Riv oss ut av påskekosen

Biskopar og prestar bør løfta fram historiene til menneske som blir forfølgde for trua si for å skaka oss opp i hytteveggen eller kyrkjebenken.

Biskop Per Arne Dahl summerte i ein kronikk (Aftenposten 18. mars) godt opp nordmenn flest sitt forhold til påskehøgtida: Påskebodskapen er irrelevant for det store fleirtalet, skreiv han. Er det noko som er heilagt, så er det «starten på campingsesongen», noterte han seg, med referanse til ein samtale han hadde høyrt.

Rett skal vera rett. Mange går til messe eller gudsteneste og følgjer påskedramaet frå måltidet skjærtorsdag gjennom lidingssoga langfredag til gleda påskedag. Men for nordmenn flest er «påskefeiring .... utmerket uten Jesus», skreiv Dahl.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er ein korrekt observasjon. Også biskop Helga Haugland Byfuglien reflekterer over det same temaet (Dagen 27. mars): «La ikke påsken gå hus forbi».

Eg trur biskopar og prestar kan henta forteljingar frå andre delar av verda for å tvinga oss ut av «ei kosepåske». Vi kan venda blikket mot land der kristne møter liding og smerte og der oppstandelsen verkeleg er det frigjerande håpet.

I Mosul i Irak har det ikkje vore feira påske sidan brutale svartkledde IS-krigarar tok kontroll byen i juni 2014. Då IS-krigarane kom, flykta den irakiske hæren, og folket i byen og i områda rundt måtte klara seg sjølve i møte med den blodige fanatismen, det gjaldt både kristne, jezidiar og muslimar.

I fjor vart Mosul frigjort frå IS. I jula blei det arrangert gudsteneste i ei katolsk kyrkje. Det var ei gudsteneste med mange tilreisande. Lokale muslimar gjorde sitt til å klargjera kyrkja, for å visa kristne at dei kan etablera seg på nytt i Mosul, trass i den sterke kristne frykta for at IS-sympatien ikkje er fordreven frå byen saman med IS. Gudstenesta var aller mest ei symbolhandling for å visa at IS var nedkjempa. Få kristne har så langt vendt tilbake til Mosul.

Mange kristne som framleis er i Irak, har sidan 2014 hatt tilflukt i dei sjølvstyrte kurdiske områda – i og rundt hovudstaden Erbil. Nokre tusen familiar har dei siste månadane vendt tilbake til heimstadene sine, i byar som Karakosh og Dohok. Der skal dei prøva å byggja opp att liva sine. Og der skal dei feira påska, følgja lidingssoga og gleda seg over oppstandelsen. Og dei vil be om ei framtid i landet.

Den syrisk-ortodokse erkebiskopen Nicodemus Daoud av Mosul har ikkje feira påske i heimbyen sidan IS-brutaliteten slo inn over byen. Han kjem med følgjande oppmoding til nordmenn:

– Be for oss, også no i påsken. Be om at vi framleis har ei framtid her i ­landet, for det er her i vårt eige land vi vil leva. Be om at europeiske land vil hjelpa oss til å ha ei framtid her.

Erkebiskopen flykta saman med prestane sine frå Mosul då alle medlemmar av hans eiga kyrkje hadde flykta sommaren 2014. I snart fire år har han leia kyrkja si frå Erbil. Der ber han om at dei kristne ikkje blir gløymde i det storpolitiske spelet om Irak.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han er ei stemme som kan hjelpa oss å få påskebodskapen til å dirra. Jul utan Jesus? Det er utenkjeleg.

Men det er fleire stemmer og fleire historier. Påska er blitt ei høgtid med forsterka fare for terror.

Kristne i fem indiske delstatar opplevde trakassering og angrep då dei var samla til gudsteneste palmesøndag i fjor. Evangelical Fellowship of India fordømde «angrep på kristne på særlege dagar for tilbeding, som palmesøndag». Dei hindunasjonalistiske angrepa vart verre utover i 2017 – og året blei traumatisk for kristne i India.

Forverringa i India kan løftast fram i påska. Be for kristne i områda der den valdelege hindunasjonalismen står sterkast. Be om at det er råd å skapa ny tillit mellom kristne og styresmakter under press av hindunasjonalismen som krev at for å vera ein god indar må du vera hindu.

I den nigerianske delstaten Kaduna blei 12 kristne drepne i eit angrep mot ei kyrkje påskenatt i fjor.

Også i fleire statar i Nigeria blei valdsåtaka fleire utover i 2017 og endå verre så langt i 2018. Kristne i Midtbeltet i Nigeria har grunn til å grua seg til påskehøgtida. Det som starta som ein kamp om beiterettar mellom muslimske fulani-gjetarar og kristne fastbuande, er dei siste månadane blitt ei valdsbølgje med automatvåpen, retta mot hovudsakleg kristne landsbyar. Dei katolske biskopane har åtvara mot borgarkrig i delar av landet. Men dette er ei utvikling det er lett å fortrengja. Det er jo så langt unna.

Men vil vi verkeleg feira påske med Jesus, kan vi ikkje gløyma dei som er mest utrygge.

Palmesundag i fjor blei 49 drepne i sjølvmordsangrep mot to egyptiske kyrkjer – i Tanta og Aleksandria.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Forteljingane burde skaka oss opp til å ta trua meir på alvor og til å kasta oss rundt for å hjelpa dei som kjempar for trusfridommen – nokre gonger med livet som innsats. IS har trappa opp angrepa både mot det svært autoritære Sisi-regimet og mot den koptiske minoriteten i Egypt, ikkje minst sidan den koptiske paven støtta Sisi. Med val i Egypt like før påske er det grunn til uro over kva som kan skje i påskedagane – for den ortodokse kyrkja kjem påska i år ei veke etter vår påske.

Det er slett ikkje slik at alle kristne i Egypt er forfølgde. Og alle kyrkjene i landet er livskraftige som aldri før. Men i påska er det all grunn til å be.

I Lahore i Pakistan ramma sjølvmordsbombarar to kyrkjer like før påske i 2015. I 2016 ramma ein sjølvmordsbombar ein park påskedag. Angrepet var retta mot kristne, med mange muslimar som offer også.

Historiene både om livskraftige kyrkjer og om korleis kristne lever under trussel om terror kan gjera påskebodskapen ny og sterk. Biskopar og prestar bør løfta fram historier frå kristne samfunn der påske utan Jesus er heilt utenkjeleg.