Tenestedeling – styring og åndeleg leiarskap

Bibelen gjev oss ikkje eit detaljert oppsett for korleis kristne forsamlingar, organisasjonar eller institusjonar skal styrast. Derimot gjev Guds ord oss nokre prinsipp for kristent arbeid, og det viser at det er visse funksjonar og tenester som må vera der.

Hovudsaka er at Guds folk kjem saman, at nådemidla er i funksjon ved at Ordet vert forkynt og sakramenta forvalta, at det er bøn, at nådegåvene får rom, at det skjer misjon, diakoni og opplæring.

Det er viktig at dei ulike nådegåvene til å forkynna er i verksemd, og at det vert utøvd åndeleg leiarskap eller tilsyn ut frå nådegåva til å vera hyrding eller eldste. Den bibelske tenestedelinga mellom mann og kvinne går på utøving av lære- og hyrdingtenesta. Desse to tenestene er i Skrifta knytt tett til kvarandre, og vert gjerne utøvde i ein einskap (Ef 4,11).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den kristne forsamling har vore organisert frå apostlane sine dagar. Ordninga med kristne organisasjonar er ei nyare sak frå midten av 1800-talet. Sjølv om misjonsorganisasjonar er ei menneskeleg ordning, gjeld like fullt dei bibelske prinsippa.

I vår tid er det særleg viktig at vi legg til rette for og framelskar ei allsidig forkynnar- og opplæringsteneste. Det er også viktig at vi tek på alvor det Bibelen seier om hyrding- og eldsteteneste, slik at det vert utøvd eit aktivt åndeleg leirskap og tilsyn.

Dette siste må vera ein integrert del av arbeidet som er i kontinuerleg funksjon, og ikkje noko som fungerer på sida av det daglege arbeidet og som berre trer i funksjon i bestemte situasjonar – sjølv om det siste er viktig nok.

Fram til vår tid har ofte det åndelege leiarskapet har vore lagt til styret, og med det har berre menn vore valbare til styret. Dette har ein klar fordel ved at då er lære- og hyrdingtenesta ein sterkt integrert del av organisasjonens arbeid. Samstundes har det den veikskapen at andre delar av styringa av organisasjonen ut frå det allmenne preste­dømet ikkje vert like godt ivareteke.

Det har no vorte vanleg å oppretta eit hyrde-/eldste-/tilsynsorgan ved sida av styret, der dei to organa har fått definert sine oppgåver i forhold til kvarandre. Det kan fungera godt, men det kan også gje ei passiv lære- og hyrdingteneste, særleg om det vert forstått primært som ei ekstern tilsynsteneste. Alle styre bør ha eit sterkt innslag av folk med lære- og hyrdingnådegåver. Kvinneperspektivet må ikkje få overstyra dette prinsippet.

Når det no iIndremisjonsforbundet er førslått at alle plassane iForbundsstyret, bortsett frå formannen, skal opnast for kvinner, kan det svekka den integrerte del av lære- og hyrdingtenesta i styret sitt daglege arbeid, sjølv om tenestedelinga og det åndelege leirskapet vert ivareteke gjennom eit tilsynsråd. Kva dette kan eller vil ha å seia for organiasjonen på lang sikt, bør drøftast grundig før ein gjer eit slikt vedtak.