sjå at i løpet av 2020 er det fleire ting enn omtrent 70 millionar koronatestar som har vore positive. Den digitale kompetansen har blitt mykje større i løpet av året.

No er Teams, Zoom og andre digitale kommunikasjonsplattformer ein viktig kommunikasjonskanal og møteplass over heile verda. Kyrkjer og enkeltpersonar har fått spreie evangeliet på digitale flater slik at menneske i både nærmiljøet og langt unna kan få del i det.

Nokre program har titusenvis av visningar og det er mange vitnemål om at personar som vanlegvis ikkje går i kyrkje eller bedehus får med seg program frå nærmiljøet.

Koronapandemien har også vist seg som ein felles fiende som me saman må nedkjempe. Den har med all si gru synt oss at me menneske er sårbare, anten me bur i nord eller sør, er rike eller fattige.

Frå Mali har me fått høyre at landsbyar som lenge har lege i strid med kvarandre har byrja samarbeide for å stå mot koronapandemien. Sjølv om koronaviruset har gjort at me må ha fysisk avstand til kvarandre, så har også viruset har ført oss nærare kvarandre på nokre måtar.

I dag, 10. desember 2020, skulle FNs Matvareprogram bli tildelt Nobels fredspris i Oslo. Pandemien sette ein stoppar for det. FNs Matvareprogram er ein verdig fredsprisvinnar og dei fortener verkeleg stor honnør for innsatsen dei gjer.

I 2019 gav dei mat til 97 millionar menneske i 82 land. Kvar einaste dag har dei 5600 lastebilar, 30 skip og nær 100 fly i aktivitet for å levere mat og anna nødvendig hjelp til menneske i naud.

Det me kan få til, anten det er som einskildpersonar eller organisasjonar, blir ganske lite samanlikna med det FNs Matvareprogram kan få til. Er det forgjeves av den grunn?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vismannen Kaspar i «Julemysteriet» hadde absolutt eit poeng. Uansett kor lite ein har, er det uendeleg mykje meir enn ingenting! Det gjeld også det me kan bidra med i misjonsarbeidet.

Vårt bidrag kan synast lite, men det kan ha stor betydning likevel. SAT-7-nettverket har over 25 millionar sjåarar av sine kristne program. Deira kristne barne-tv-sendingar når ut til ein fjerdedel av borna i Saudi-Arabia.

Samanlikna med dette blir det ikkje så stort og spektakulært om me lar ei nabojente eller ein kollega få eit glimt av Guds kjærleik gjennom våre ord og handlingar.

Me kan ikkje hjelpe 97 millionar menneske med mat, men me kan gje av det me har, anten det er pengar, småkaker, ei handsrekning eller eit smil.

Sjølv det som kan synast lite, kan likevel bety uendeleg mykje! Det er i alle fall uendeleg mykje meir enn ingenting!