KONTAKT: Erfaringa frå pandemien er likevel at kontakten som ein kan få ved å møtast ansikt til ansikt er av ein heilt annan karakter enn det ein kan få til gjennom ein skjerm, skriv Olav Vestbøstad.

Spirer i øydemarka

Endeleg anar me at koronapandemien kan gå mot slutten. Mange har opplevd at denne tida har vore vanskeleg.

Det gjeld både her i Norge og andre stader rundt i verda. Vanlege kvardagsrutinar har blitt endra.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fysisk kontakt og samvær med andre menneske har blitt sterkt redusert. Nokre har skildra koronalivet som ei ørkenvandring.

Men midt øydemarka kan det spire fram liv. Profeten Jesaja formidlar håpet frå Gud slik: «Sjå, eg gjer noko nytt. No spirer det fram. Merkar de det ikkje? Ja, eg legg veg i ørkenen, elvar i øydemarka.» (Jesaja 43,19)

Førre veke arrangerte utlandsavdelinga i Misjonssambandet ei inspirerande digital samling med alle utsendingane rundt om i verda. Frå kvart felt var det ein person som delte frå sin kvardag.

Nokre hadde vore lenge i landet, andre var ferske. Det var stor variasjon i dei ni forteljingane som vart delte.

Kvardagen var også veldig ulik, men gjenkjenningsfaktoren var høg.

Mange av utsendingane har opplevd det siste året heilt annleis enn ein såg føre seg. Når dei ser attende, er det lett å oppdage at det var mykje av det som var planlagt som ikkje vart gjennomført.

Samtidig var det mange utsendingar som delte at dei hadde fått nye moglegheiter som dei ikkje hadde sett føre seg.

Ein utsending fortalde om ein person i nabolaget som hadde blitt tvinga av situasjonen til å flytta tilbake til heimstaden sin. Då misjonæren var på veg ut døra etter å ha vore på visitt i samband med id, festen som markerer slutten av fastemånaden ramadan, kviskrar denne personen til misjonæren:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Eg ynskjer å fylgje dykkar veg!» Dette var berre éi av fleire historier frå dette landet om menneske som uttrykte ynskje om å tru eller synte teikn på at dei trudde.

Mange av dei planlagde aktivitetane i årsplanen var kansellerte. Det gjorde at det vart meir tid til å ha kontakt med enkeltpersonar som ein hadde rundt seg.

Ein effekt av denne kontakten er altså at fleire av dei visar teikn på at dei vil tru!

Ei liknande forteljing fekk me høyre frå ein annan verdsdel. Koronapandemien har gjort at eit gjestehus som nokre av utsendingane våre driv, mista mange av gjestane.

Det vart heilt slutt på utanlandske turistar. Heller ikkje lokale turistar har kunna komme.

Dødtida på gjestehuset var blitt brukt til å pusse opp og bygge nytt kafé-område. Der kjem det no inn naboar og folk som bur i nærområdet.

I staden for å vere travelt opptatt med gjester som kjem og som reiser har utsendingane som driv gjestehuset fått meir tid til å fokusere på dei nære relasjonane.

Det ser ut til å bere frukt. Det blir nye samtalar om tru og liv.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I nokre land har mange ting gått ganske som normalt under pandemien, men det har generelt blitt mindre reising og ein har ikkje kunne samle så mange personar på ein gang.

Det blir kanskje ikkje så store tal å skrive heim om. Ein har hatt kontakt med færre personar, men desse få har ein til gjengjeld fått ein djupare relasjon med.

I misjonsarbeidet kan det lett bli slik at me er opptatt av å vere effektive og vil nå over mest mogleg og snakke med flest mogleg.

I staden for å lengte til det som var, er det fleire av utsendingane som har sett nye dører opne seg.

Koronaen har tvinga oss til å vere meir i ro der me er. Den har tvinga oss til å møte færre menneske. Men den har også ført oss inn i andre og gjerne djupare relasjonar enn tidlegare.

Det er ikkje berre Kurt Foss og Reidar Bøe som opplever at «Ditt sinn monne flyve så vide omkring». Mange misjonærar opplever det same.

Det er så mange ting ein skulle gjort, så mange ein skulle snakka med og så mange stader ein skulle vore!

Det kan vere lett å tenke at koronakvardagane er triste og grå. Men midt i det grå kan det som er uventa dukke opp.

I staden for å lengte til det som var, er det fleire av utsendingane som har sett nye dører opne seg, ved at dei har fått meir tid til dei som lever dei nærast.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På eitt år har det også skjedd ei stor digital omvelting. Den digitale samlinga med alle utsendingane var utenkjeleg for eitt år sidan.

Erfaringa frå fyrste samlinga er så god at eg er sikker på at dette vil bli vidareført i ei eller anna form. Dei digitale verktøya kan løyse mange problem og opne nye dører.

Erfaringa frå pandemien er likevel at kontakten som ein kan få ved å møtast ansikt til ansikt er av ein heilt annan karakter enn det ein kan få til gjennom ein skjerm.

Den digitale misjonærsamlinga vart ei påminning for meg om kor viktig det er med dei daglege møta med personar i mitt nærmiljø.

Så gjeld det å ikkje gløyme dette når kvardagsjaget igjen set inn!