LIVSRETT: For meg er det tydeleg at KrF er det beste alternativet for å fremje retten til liv, også det ufødde, skriv Kjell Furnes, her fotografert i Israel.

Stem for livet

La oss tenkje oss ein praktisk situasjon. Ei folkegruppe, samansett av både eldre, unge, ja, barn er på fjelltur. Ein fantastisk dag, med sol over fjellheimen. Fargerike skogar og kanskje ei sprudlande elv i dalføre. Alle, både små og store, jublar over dagen.

Men så skjer det noko. Eit barn kjem bort! Det blir panikk! Gløymt er naturen! Det ruvande fjellet stig framleis i sky i sin majestetiske prakt. Men no er det som alt er gløymt. No gjeld det å finne barnet. Alt anna er uvesentleg. Alt blir sett inn for å finne barnet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det gjeld då eit menneske! Eit lite barn som kan elske og le – snakke og be. Mine tankar går til dagens valkamp. Er det ikkje det «synlege» som står i fokus? Det gjeld å berge naturen – det gjeld å sikre det materielle. Velferd og gode kår til livets daglege behov. Og det kan vere mykje å ta tak i her.

Eit ufødt barn skal ha det same rettsvern som det fødde.

Samstundes er der ein kamp for å utvide grensa for å ta bort det ufødde menneske. Eit ufødt barn skal ha det same rettsvern som det fødde. Gud er livets skapar og oppretthaldar. Eg er overtydd om at dersom det ufødde livet kan få større plass og «forkjørsrett» hos det norske folk vil det bli til stor velsigning for folket.

For meg er det tydeleg at KrF er det beste alternativet for å fremje retten til liv, også det ufødde. Derfor stem KrF. Stem for livet.