Andrew Brunson (bildet), som er pastor i ei protestantisk kyrkje i Izmir i Tyrkia, blei fengsla i oktober 2016. Foto: DHA-Depo Photos via AP/NTB scanpix

Pastoren er Erdogans gissel – vi må stå opp for han

Den fengsla amerikanske pastoren Andrew Brunson i Tyrkia er i ferd med å berre blir ei brikke i kampen mellom USA og Tyrkias president Erdogan. Det set det alvorlege brotet på menneskerettane hans heilt i skuggen.

Andrew Brunson, som er pastor i ei protestantisk kyrkje i Izmir i Tyrkia, blei fengsla i oktober 2016. President Erdogan hadde då sett inn massive mottiltak etter det mislukka statskuppet. Tusenvis av tilsette i ulike delar av stats- og rettsapparatet blei reinska ut og fengsla.

Fabrikkert

Brunson blei skulda for å vera ein del av nettverket til Fetullah Gülen som frå den amerikanske basen sin er skulda for å stå bak det mislukka statskuppet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Brunson som er amerikansk statsborgar, og kona har budd og arbeidd i Tyrkia sidan 1994 og sidan då vore pastorpar i ein liten protestantisk kyrkjelyd i byen Izmir. Fordi det er svært vanskeleg å få lov til å utdanna eigne leiarar, er fleire protestantiske kyrkjelydar avhengige av pastorar frå utlandet.

Brunson avviser blankt at han har vore innblanda i Gülenrørsla og i forsøket på statskupp. Han har berre vore pastor. I alle år har arbeidet han har drive i Izmir, vore kjent for alle og ope for innsyn. Den velrenommerte United States Commission on International Religious Freedom (USCIRF) meiner rett og slett at det er fabrikkert bevis mot Andrew Brunson.

Han har vore fengsla under strenge vilkår sidan oktober 2016, utan dom og utan tilgang til det som måtte vera av prov – eller påståtte prov – mot han – prova har vore hemmelege. Han hadde ikkje tilgang til advokat dei første to månadane av fengselsopphaldet.

Han møtte i retten for første gong 16. april. Retten bestemte at neste høyring er 7. mai, altså i dag. Brunson risikerer lang fengselsstraff fordi han etter tiltalen skal ha «leia ein terroristorganisasjon». Det er dessverre ingen grunn til å tru at han blir sett fri. For dette er blitt dramatisk storpolitikk.

Gissel

I ein tale i presidentpalasset 28. september i fjor kravde president Erdogan at USA utleverer Fetullah Gülen. I byte skulle USA få pastor Brunson heim. Meir eller mindre direkte sa presidenten at Brunson er gissel i kampen for å få Gülen utlevert og stilt for retten i Tyrkia. Retten har ikkje sagt dette, men presidentens tale har fått stort nedslag i tyrkiske nasjonale media og i kommentarfelt på nettet.

Torsdag sist veke vart ei tverrpolitisk stortingsgruppe for trusfridom – med representantar alle parti – relansert. Seminaret vart fyldig omtalt i Dagen fredag. Der deltok mellom andre den tyrkiske menneskerettsforskaren Mine Yildirim. Ho leier «Freedom of Belief Initiative» i heimlandet. Yildirim fryktar for lagnaden til Andrew Brunson.

«Uheldigvis følgjer ikkje Amnesty International og Human Right Watch saka til Brunson. Det er stort sett berre USA – gjennom ambassaden og senatorar – som følgjer saka. Slik blir Brunson ei brikke i kampen mellom USA og Tyrkia. Det hjelper ikkje Brunson. Saka hans må sjåast på som ei menneskerettssak. Eg håpar at fleire menneskerettsorganisasjonar går inn i saka hans. Eg håpar også andre ambassadar enn den amerikanske gjer det. Dersom Norge ikkje alt følgjer saka, meiner eg den norske ambassaden må engasjera seg, til dømes ved å senda observatørar til rettssaka», sa Yildirim til oss i Stefanusalliansen.

