Presidentval – abort og argumentasjon

Kva seier det om det norsk kristenfolket at ein ville ha tont ned spørsmålet om fosterdrap, der det amerikanske kristenfolket let det vera avgjerande?

Etter atDonald Trump vart vald til president iUSA har det oppstått ein debatt om korleis det kunne skje, og ikkje minst korleis kristne kunne røysta på han. Han har fått ei oppslutning frå det spesifikt kristne segmentet i USA som knapt noko før han, både blant evangelisk og katolsk kristne. Mellom norske kristenleiarar ville vore stikk motsett. Det bør vekkja til ettertanke.

Argumenta for ikkje å røysta på Trump går i stor grad på hans person og ting han har sagt og gjort. Det er den lettaste tingen av verda å finna negative ting å seia om den nyvalde presidenten, og difor forstår eg godt at nokre ville vorte heimesitjarar på valdagen. Derimot har eg store problem med å forstå at tenkjande kristne ville ha stemt påHillary Clinton, fordi ho i alle grunnleggjande verdispørsmål er liberal, og hennar abortstandpunkt er ekstremt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det har vorte sagt at ein ikkje kunne røysta på Trump ut frå hans menneskesyn, men han vil trass alt utnemna høgsterettsdommarar som vil verna om livet i mors mage. Korleis i all verda kan ein røysta på Clinton ut frå det menneskesynet som kjem til uttrykk i hennar syn på fosterdrap, om menneskesynet er til hinder for å røysta på Trump?

Både sjefredaktør i Dagen,Vebjørn Selbekk, og redaktør iSambåndet,Petter Olsen, har gjort klart at dei ville ha røysta på Clinton, og då mest ut frå at dei ikkje kan røysta på personen Trump. Eg er nokså overraska og opprørt over den argumentasjonen dei fører. Begge presiserer at dei «på generelt grunnlag er imot abort», som Olsen uttrykkjer det, og ville ha røysta på Clinton trass i hennar liberale abortstanpunkt.

Begge legg då på ulike måtar meir vekt på andre spørsmål enn det som gjeld livsrett og menneskeverd. Heile argumentasjonen går på å tona ned fosterdrapssaka og andre verdispørsmål og tilsvarande løfta fram andre og meir pragmatiske saker. Eg trudde ikkje eg skulle ha opplevd ei slik nedtoning i alvoret i abortspørsmålet frå desse to redaktørkrakkane.

Ein kristen analyse og argumentasjon må ta utgangspunkt i det som veg aller tyngst, og det er livsretten for barnet i mors mage, og så orientera andre spørsmål ut frå det – ikkje motsett, som dei to redaktørane gjer.

Eg jublar ikkje for Trump, men eg ropar gjerne høgt at eg er glad for at det vart vald ein president som vil utnemna verdikonservative høgsterettsdommarar, slik at det kan vera von om at barnet i mors liv får betre livsvern enn no, og ikkje vert enda meir utrygt.

Selbekk avsluttar leiarartikkel sin 12. november, der han analyserer dei positive reaksjonane på kristent hald, med å spørja: «Hva sier det egentlig om amerikansk kristenhet?»

Det synest eg er eit utruleg spørsmål. Spørsmålet burde vore motsett: Kva seier det om det norsk kristenfolket at ein ville ha tont ned spørsmålet om fosterdrap, der det amerikanske kristenfolket let det vera avgjerande?

-----