SORGARBEID: Dei fire siste åra har Vandring For Forandring vore eit tilbod berre for menn. Biletet er frå ein gamal tunnel på Pilegrimsvegen ved Dyrskar.

Sorg på vandring

Det nærmar seg helgemesse, ein dag då for å sørgje og minnas. Det finst mange tilbod til menneske i sorg. Til dømes ei pilegrimsvandringar.

Sidan 2012 har RVTS Sør, kyrkja i Agder og Telemark og Leve hatt eit samarbeid om ei årleg pilegrimsvandring for etterlatne etter sjølvmord. Ønske har vore å gje etterlatne etter sjølvmord eit annleis tilbod. Kunne den moderne pilegrimskulturen knytast til sorgarbeid, spurde me, og tok til å gå den gamle pilegrimsvegen over Haukelifjell mot Røldal.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I ein kronikk i Aftenposten 2.12.16, skriv Torgeir W. Skanke om menn og sorg. Om utfordringa med å sette ord på det som er vanskelege å snakke om:

«Ødemarken kan være et ypperlig sted å bearbeide egen sorg på, men lite egnet for å støtte andre hvis disse befinner seg i byen. Menn mangler trening i å dele de vanskelege følelsene med andre, og strever med sorgen alene i sorgen sitt 'ingenmannsland'. Vi menn trenger å erobre dette siste 'ingenmannsland' og lære oss å beherske språket. Ingen andre kan gjøre det for oss – vi må tråkke opp løypene selv.»

Dei fire siste åra har Vandring For Forandring vore eit tilbod berre for menn. Dette kjem og av at fagfolk peiker på menn som ei gruppe som ekstra sårbare, som etterlatne.

Vandring for forandring, trur me kan vere ein veg ut av dette ingenmannslandet.

Terapivegen

Som bakgrunn for tiltaket støtte me oss på nokre ord av den danske filosofen Søren Kirkegård (1813–55): «Tap for all del ikke lysten til å gå. Jeg går meg til det daglige velbefinnende hver dag og går fra enhver sykdom. Jeg går meg til mine beste tanker, og jeg kjenner ikke en tanke så tung at man ikke kan gå fra den. Når man slik fortsetter å gå, så går det nok.»

Ingen tanke er så tung at ein ikkje kan gå frå han, skreiv filosofen. Er det fordi me gjerne vil at det skal verke, at det gjer det eller at det finst endringar som let seg måle, såkalla evidens?

Øyvind Dåsvatn (t.v.) og Eilev Erikstein.

Kanskje er det så enkelt som at vandringa gjer at kjensler og tankar lettare finn ord, og gjev høve til ein indre prosess. Ei såkalla tredje samtale. På vandringa går arrangørar, fagfolka og deltakarane om kvarandre. Kven som er kven, er ikkje lett å vite. Etter kvart er me som ein kameratgjeng på tur.

Langsam tid

Vandring gjev langsam tid, det korresponderer godt med sorg. Ord og kjensler treng tid. Metodikken er enkel. Me snakkar eller let vere. Minst mogleg krav. Mest mogleg venleg stemmer og andlet. Heller ikkje vegen skal vera for fysisk tung (sjølv om det blir tre mil på to dagar).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Psykiater Tom Andersen (1936–2007) skapte omgrepet «reflekterande team», ei vasskilje i mykje terapi. Bakgrunnen var at terapispråket handla mykje om patologi. Utfordringa er å hente fram ressursane kvart menneske har.

Vel enkelt, kan ein tenkje, men Vandring for Forandring er dagar i eit reflekterande team, lytte, snakke, gje tilbakemeldingar. Under Vandring For Forandring lagar ein nye nettverk, somme er fagfolk og dei andre deltakarane ekspertar på litt av kvart, og i alle fall sorg. I lag med naturen blir me som reflekterande team.

Jakko Seikulla (f. 1953) er eit annan namn som har inspirera oss. Han var oppteken av kvardagsspråket i samband med psykoseutbrot. Då samla han gjerne heile nettverket, snakka enkelt og greitt, og kledde røynslene i kvardagslege ord.

Under Vandring for Forandring, er det kvardagsspråket som rår. Å røre seg, gjer noko med praten. Ofte må ein minimere med orda, eller oppleve at nokre ord flyg bort med vinden. Andre gonger sit ein stille og lyttar til siklinga i ein bekk. Så kan det å tie i eit fellesskap, i møte med eigne tankar, gje ein ei kjensle av at ein har sagt noko. Fordi ein anna sette presise ord på det ein tenkte.

Slike magiske augneblikk trur me på, heier på og veit at det finst mange av på desse vandringane.

Slike stunder, trur me, er med på å opne vegen for vandringa frå ingenmannsland til fellesskapet.