UNDERTRYKKING: Norge bør først og fremst gjere to ting: Vi bør legge press på regima som undertrykker, og vi bør ta i mot dei undertrykte med opne armar viss dei slepp unna og søker om asyl i landet vårt, skriv Emil André Erstad. (Illustrasjonsfoto: Tor-Helge Gundersen)

Press mot forfølgelse

«Det er vik­tig at Norge legg press på alle land som lar mi­no­ri­te­tar bli for­følg­de», skriv Emil André Erstad.

Folk som går i fak­kel­tog for for­følg­de krist­ne set fin­ge­ren på eit av dei størs­te pro­ble­ma i den ver­den vi lever i: Mi­no­ri­te­tar som vert un­der­trykt av eit do­mi­ne­ran­de fleir­tal. Aldri vil ein mi­no­ri­tet i eit land kunne oppnå fleir­tal, og der­for er det av­gje­ran­de at mi­no­ri­te­tar sine ret­tar vert re­spek­tert av fleir­ta­let. Norge si rolle in­ter­na­sjo­nalt kan og bør bru­kast ak­tivt i denne kam­pen.

Ein kan ek­sem­pel­vis peike på den al­vor­li­ge si­tua­sjo­nen for det krist­ne mindre­ta­let i Midtaus­ten, ein re­gion der eks­tre­me isla­mis­tar får stør­re spele­rom til å un­der­tryk­ke dei som trur og ten­ker ann­leis enn fleir­ta­let. I en­kel­te land som Af­gha­ni­stan og Iran, er det døds­straff for å kon­ver­te­re til ei anna tru enn islam.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er eit alvor som nors­ke ut­len­dings­sty­res­mak­ter i hø­ga­re grad ta inn­over seg når men­nes­ke i de­spe­rat naud kjem til Norge for å søke om asyl. Vi kan ikkje under nokon om­sten­dig­het sende men­nes­ke til­ba­ke til eit land der dei ri­si­ke­rer livet for å vise kva dei trur på med ei mel­ding om at dei berre bør halde trua for seg sjølv så går det nok fint. Det er ver­ken rett eller hu­mant, og strir mot trus­fri­dom og men­neske­ret­tar.

Norge bø r først og fremst gjere to ting: Vi bør legge press på re­gi­ma som un­der­tryk­ker, og vi bør ta i mot dei un­der­tryk­te med opne armar viss dei slepp unna og søker om asyl i lan­det vårt. Ingen skal måtte sen­dast heim til eit land kor dei må skju­le sin iden­ti­tet, si tru eller sine tan­kar.

Mi­no­ri­te­tar som vert for­følgd finn ein ikkje berre i auto­ri­tæ­re re­gi­me i andre delar av verda. I Euro­pa kjen­ner vi best til pro­ble­ma­tik­ken knytt til rom­folk som har blitt kaste­bal­lar mel­lom euro­pe­is­ke land, og sek­su­el­le mi­no­ri­te­tar som ikkje får lov til å vere seg sjølv i delar av Aust-Euro­pa. Mange mus­li­mar som kjem til euro­pe­is­ke land blir bedne om å gøyme re­li­gio­nen sin.

Vår eigen tryg­ge krok av ver­den er langt frå per­fekt, og det er fram­leis ut­ford­rin­gar knytt til for­føl­gel­se av mi­no­ri­te­tar også her. Trus­fri­do­men er skjør, og må ver­nast. Norge må legge press på alle land som for­føl­gjer mi­no­ri­te­tar, anten det er i Euro­pa eller i andre delar av verda.

Norge må gå fremst i rekka av land når det in­ter­na­sjo­na­le fak­kel­to­get for men­nes­ke som blir for­følgd, går av sta­be­len.

Forfølging Emil André Erstad Leiar i KrFU

Les også
Tenner ild for kristne i Nord-KoreaFakkeltog for forfulgte kristne