Presidentval i USA alltid avgjort – i Noreg

Mediadekkinga av amerikanske valkampar avslører i røynda 
eit alvorleg problem 
i det som skulle 
vera ei differensiert 
norsk presse.

Heilt sidan eg under Cubakrisa sprang ned i bomberommet på Fullerton Union High School i California ein oktobermorgon i 1962, har eg følgt nøye med i amerikansk politikk. Eg har halde kontakten med kjenningar i mange slags miljø der borte, observerer og les stoff frå amerikanske og norske kjelder side om side.

I mange tiår har det vore eit konstant fenomen i dekninga av amerikanske valkampar: Der ordskiftet går så det sprakar rundt i dei femti delstatane iUSA, med drøfting og veging av dei to presidentkandidatane, er debatten her heime for lengst avgjort. Sympatiane i norske media ligg alltid hjå den demokratiske presidentkandidaten, uansett kvalifikasjonar eller valprogram.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Demokratane er bra. Republikanarane er ille. Den eine kandidaten er klok. Den andre er dum.

Stundom går det så langt at det nærmar seg rein kampanjejournalistikk. DåRonald Reagan stilte til val i 1980, vart han skjelt ut av norske media, jamvel av folk påStortinget. Alle krauna og bar seg over denne B-skodespelaren som kom tumlande. Få nemnte at han hadde vore ein omtykt fagforeiningsleiar for sine yrkesbrør og vist seg som ein effektiv guvernør i Amerikas største delstat.

Han fekk USA i gang att, styrkte amerikansk sjølvtillit og stimulerte kulturarven tvers over det store kontinentet. Då han avslutta karrieren med å vinne den kalde krigen, braut Berlin-muren og utløyste nasjonal fridom og demokrati i dei mange sovjetiske vasallstatane i Aust-Europa – utan å løyse eit børseskot – var det ingen i Noreg som takka Reagan for denne fredfulle sigeren. Æra på norsk venstreside gjekk til Gorbatsjov åleine.

I ettertid: Så snart det dukkar opp ein demokratisk president- eller kandidat i USA, kan Nobelprisen koma siglande for dei mest utrulege prestasjonar.

Denne venstreorienterte favoriseringa av demokratane går att i pressedekninga ved kvar einaste valkamp. RepublikanarenGeorge W. Bush jr. vart framstilt som ein uopplyst tomsing samanlikna med verdsmannenJohn Kerry. Sistnemnde kunne jo prate fransk og drikke kvitvin.

Bush kunne berre spansk og var fråhaldsmann. Ingen her heime tok bryet med å finne ut at dei to hadde gått på det same universitetet (og er åndsbrør med felles medlemskap i den same hemmelege losjen), og slett ingen opplyste at det var Bush som hadde dei beste akademiske resultata.

På nytt, i 2012, var det republikanarenMitt Romney som vart dømt nord og ned. Han var for stiv, for konservativ, for Konstitusjonen, for familieverdiar, for pen, hadde tent for mykje pengar. Ingen stilte spørsmål ved hans økonomiske kunnskapar og administrative evner.

At han hadde styrt OL i Salt Lake City til ein suksess med stort overskott, var uinteressant. Og tenk, han var mormonar, og ikkje ein vanleg nytingssjuk hedonist. Og han ville ikkje love bort – høgt og lågt – endå meir pengar som USA ikkje har.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han tapte så vidt motObama, nær 48 mot 52 prosent. Målingar viste at dersom Europa hadde vore valkrinsen, ville han ha tapt med 25 mot 75 prosent. Men dersom Noreg hadde vore valkrinsen, ville Mitt Romney ha tapt med seks mot 94 prosent!

Kva viser desse tala? Dei syner at det biletet som vert formidla til det norske publikumet, ikkje fangar opp det som er reelle utfordringar, problem og preferansar i det amerikanske folket. Biletet blir skeivt når den republikanske kandidaten stort sett blir sitert med dumme setningar her heime, medan klokskapens laurbærkrans blir hengt opp rundt halsen på den demokratiske kandidaten frå start til mål.

Mediadekkinga av amerikanske valkampar avslører i røynda eit alvorleg problem i det som skulle vera ei differensiert norsk presse.

For å seia det enkelt: Me har eit demokratisk problem.

Dette vil heller ikkje endre seg i presidentvalkampen 2016.