UTFORDRA: Verdiar som lenge har vore ein del av grunnmuren i samfunnet vårt, blir no utfordra på det sterkaste. Ein kan ikkje få tilbake dei som allereie er luka ut, men det er framleis mogleg å redde dei som flammane enno ikkje har teke, skriv Karina Fløysvik Hæåk. På biletet ser vi Marte Wexelsens Goksøyr i møte med dåverande statsminister Jens Stoltenberg.

Pervertert perfeksjonisme

Dersom målet er å heile tida forbetre mennesket, når er ein nøgd? I ei tid der ein stadig søkjer forbetring og perfeksjon, er kampen for menneskeverd og mangfald ein kamp mellom liv og død.

«Jeg vil gjerne være en Jeanne d’Arc. Hun er fri, selv om bålet venter henne». Marte Wexelsen Goksøyr

Eg kan ikkje seie anna enn at det er utruleg sterkt å høyre talen til Marte Wexelsen Goksøyr frå grunnlovsjubileet i 2014. I håp om at alle narsissistane i verda skal løfte blikket frå sitt eige spegelbilete, sender ho ut eit rop om hjelp.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho kallar seg sjølv og andre med Downs syndrom for utrydningstrua, noko som nok ikkje er så langt frå sanninga. I jakta på menneskeleg forbetring og perfeksjon, kan det vere vanskeleg å sjå bålet som veks seg større og større og flammane som berre ventar på å kaste seg over nokre av våre medborgarar.

For ei stund sidan kom eg over eit intervju med statsvitar Aksel Braanen Sterri. Han uttalte at eit samfunn utan Downs ikkje er eit dårlegare samfunn. Han ønskjer eit sorteringssamfunn, eit samfunn der ein lukar ut dei som ein ifølgje Sterri ikkje treng, liksom ein lukar ut løvetanna frå hageplenen på våren.

Eg klarer ikkje å la vere å undre meg over korleis det er mogleg å tenkje slik. Kva gir oss rett til å definere kven som er annleis nok til å ikkje få ta del i vårt samfunn, i vår hage? Skil me oss ikkje alle litt i frå alle andre rundt oss? Dersom me alle er annleis og ulike, kva er då annleis nok til å skilje «dei» frå «oss»?

Kva er det Sterri søkjer? Er det eit samfunn der alle er mest mogleg like og der det er minst mogleg «feil»? Blir ikkje dette nesten som å gøyme bort artikkel 2 i menneskerettserklæringa til FN av 1948, grave han ned så han ikkje lenger syner?

Artikkel 2 slår fast at rettane i erklæringa gjeld alle individ, uavhengig av om ein snakkar fransk, er muslim, røyster sosialistisk eller er fødd med ryggmergsbrokk, med andre ord dei variasjonane som gjer oss menneske ulike.

Retten til liv og personleg tryggleik gjeld dermed like mykje for menneske som er fødde med «feil», «feil» som ifølgje Sterri er store nok til at dei bør bli forvist frå verdas hage.

Det er usemje om når eit liv startar, men det er ei utbreidd semje om at DNA-et til kvart menneske blir bestemt i befruktningsaugneblinken. Dersom ein ikkje blandar seg inn og alt går som det skal, vil eit uskuldig og hjelpelaust barn bli fødd om lag ni månader seinare.

Kven skal verne om retten til livet og den personlege tryggleiken til utsette foster, til dei ein tidleg kan sjå har ein litt annan genetisk tilstand?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Foster som blir fødde like uskuldige og like hjelpelause som andre barn, men som skil seg ut i ei verd som er gjennomsyra av tanken om «det normale» som det fremste idealet. Dette er ein definisjon det kan sjå ut til at stadig fleire er i ferd med å falle ut av.

Dersom ein får tilgang til heile arvematerialet, DNA-et, til eit foster, kva vil ein då bruke det til? Det har lenge vore mogleg å nytte fosterdiagnostikk dersom ein oppfyller visse vilkår. Sjansen for spontanabort har då vore om lag ein prosent.

No diskuterer politikarane om ein ny og meir presis måte, ein såkalla NIPT-test (Non Invasive Prenatal Testing), skal bli eit tilbod for gravide. Ein blodprøve av mor kan avdekkje heile DNA-et til fosteret. Denne testen er risikofri og er i seg sjølv verken eit vonde eller eit gode.

Alt er avhengig av korleis ein bruker testen og kvifor ein vil bruke testen. Det store spørsmålet er kvar grensa skal gå og kor stort innsyn foreldra skal få i gena til barnet sitt. For korleis skal samfunnet stille seg til ein test som gjer det like lett å snoke i andre sitt arvemateriale som å lese ei avis, men som stiller endå større moralske og alvorlege utfordringar enn når ein les andre sine dagbøker og SMS-ar?

Er det slik at ein ikkje kan gjere samfunnet rikare og ha eit godt liv dersom ein har ein medfødd «feil»? Emil Vatne (18) frå Nærbø speler på det norske kjelkehockeylandslaget og deltok i Paralympics i Pyeong Chang 2018. Han er fødd med ryggmergsbrokk og har aldri kunna gå.

