REVOLUSJON: Logikken var: Di verre det står til, desto betre er det. Det betyr at krisa, som skal bana veg for revolusjon og fornying, nærmar seg. Tanken om at når det går «dei» ille, så går det «oss» godt, er ein variant av denne tankegangen, skriv Egil Morland. Biletet er frå Kyrkjemøtet i 2013.

Sommarstille før...

Rett ofte i det siste har eg lurt på om organisasjonsfolket vil svikta dei av oss som framleis arbeider innanfor Dnk. Det kan skje på så mange vis, skriv Egil Morland.

Organisasjonane innanfor og delvis utanfor Den norske kyrkja (Dnk) slit – både økonomisk og teologisk. Reportasjane frå generalforsamlingar og stemne vitnar om det. Meir om det nedanfor.

Men først ein merknad til ettertanke: Dersom nokon er freista til å tru at det er godt for «oss» at det går dårleg for «dei», les: Dnk, så tek dei grundig feil.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det som slit på troppane i kyrkja, vil etter kvart slita også på organisasjonane. Det som Dnk drøftar i sine fora, og framfor alt premissane for desse drøftingane, vil automatisk sive inn også i organisasjonane. Den som hugsar litt frå naturfagstimane i skulen, har støtt på ordet «osmose». Det er eit fenomen der utvekslinga er total. Den skjer ikkje via éin kanal; det er heile organismen som tek opp i seg den ytre påverknaden.

Den som berre les reportasjane, men som ikkje er med på den aktuelle vitamininnsprøytinga av positivitet og påfyll av inspirasjon og stå-på-humør, registrerer også trøytleiken bak orda. Den ytrar seg som ei sukk over diskusjonar «vi aldri vert ferdige med», underforstått: som vi anten må leva med eller takla ved eit «forsona mangfald».

Eg vedgår det gjerne: Rett ofte i det siste har eg lurt på om organisasjonsfolket vil svikta dei av oss som framleis arbeider innanfor Dnk. Det kan skje på så mange vis.

For det første ved sjølvbedrag, til dømes ved ein strategi som gjer at «det viktige» vert ofra for «det viktigaste». Eg trur ikkje dette er Bibelens tenkjemåte. Det som dreg i same retninga, anten det er viktig eller viktigast, skal ikkje setjast opp mot kvarandre. I Guds ord heng ting saman som eit organisk heile.

For det andre kan svikten skje heilt konkret, ved at røystesetlar ikkje vert brukte av dei som framleis er medlemer i kyrkja. Også det kan ha ei tilsynelatande from grunngjeving: – Eg tek ikkje ansvar for dét huset i det daglege, kvifor då på valdagen? Motspørsmål: Kven trur du det er den sokalla opne folkekyrkja vil mobilisera, slik at trykket ovanfrå og utanfrå vert enda sterkare på organisasjonsfolket? Er det slike som regelmessig tek del i gudstenesta, og som har som mål å kalla folket til omvending, dei inviterer til stemmeurnene?

Svikten kan også skje ved at konkret omsorg og forbøn uteblir. Vi blir likegyldige. I min ungdom tala dei radikale marxist-leninistane om krisemaksimering. Logikken var: Di verre det står til, desto betre er det. Det betyr at krisa, som skal bana veg for revolusjon og fornying, nærmar seg.

Tanken om at når det går «dei» ille, så går det «oss» godt, er ein variant av denne tankegangen. Eg har høyrt ein del av dette dei siste åra: – Ja, gratulerer med innsatsen. Men det nyttar jo ikkje, på sikt.

Eg har sjølv tenkt slike tankar. Difor vil eg gje vidare eit godt råd eg har fått av ein som har stått i mange kampar. På sukket: – Det nyttar ikkje, svara han: – Det er det ikkje di sak å vurdera. Det er Guds sak.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
NMS drøfter forholdet til Den norske kirkeNMS
Les også
Glødende engasjement, vanskelig rekruttering
Les også
– Vil ha mer samarbeid med regionerØyvind MelingNMS
Les også
Åpen Folkekirke for alle