SP: Kampen for distrikta må halde fram. Tenester nær folk. I alle lag av folket. Stor eller liten. Distriktsopprør har ei sigerrik historie i Noreg, skriv Tore Arnegard. På biledet ser vi Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum i Vardø.

Senterpartiet er løysinga

Sp er med på endringar, men då må det føre til noko betre. Å vera framoverlent er positivt, men ikkje kun for endringa sin skuld.

Kampen for det tredje alternativet mellom sosialismen og liberalismen halde fram. Snu sentraliseringa og bygg arbeidsplassar i heile landet!

ARNEGARD: Tore Arnegard er tidlegare KrF-politikar, no i Senterpartiet.

Ein visjon om å skapa noko nytt. Basert på å vera folket sin ombodsmann. I folkedjupet. Det politiske sentrum, som Senterpartiet representerar, er eit godt alternativ til både Arbeiderpartiet og Høgre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Allereie midt på 1980-talet sa Høgre sin tidlegare statsminister, Jan Peder Syse, med sin gode patos, fylgjande: «Ap har stjålet klærne våre mens vi badet».

Desse to partia har stått saman i grunnleggjande saker, som til dømes: EU-iver, systemskifte, store strukturendringar, sentralisering og generell marknadstilpassing.

Marknad på den eine sida og samhald på den andre, representerer det viktigaste skiljet og konfliktlina i dagens politiske landsplan. Blå eller raud? Tja, sei det?

Det er minst eitt «Senterparti» både i Arbeiderpartiet og Høgre, som ikkje likar det desse to partia står for på dette område.

Ein politikk for samhald og solidaritet framfor omsynet til marknadsliberalisme. Og her er Senterpartiet utvilsamt best. Ein fungerande marknad som vert korrigert ut frå politiske mål.

Eit døme er blandingsøkonomien (balanse mellom offentleg og privat eigarskap) som er ein skandinavisk suksessmodell. Eit økonomisk system der privat eigedomsrett til produksjonsmidla er det vanlege, men der styresmaktene involverar seg i økonomien, og det på ulike måtar.

Venstresida legg ofte planøkonomien til grunn medan høgresida ivrar for marknadsliberalismen.

Eg ser med stor sorg på at regjeringa Solberg vil blankpusse ja til EU-profilen framfor Stortingsvalet 2021. Difor treng me ein ny allianse mot denne politiske ja til EU-kursen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mellom anna med høgare skattar og avgifter, meir byråkrati, sentralisering og høgare arbeidsløyse (slik det er i EU-land) er dårlege løysingar for landet og folket vårt. Er det ikkje for det og dei me skal tene?

Sp er med på endringar, men då må det føre til noko betre. Å vera framoverlent er positivt, men ikkje kun for endringa sin skuld.

Veljarane vil ha noko anna enn den politikken som i dag vert ført. Distriktsopprør. Kystopprør. Eindel lokale offentlege tenester som ikkje fungerar.

Stikkordet her er å byggje samfunnet nedanfrå og opp. Ikkje ovanfrå og ned, slik det skjer i dag:

Nedbygging av akuttsjukehus og fødetilbod, ny politireform (fjernpoliti), bort med lensmann i ei rekkje kommunar, tvangssamanslåingar av kommune og fylke, svekkjing av universitets- og høgskulesektoren og lokale domstolar, er nokre blant mange døme.

Busetjingsmønsteret er eit fellesgode. Det har me ikkje råd til å miste. Bygdevekstavtaler må koma på plass.

Ein langsiktig satsing på kommunar som har dei største næringsmessige utfordringane. Reduser selskapsskatten i distrikta går Sp inn for.

Kampen for distrikta må halde fram. Tenester nær folk. I alle lag av folket. Stor eller liten. Distriktsopprør har ei sigerrik historie i Noreg!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I verdispørsmål står Sp seg like godt som KrF. Det gjeld i spørsmål som til dømes: Kampen for den kristne kulturarven, bio- og genteknologi, vern om livet, kontantstøtte, narkotika- og alkoholpolitikk, omsorgsløn med meir. Sp har i tillegg så mykje meir å by på enn dette.

Eg ser med stor sorg på at KrF i regjering har vore med på marknadsliberalisering, økonomiske strukturendringar, i ei rekkje spørsmål.

Eg ser med stor sorg på at KrF i regjering har vore med på marknadsliberalisering, økonomiske strukturendringar, i ei rekkje spørsmål. Men bygdene gjer no opprør.

Langt inn i KrF-land. Avmakta breier om seg. Konflikten mellom sentrum og periferi er attende i politikken.

Erna Solberg og regjeringa sine reformer har vorte gjennomførte utan tiltak som gjev kompensasjon til Distrikts-Noreg. Sentralisering er å pille ut små steinar i steingarden som har halde lokalsamfunn og folk saman i fleire hundre år. Er det ein kristendemokratisk tanke?

Den kloke Augustin skreiv, og det bør gjelde i politisk arbeid òg: «Fastheit i det sentrale. Fridom i det perifere. Kjærleik i alt».

Ein må stå for noko elles fell ein for alt! Senterpartiet står grunnstøtt. I giv akt og grunnstilling for folket. Partiet er ein tenar. Difor får partiet mi røyst til stortingsvalet.