FRANKRIKE: Det er all grunn til å slå fast at trusfridomen ikkje vernar religionar eller maktovergrep. Trus- og livssynsfridomen vernar menneske, skriv Johannes Morken. Biletet er frå ei kyrkje i Frankrike.

Trusfridom – kamp på liv og død

Det er smertefullt å sjå maktbruk i religionens namn. Trusfridomen viser seg likevel viktigare og viktigare som menneskerett.

Igjen vert vi sjokkerte av overgrep mot barn i den katolske kyrkja, no med fleire hundre tusen offer i Frankrike (Dagen, 4.10.) Dette er endå eit hjarteskjerande døme på korleis religiøs makt vert nytta til overgrep.

Slike groteske rapportar skaper ein forståeleg aversjon mot religiøs makt. For den saks skuld blir det reist spørsmål om religionsfridommen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er all grunn til å slå fast at trusfridomen ikkje vernar religionar eller maktovergrep. Trus- og livssynsfridomen vernar menneske. Ingen kan nekta nokon å ha ei tru eller å velja ei tru. Ingen kan bruka makt, verken til å få nokon til å «tru rett» eller til å krevja at nokon viljelaust bøyer seg under religiøs makt. Ingen skal krenkja eit annan menneske i Guds namn.

Trumfar ikkje andre rettar

Religionsfridomen trumfar heller ikkje alle andre menneskerettar. Retten til å ha ei tru og velja ei tru, er uavgrensa. Retten til å utøva trua kan derimot måtta vika, på strenge vilkår. Eitt av vilkåra er dersom utøving av trusfridommen går ut over «andres grunnleggjande rettar og fridomar». Slik heiter det i FN-Konvensjonen for sivile og politiske rettar, vedteken i 1966.

I ein aviskronikk nyleg hevda den tidlegare katolske presten Rudi Kessel nyleg at religionsfridomen er eit «absurd teater» (Vårt Land 25.9.). Han viste mellom anna til at «absurde» organisasjonar prøver å skaffa seg offentlege privilegium ved å opptre som trussamfunn. Han meinte også at dei rettane som religionsfridomen vil sikra, er godt dekt av ytringsfridommen, forsamlingsfridommen og samvitsfridommen.

Ikkje overflødig

Gro Nystyen (Vårt Land 29.9.) gjorde i eit grundig tilsvar godt greie for at religionsfridomen ikkje er overflødig. Ho understreka også at «absurde framstøytar» for å skaffa seg offentleg støtte, ikkje vinn fram. Biletet av eit grønt spaghetti-dørslag på hovudet, i regi av «kyrkja» Det flygande spagettimonster, har fint lite å gjera med kjernen i religionsfridommen.

Sjølvsagt må det brukast skjønn, og samfunnet treng regelverk for å dra lina mellom støtteverdige trussamfunn og dei som ikkje er eit trussamfunn. Eit moderne og komplisert samfunn har slike behov på mange sektorar.

Problemet hos oss er heller det motsette: At godt innarbeidde kristne institusjonar vert utsette for sterkare og sterkare politisk konformitetspress. Dei må leva med trusselen om å mista offentleg støtte dersom dei ikkje innordnar seg. Det er ein urovekkjande bruk av den moderne statens maktmiddel.

Jehovas vitne-forbod i Russland

Vi som følgjer internasjonal utvikling, er på vår side djupt urolege over at Jehovas vitne er erklært som ein forboden organisasjon i Russland. Fleire titals enkeltmenneske vert rettsforfølgde, og fleire er fengsla – i opptil seks år. Dette er beint fram overgrep.

På den andre sida er det høgst legitimt at Jehovas vitne her i landet må svara for behandlinga si av enkeltmedlemmer, til dømes dei vitna som brukar stemmeretten sin i norske val.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mange slags teater

Mange menneskerettar utløyser tidvis «absurde teater». Men vi kan ikkje oppheva eigedomsretten fordi heftige tvistar om felling av tre eller andre kranglar om eigedomsgrenser utløyser «absurde teater» i byråkrati og domstolar.

Rudi Kessel brukte også som argument mot religionsfridomen at ultraortodokse jødar i Jerusalem kastar stein etter folk som krenkjer deira strenge syn på sabbaten. Den einaste staden eg er blitt kasta stein etter i Midtausten, er i det ultraortodokse nabolaget Mea Shearim i Jerusalem. På sabbaten. Eg vart heldigvis ikkje treft.

Men vi løyser ikkje problema med steinkasting eller annan maktbruk ved å fjerna religionsfridommen. Den fridommen skal altså aldri brukast til å truga eller skada, heller ikkje med stein.

At Israels statsminister Ben Gurion gav store privilegium til det vesle ultraortodokse samfunnet då staten Israel blei danna, rir Israel som ei mare i dag. Dei ultraortodokse er blitt svært mange, og det tærer på samhald når dei slepp militærteneste og får så mykje offentleg støtte at dei kan bruka all tid på religion. Det trengst både dialog, handlekraftig politikk og tydeleg juss for å løysa konfliktar.

Holocaust – utrydda for si tru

Men konfliktar fjernar ikkje grunnlaget for trusfridommen. Dei som i FN utforma Menneskerettsfråsegna og paragraf 18 om trus- og livssynsfridom, var smerteleg klar over at Europa like før hadde opplevd eit industrielt folkemord som alle verst ramma jødane.

Det var ikkje berre som organisatorisk fellesskap jødane vart utestengde i vår Grunnlov i 1814 og på nytt av Quisling i 1942 – før «Donau» segla 26. med ventande gasskammer i Auschwitz.

Viktig menneskerett

Tankane mine går også til jesidiane som vart utsette for folkemord på Sinjar-fjellet i Irak i 2014. Det skjedde ikkje fordi jesidiane hadde brukt forsamlingsfridommen eller ytringsfridommen. Terroren vart utløyst fordi jesidiane har ei tru som IS stemplar som «urein».

Kristne vart også truga på livet og jaga frå Ninivesletta nord i Irak. Kalifatet skulle byggjast – av og for «dei reine». Dei andre skulle ryddast unna med drap og trugsmål.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I Egypt har IS i fleire omgangar gått dødeleg til verks mot kristne. Men det aller verste terrorangrepet (med over 300 dødsoffer) ramma av fredelege sufi-muslimar.

I India vil ekstreme hindunasjonalistar at landet berre skal vera for hinduar. Den hindunasjonalistiske rørsla RSS, som støttar BJP-regjeringa, har nyleg lansert eit slagord om at dei vil frigjera India frå kristne og muslimar.

Svaret er ikkje å oppheva religionsfridomen. Svaret er å slå fast at trusfridomen vernar menneske – og at maktbruk mot enkeltmenneske og minoritetar ikkje kan forsvarast med religionsfridom.

Ropar etter vår støtte

Mektige herskarar vil på side leggja all religion under total politisk kontroll. Lat oss nemna Kina som brutalt herjar med uigurane – og fengslar den modige pastor Wang Yi. President Xi Jinping må tola å høyra kritikken. Våre styresmakter må vågar å seia frå.

Mektige herskarar vil på side leggja all religion under total politisk kontroll.

Religionsfridomen er ikkje «eit absurd teater». For altfor mange er den ein kamp på liv og død. Det gjeld menn som vert fengsla for trua si og kvinner som blir valdtekne av same grunn.

Difor reknar eg med at dei to partia som sit i Hurdal for å forhandla fram ei ny regjering, vil verna trus- og livssynsfridomen i Noreg og i verda elles. Hardt pressa religiøse minoritetar i mange land ropar etter vår støtte.