Skifte av standpunkt - ikkje Ordet, men folket

«Det er altså ikkje eit møte med Gud og ny inn­sikt i Ordet som har ført til nytt stand­punkt, men møte med folk i ulike sa­man­hen­gar», skriver tidligere Dagen-redaktør Johannes Kleppa i sin kommentar.

Det skal vera vans­ke­leg å finna ein teo­log som i eit sen­tralt bi­belsk spørs­mål har skif­ta så ra­di­kalt stand­punkt som bis­kop Tor B. Jør­gen­sen har gjort i ho­mo­fili­spørs­må­let. Det kom ty­de­leg fram i Dagen 15. d.m.

Han har gått frå mar­kant mot­stand til å verta ein av dei mest yt­ter­leg­gå­an­de i sin ar­gu­men­ta­sjon for ho­mo­filt sam­liv og for like­kjøn­na vig­sel. Det er nes­ten så ein ikkje trur at eit slikt ham­skif­te er mog­leg, aller minst når han mei­ner at han i kjer­nen av evan­ge­li­et står for det han all­tid har gjort.

Det er to ting som slår ein når ein les bis­ko­pens for­kla­ring på kvi­for han skif­ta stand­punkt og hans om­ta­le av si Kris­tus-ori­en­te­ring.

Det førs­te er at han ikkje grunn­gjev sitt nye stand­punkt i ho­mo­fili­saka med ny inn­sikt i Guds ord, men som kon­se­kvens av møte med men­nes­ke. Han for­kla­rer det med at han har kome «tet­te­re på de ho­mo­fi­le» og med «opp­le­vel­sen av å være prest i folke­kir­ken».

Det er altså ikkje eit møte med Gud og ny inn­sikt i Ordet som har ført til nytt stand­punkt, men møte med folk i ulike sa­man­hen­gar.

Det er nes­ten utru­leg at ein bis­kop kan grunn­gje end­ring i teo­lo­gisk stand­punkt på denne måten. Det er li­ke­vel nokså ka­rak­te­ris­tisk for si­tua­sjo­nen i Den nors­ke kyr­kja for tida.

Den same bi­bel­opp­løy­san­de og bi­bel­for­nek­tan­de ten­kje­må­ten kjem til ut­trykk i Sam­livs­ut­va­let si inn­stil­ling når det hei­ter at opp­fat­nin­ga i fol­ket må vera med­be­stem­man­de for kris­ten etikk. Dette skjer i den kyr­kja som er kalla Or­dets kyr­kje, og som har Skrif­ta som lære­kjel­de og skrift­prin­sip­pet som læ­re­norm - at det ikkje skal opp­stil­last andre lære­punkt enn det Skrif­ta lærer oss.

Det andre er at han talar om «Kris­tus-for­ank­ring», «Kris­tus-var­me» og «Kris­tus-liv» prak­tisk talt utan re­fe­ran­se til Guds lov, synda, for­sonin­ga og dom­men. Ei Kris­tus-for­kyn­ning som ikkje tek Guds lov og dom på alvor, er falsk.Ho fører inn i eit ånds­liv utan opp­gjer med synd som fiend­skap mot Gud.

Ei evan­ge­lie­for­kyn­ning som ikkje går saman med lo­vens av­slø­ran­de gjer­ning, vert utan ån­de­leg og at­ter­fø­dan­de kraft. Ei slik Kris­tus- og evan­ge­lie­for­kyn­ning un­der­grev også den bi­bels­ke læra om for­ta­pin­ga, og med det vert frel­ses­spørs­må­let ra­di­kalt endra.

Di­ver­re er det si­tua­sjo­nen i store delar av det nors­ke kyr­kje­land­ska­pet, og i dette viser ak­sep­ten av ho­mo­filt sam­liv sitt sanne and­let. Det drei­er seg om eit svært djupt­gå­an­de og om­fat­tan­de etisk spørs­mål, men det drei­er seg også om for­kyn­nin­ga av lov og evan­ge­li­um.

Med det grip det inn til sen­trum av kris­ten­trua, rett­fer­dig­gje­ring av tru -den ar­tik­ke­len som kyr­kja står og fell med.

Inn­fø­ring av kyr­kje­leg vig­sel av like­kjøn­na par ber med det i seg prin­sipp av tru­som­dan­nan­de og kyr­kje­split­tan­de ka­rak­ter. Tor B. Jør­gen­sen er eit il­lust­re­ran­de døme på kva som skjer når folke­mei­nin­ga og opp­le­vin­gar i møte med folk tek Ordet plass og vert teo­lo­gisk sty­ran­de.

Les også
Biskopene drøfter liturgi for homovielserSamkjønnet ekteskapsliturgi
Les også
Tilbakeblikk på et teologisk vannskilleVannskille-konferansen
Les også
Teologi og erfaringer