ÅTVARER: Psykologspesialist Marit Johanne Bruset åtvarar om at vi nå kan komme til å stå overfor ei av de største medisinske skandalane sidan innføring av lobotomi i 1948.

Tung tids tydelege tale

KrF må protestere når staten no opnar dørene på vidt gap for ein ideologi i barnehagar, skular og samfunn som seier at kjønnsskilnadane er uvesentlege.

Det er sagt at fridomen vår raskt vil gå tapt, om vi tar oss friheiter på våre grunnleggande verdiar.

Barn skal ned til seks år få muligheit til å skifte juridisk kjønn. Med fare for å stille meg for hogg, må eg få bere fram nokre få refleksjonar. Mykje står fjernt frå KrFs verdiar, men mennesket står alltid nært.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Psykologspesialist Marit Johanne Bruset åtvarar om at vi nå kan komme til å stå overfor ei av de største medisinske skandalane sidan innføring av lobotomi i 1948.

Skandalen ho åtvarar om, er at mengder av ungdomar kan bli feildiagnostiserte med kjønnsdysfori og få gjennomført kjønnsskifte –for så å angre på det seinare.

Forsking syner at dei aller fleste veks av seg tankar om identitet i barndom og ungdom. Operasjon er irreversibel og langvarig hormonbehandling veit forskarane lite om. Det er eit eksperiment med ein heil generasjon som prøvekaninar. Kjønn er no ei kjenslesak.

Biologisk kjønn og familien får brått best-før-stempling. Mor-barn-relasjonen og far-barn-relasjonen står i vegen for «framskrittet» når det blir om å gjere å tilfredsstille og ikkje støyte tankar om kjønns- og familiesamansetjing som måtte dukke opp. Slike tankar er ikkje nye, men har no fått fløyel å lande på i kyrkje, kyrkjelydar, i byråkratiet, i lovgivinga og rettssystemet, i barnehagar, skular, høgskular og universitet.

Staten er nemleg i ferd med å gi high five for ein radikal ideologi, som godt kan vise seg som det største negative samfunnseksperimentet i vår historie. FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfald går fram med sin kyniske bodskap som set vaksne sine behov føre barns rettar.

Ei av dei nedslåande fruktene av arbeidet til FRI er mellom anna at kjensler til ikkje fullt utvikla og myndige personar skal kunne styre retten og helsehjelpa til såkalla kjønnskonvertering.

Frå eldgamle tider er det produksjon av kjønnsceller som avgjer kjønn og som er den biologiske basis for liv. No blir det opna opp for variantar basert på bioteknologi og sosiologi. Å tenkje heterosentrisk er blitt diskriminerande.

Den åndelege tsunamien frå ei lita gruppe homoseksuelle aktivistar kjem med ein kraft, intensitet og med eit forsett vi må vakne for.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det kan bli straffbart å seie at Keisaren ikkje har klede på seg. Det rasar ein propagandakrig mot kristne og heteroseksuelle som står fram med sine verdiar utan sidestykke i historia.

I ytringsfridomens namn kan ein no sjikanere alle som held seg til sanninga, naturen, biologien og Gud. Då slit verdipartiet KrF, men er det verdiane som det er noko gale med?

KrF må protestere når staten no opnar dørene på vidt gap for ein ideologi i barnehagar, skular og samfunn som seier at kjønnsskilnadane er uvesentlege, biologisk slektskap er ikkje viktig og mor eller far kan bytast ut eller miksast i nær sagt uendelege variantar.

Det skal ikkje bli lett å lage «Tore på sporet» eller skrive gards- og ættesoge heretter. Vil vi det slik? Lobbyistar som skryt av at dei maktar nå måla sine ved å gå under radaren, endrar på kort tid vår oppfatning om kjønn og familie, og heile vår samfunnsorden. Vil det norske folk det?

«Om livsløgna blir politisk, kan ikkje sanninga lenger bli høyrt. Den frie tanke er lagt i politiske lenkjer», seier filosof Nina Karin Monsen i boka «Kampen om seksualiteten. Ytringsfrihet –hat –tankekontroll», Oslo 2016.

Kanskje seier det norske folk i desse tider som forfattaren Haldis Moren Vesaas (1907–995) som under krigen skreiv diktsamlinga «Tung tids tale» (1945). «Det heiter ikkje: eg –no lenger. Heretter heiter det: vi.»