LØYSINGA: 10.000 flyktningar av ein straum på elleve millionar er ikkje sjølve løysinga på denne store humanitære krisa, skriv Hallgrim Berg.

Øydelegging av dugnad

Me opplever no politisk kappspringing her heime om å vera mest moralsk og prektig i ei vanskeleg sak.

Ordet dugnad vart nokre år sidan kåra som det beste norske ordet. Det er eit meiningsfylt norsk ord for ein gamal god tradisjon.

Stortinget fremforhandlet flyktning-løsning

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I politikken dukkar ordet stadig opp i ny tyding: Noreg bør ta inn 10.000 ekstra flyktningar frå Syria, seier stortingsfleirtalet, og vil skuve ansvaret ut i kommunane. Dette er ein nasjonal dugnad, seier lokale ordførarar, og vil vera med på leiken lokalt dersom dei slepp å betala.

Dugnad er det når mange hjelper til med felles innsats, slik at tiltaket blir tilnærma gratis for den eller dei gjeld, og tiltaket blir avslutta på kort tid, ofte etter nokre timar eller nokre dagar. I alle fall er det tale om ein innsats som er tidsavgrensa, til dømes rydding i parken, støyping av grunnmur hjå grannen, osv.

Det er reint misbruk av ord når dette heidersordet vert nytta om integrering av flyktningar og asylsøkjarar.

Dette arbeidet er ikkje ei sak for glade amatørar, men eit høgt profesjonalisert virke. Verksemda er ikkje gratis, men svært ressurskrevjande på offentlege budsjett. Utgiftene for hushaldningane er såleis ikkje over på nokre dagar, men vil halde seg oppe i årevis. Med den praksisen i spørsmål om familegjenforeining som landet vårt er kjent for, vil det ikkje stoppe med 10.000. Det blir fort 50.000, 60.000, kanskje 70.000 eller meir på ein liten generasjon eller to.

Når nokre kommunar vil vera med på dugnaden så framt staten dekkjer alle kostnader, er det ikkje lenger dugnad, men økonomisk utpressing med kvite hender.

Les også:

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fleire humanitære organisasjonar har òg teke til å nyte uttrykket «dugnad». Jan Egeland i Flyktningehjelpen skriv om «vårens viktigste dugnad.» No vil dei smi medan jarnet er varmt. Generalsekretærane vert både yre og øre når krisene blir så store at milliardbeløp blir kanaliserte nettopp gjennom deira organisasjonar og kontaktnett.

Katastrofen i Syria og grannelanda vil ingen ende ta. Klassekampen skriv klokt på leiarplass at me sjølvsagt må hjelpe, men korleis gjera det best?

10.000 flyktningar av ein straum på elleve millionar er ikkje sjølve løysinga på denne store humanitære krisa. Avisa viser til professor Terje Tvedt som i ein kjempeartikkel i Morgenbladet syner korleis FN alltid har meint at flyktningestraumar av denne typen må handterast i konfliktens nærområde. Noreg kan, til dømes, betala for drifta av FN sine flyktningeleirar internt i Syria, Jordan eller Libanon i eit eller to år.

Me opplever no politisk kappspringing her heime om å vera mest moralsk og prektig i ei vanskeleg sak. Men det er inga sak å vera spandabel med andre sine pengar, særleg når ein ikkje yter ekstrainnsats sjølv. Førebels konklusjon: Om enkelte parti og organisasjonar vil øydeleggje statskassa på sikt, får så vera.

Men dei treng ikkje samstundes øydeleggje viktige ord i det norske språket.

Les også:

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.


Mer debatt: Her er de siste 100 publiserte meningsinnleggene i Dagen

Les også
Løsning om Syria-flyktninger kan være klar til uken
Les også
Frp bryter Syria-forhandlinger
Les også
20 prosent færre asylsøkere til Norge
Les også
Frp avviser svartmaling om flyktninger
Les også
USA: Over 10.000 jihadister drept i luftangrep