Krev han fri

Kor mykje USA gjer med saka har også vore eit spørsmål, sidan dei har andre dei gjerne vil ha ut av fengsel. Ein tidlegare amerikansk ambassadør i Tyrkia, Eric Edelmann, krev i Washington Post at Donald Trump straks krev Brunson sett fri utan vilkår. Kravet kjem han med saman med Aykan Erdemir, tidlegare medlem av det tyrkiske parlamentet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mine Yildirim fekk Stefanusprisen i 2016 saman med nettopp Aykan Erdemir. Vi i Stefanusalliansen har engasjert oss i saka til Brunson, og våre appellvener sende appell for han i februar i fjor. Dette er ei sak som viser kva vilkår trusfridommen vil ha i Tyrkia der Erdogan har stramma grepet etter eit kuppforsøk som var dømt til å mislukkast. 24. juni er det val i Tyrkia.

Uakseptabelt

Christian Solidarity Worldwide, eit internasjonalt nettverk av organisasjonar som kjempar for trusfridommen, er svært kritisk til behandlinga av Andrew Brunson. «Det er ikkje lagt fram noko prov som knyter han til Gülen-rørsla, og det er både urovekkjande og uakseptabelt at ei frigjeving av Brunson blir gjort avhengig av utlevering av Gülen», uttalte CSW tidlegare i år.

Det aller største problemet for menneskerettane i Tyrkia er den innskrenka ytrings- og pressefridommen. Det rammar også trussamfunn – og ikkje berre kristne. Det går på tvers av Tyrkias eiga lovgjeving som vernar religionsfridommen.

Dette er eit land der regjeringa ifølgje lova har rett til å nekta den armenske kyrkja å utnemna ny patriark – i ti år har kyrkja vore utan leiingsdyktig patriark sidan den valde vart så sjuk at han ikkje kunne fungera. I i eitt område i aust har staten for ikkje lenge sidan ekspropriert kyrkjelege eigedommar.

Dette er eit land der auka omfang av hatefull tale i nasjonale media, retta mot religiøse menneske, synest å spela over til at enkeltmenneske går til fysiske angrep og truslar mot kyrkjer og kyrkjelydar. Eit digert søppelberg framfor ei armensk kyrkje i Istanbul for få dagar sidan er det siste dømet. Eit brent nytestamente ved ei protestantisk kyrkjedør i fjor er eit anna.

Straffefridom

Dei lokale styresmaktene rydda opp søpla ved den armenske kyrkja, men sidan gjerningsmannen blei hevda å vera ustabil, fekk han inga straff. Kanskje er dette eit resultat av at Erdogan etter kuppet oppmoda folk til å slå til mot «fiendane», utan å risikera straff.

Straff risikerer derimot pastor Andrew Brunson. Eg har spurt Utanriksdepartementet om ambassaden i Tyrkia og Amnesty Norge om Amnesty har tenkt å følgja den sterke oppmodinga frå Mine Yildirim om å gå inn i saka mot Brunson for å gjera dette til den alvorlege menneskerettsska dette er. Eg gjentek spørsmålet her.

Når Brunson møter i retten, håpar eg Amnesty og den norske ambassaden stiller. Som vaktarar for trusfridommen når den risikerer å bli klemt flat under storpolitikken.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

----

Slik svarar UD og Amnesty:

Svara frå Utanriksdepartementet og Amnesty kom litt for seint til trykkinga av kronikken, men her er dei:

1. Statssekretær Audun Halvorsen i Utanriksdepartementet svarar slik:

«UD er bekymret over menneskerettighetssituasjonen i Tyrkia, og ambassaden følger utviklingen på dette området tett, inkludert Brunsons sak. Ambassaden observerer derfor ofte rettssaker, i nært samarbeid med likesinnede andre lands ambassader, men vil ikke ha anledning til å stille på det omtalte rettsmøtet som skal finne sted mandag.»

2. Politisk rådgjevar Beate Ekeløve-Slydal i Amnesty svarar slik:

«I Tyrkia i dag er det mer enn 50 000 varetektssaker, hvorav mange sannsynligvis er vilkårlige, og Amnesty har valgt å prioritere sakene til menneskerettighetsforkjempere og journalister. I motsetning til mange av disse har pastor Brunson mange mennesker som jobber for hans sak, inkludert hele den amerikanske kongressen.»

Les også
Amerikansk pastor kan få livstidsdom i Tyrkia
Les også
Ber Norge støtte fengslet pastor
Les også
Fengslet pastor med salme fra cellen
Les også
Amerikansk pastor for retten i Tyrkia for terroranklager
Les også
Forlenget fengsel for terroranklaget amerikansk pastor i Tyrkia