Quo vadis - Noregs forsvar?

Eg tenkjer på forsvaret i Noreg. Det ser ut som det er på full fatrt nedover. Mot null.

For kvar gong budsjettet til forsvaret vert nemd i pressa, blir det bedyra at omleggingane skal gje oss eit betre og meir tidsmessig forvar, eigna til å forsvare oss i framtida.

Korleis er det då?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mindre soldatar og materiell i Nord-Noreg år for år. Dei skal satse på tidsriktig forsvar, på fly og cyber.

Olavsvern, den norske basen for marinen utanfor Tromsø vart seld, og leigd ut til kven? Jau, til Russland!

Sjå:

http://forskning.no/krig-og-fred-utenrikspolitikk/2016/08/norge-bor-gjenapne-marinebase-utenfor-tromso

Sjå også

http://www.abcnyheter.no/nyheter/2015/03/21/220449/norge-solgte-hemmelig-ubatbase-i-nord-leies-na-av-russere

Lagringa av forsvarsmateriell for NATO er lagt til Trøndelag, for ikkje å irritere vår nabo i nordøst.

Hæren, marinen og flyvåpenet vert redusert år for år, og forlegningar og basar vert lagde ned. Mindre og mindre av kvart kull av vernepliktige kallar dei inn, og tida dei pliktige er inne, blir kortare og kortare. Befal vert det mindre av.Heimevernet skal leggjast ned, det som var grunnlaget for motstandsrørsla under andre verdskrigen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så kom nyheita forrige veke:

Ubåt , sannsynlegvis russisk, observert i Vestfjorden. Det tok over 4 timar føt eit Orionfly var på vengene, for å undesøke, fordi ein måtte mobilisere mannskapet. Dei fann ingen ting. Trudde dei at ubåten venta på dei i 5 timar? Det viste seg at det var eit Orionfly i beredskap, men det tok 4 timar å moblisere crew, og komme på vingane! Er det beredskap? Før dei får mobilisert, er krigen over. Har nokon høyrt korleis det var å få mannskapa utkommandert i 1940? Det kan bli verre no.

http://www.tv2.no/a/8684344/

Så kan ein lure på om dette er den forbetringa forsvarsminister Eriksen Søreide talar så varmt om ?

Russarane gjorde i sitt tilsvar narr av oss, som rimeleg kunne vere

//www.tv2.no/a/8684344/

Dei bed oss å jobbe litt med Orioneffekten , sidan det tok 4 timar å få flyet på vengene.

Når det så blir sagt at norske fly slit med å oppdage dei russiske ubåtane, så serier det seg sjøl at norsk forsvar ikkje er i stand til å forsvare Noreg i det heile tatt. Ikkje til lands, ikkje til vanns og ikkje frå lufta.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

https://www.dn.no/nyheter/politikkSamfunn/2016/10/29/0908/Forsvaret/orion-sliter-med-a-finne-russiske-ubater

Ein eventuell krig vert ikkje ein cyberkrig der ein tastar på datamaskiner. Det blir å forsvare Noreg fysisk, frå lufta, til vanns og på land.

Hadde det norske forsvaret vore utbygd, kunne det avskrekke. Nå er det under 1940 nivå. Og dei som har rusta mest opp dei siste åra, ler og ironiserar. Med god grunn.