I eit intervju med NRK fekk han spørsmålet om han ville vald å gå dersom han kunne endre sin eigen skjebne. «Det hadde eg ikkje gjort. Eg er litt for glad i det eg gjer», var svaret journalisten fekk (NRK TV, 2018). Ein av dei Sterri ikkje ønskjer i sitt idealsamfunn seier rett ut at han ikkje ønskjer å vere «normal».

Vatne ønskjer eit aktivt liv i sitjande stilling. Eit liv som ved hjelp av fosterdiagnostikk kunne ha vore fjerna før ein fekk høyre kva syn han sjølv har på ryggmergsbrokk og det livet han har fått. Ei perfekt løvetann som kanskje aldri hadde fått sjansen til å springe ut.

Teknologien kan fort bli like usikker som når ein får sauebesøk i hagen. Ein veit aldri kva som blir ståande att, men at det ofte blir liggjande igjen ein del skit, er sikkert. Kor mykje skal ein tukle med mennesket før ein seier seg nøgd?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ole Martin Moen, den mest kjende transhumanisten i Noreg, ønskjer å forbetre menneske så langt det let seg gjere ved hjelp av teknologi. Moen har òg uttalt at 95 prosent av mennene i Noreg er for dumme til å bli fedrar. Høgare intelligens skal ifølgje Moen gjere menneska lukkelegare og gjere det lettare å glede andre.

Etter meininga til Moen er det derfor desse som bør føre gena sine vidare, så sant dei ikkje har «uheldige arveeigenskapar». For meg verker det som ei brutal totalreinsking, der ein ikkje berre vil få ugras i bøtta, men òg vakre blomar, bærbuskar og greiner frå frukttre.

Kvar går grensa for kva som er ein «feil»? Dersom nokon til og med karakteriserer lågare intelligens som «feil», går ein mot ei kraftig innskrenking av mangfaldet. Det kan verke som at sorteringssamfunnet, som tidlegare «berre» har vore eit trugsmål, er i ferd med å bli eit faktum.

Ei varsellampe som tidlegare var blinkande gul, har no blitt blodraud. Kanskje samfunnet rett og slett må stoppe opp og snu denne katastrofale utviklinga før det er for seint?

Eg lurer på kven og kor mange som må bli luka ut i jakta på det perfekte samfunnet. Dersom målet er å heile tida forbetre mennesket, når er ein nøgd? I ei tid der ein stadig søkjer forbetring og perfeksjon, er kampen for menneskeverd og mangfald ein kamp mellom liv og død. Verdiar som lenge har vore ein del av grunnmuren i samfunnet vårt, blir no utfordra på det sterkaste.

Ein kan ikkje få tilbake dei som allereie er luka ut, men det er framleis mogleg å redde dei som flammane enno ikkje har teke. Kva anna kan ein då gjere enn å kjempe saman med dagens Jeanne d’Arc når grunnmuren held på å rase? 



Bibliografi:


Bioteknologinemnda. (2008, 05 01). Fosterdiagnostikk. Hentet 02 22, 2018 fra Bion: http://www.bion.no/filarkiv/2010/07/temaark_fosterdiagnostikk.pdf

Bioteknologirådet. (2017, 03 22). Fosterdiagnostikk. Hentet 02 22, 2018 fra Bioteknologirådet: http://www.bioteknologiradet.no/temaer/fosterdiagnostikk/



Artikkelen fortsetter under annonsen.

Forente nasjoner. (1948). Verdenserklæringen for menneskerettigheter.



Gjøsund, A. (2014, 06 05). – Transhumanismen er menneskefiendtlig ønsketenkning. Hentet 02 26, 2018 fra Vårt Land: https://www.vl.no/troogkirke/transhumanismen-er-menneskefiendtlig-onsketenkning-1.85132?paywall=true



Goksøyr, M. W. (2014). Jev vil leve! Grunnlovsjubileet i 2014. 



Kristiansen, L. (2015, 04 17). En hedonist om hedonisme. Hentet 02 26, 2018 fra Samfunnsviter’n: http://samfunnsvitern.com/hedonisme/



Lunde, E. (2016, 04 25). Høy nok IQ? Hentet 02 26, 2018 fra Vårt Land: https://www.vl.no/meninger/spaltist/hoy-nok-iq-1.716804



Menneskeverd. (2018, 01 01). Hva er fosterdiagnostikk? Hentet 02 22, 2018 fra Menneskeverd: https://www.menneskeverd.no/tema/fostervannsdiagnostikk/



Menneskeverd. (2018, 01 01). Tema: Hva er NIPT? Hentet 02 26, 2018 fra Menneskeverd: https://www.menneskeverd.no/tema/nipt-blodproven/



NRK TV. (2018, 02 24). Dagsrevyen. Hentet 02 26, 2018 fra NRK TV: https://tv.nrk.no/serie/dagsrevyen/NNFA02022418/24-02-2018#t=27m44s



Artikkelen fortsetter under annonsen.

Pettersen, E. (2014, 02 26). - Et samfunn uten Downs er ikke et dårligere samfunn. Hentet 02 22, 2018 fra Nettavisen: https://www.nettavisen.no/nyheter/--et-samfunn-uten-downs-er-ikke-et-darligere-samfunn/5170776.html



Urkegjerde, E. (2013, 11 14). Er det noe galt med å forbedre mennesket? Hentet 02 26, 2018 fra Fritanke: http://fritanke.no/index.php?page=vis_nyhet&NyhetID=9256