KANDIDAT? Truls Olufsen-Mehus frå KrF i Finnmark, kan vera den vitamininnsprøytinga partiet treng i ein ny leiar, meiner Bjarne Gjerme.

Reis KrF på nytt!

Rundt år 2000 var KrF på topp med oppslutnad godt over 10 prosent i to stortingsval. Då vart det krefter rundt toppen i partiet som arbeidde for å viska ut KrF sitt særpreg for å skapa eit stort folkeparti som skulle heita Kristendemokratene.

Etter det ein kunne forstå, var Angela Merkel og Kristendemokratane i Tyskland det store førebiletet. Men problemet var at eit slikt parti hadde ein frå før i Noreg: Det heiter Høgre. Då starta nedturen for KrF.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

KrF hadde frå starten av partiet i 1936 ein såkalla vedkjenningsparagraf sterkt festa til vedtektene. På ein toppstyrt måte vart denne så fjerna, i von om at partiet skulle femna breiare, men nedgangen heldt fram.

Då KrF i val var kome ned på rundt 6 prosent, vart det oppretta ein «havarikommisjon». Denne fann heller ikkje nokon nøkkel til ny oppgang, og ved valet i 2017 greidde ein så vidt sperregrensa.

Eg trur det er mange kristne, både aktive og ikkje-aktive, som er fortvila over deler av samfunnsutviklinga. Dersom KrF heller ikkje er til å stola på i sine hjartesaker, vel dei heller parti ut frå interesse for til dømes landbruk, industri eller miljø.

Og ein del som er klar over at Noreg står i spissen for å finansiera terror og krig i Midtausten, røystar gjerne Frp.

For fire år framover har KrF no tre særs dugande stortingsrepresentantar frå Agder, Rogaland og Hordaland. Dette er eit godt grunnlag!

For å styrkja partitoppen kan det i denne stoda vera rett å velja partileiar utanfor Stortinget.

Les også
Ny KrF-ledelse?

Fleire har no teke til orde for det, mellom andre hadde Jarle Jacobsen nyleg eit viktig og vektig innlegg i Dagen for dette. Som fleire andre drog han fram Truls Olufsen-Mehus frå Troms/Finnmark som ny KrF-leiar.

Truleg kan Olufsen-Mehus vera den vitamininnsprøytinga KrF no treng. Og dette vil då visa at KrF er eit landsdekkande parti.