Ørkenreligionen eksporteres, demokratiet lider

Eksporten av ultrakonservativ islam frå Saudi- Arabia skjer gjennom moskear og koranskular over heile verda, og skaper på ny ufridom for mange menneske, ikkje minst kvinner. Toleransen i Noreg er ein fare for demokratiet vårt.

I min barndom var det bilete av arabiske sheikar i vekeblada. Dei var smilande, eksotiske, og hadde fleire koner.

Her ein dag fekk eg boka av tidlegare ambassadør til Saudi-Arabia, Carl Schiøtz Wibye, i hende. Ei informativ bok om den arabiske halvøya, spekka med informasjon om eit land som er lite kjend for folk flest.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

No ser eg at Jeffrey Huseby har eit synspunkt om islam sin aukande innflyting i Mali i « Krigen med kritt og Koran» i Dagen 10.05, der han referer mykje til boka, så eg vil konsentrere meg om eksporten av ultrakonservativ islam gjennom moskear og koranskular, og kva influens dette har hatt på stillinga til kvinner i det islamske samfunnet

Han skriv at Saudi- Arabia er styrt av ein elite, som støttar seg på eit konservativt presteskap for å behalde makta. Saudi-Arabia er i dag eit av dei rikaste landa i verda, og den herskande klassen er enormt rik. Dei gjev ein del frynsegodar til innbyggjarane sine, men heldt dei i eit ideologisk/ religiøst jarngrep. Herskarane i det elitestyrte landet har alliert seg med etterkomarane av ei islamsk sekt frå ørkenen, den såkalla wahhabismen. Denne religionsforma er sterkt regelstyrt, har monopol på rett tolking av islam, og undertrykkjer kvinner slik at dei ikkje kan gå ut åleine, må kle seg i hijab og burka, og er ikkje eit eige rettsleg subjekt, men må ha mannleg verje.

Wahhabismen byggjer skular over heile verda, og moskear, der dei marknadsfører den strenge forma si av islam, som er den einaste tolkinga av denne religionen, etter deira syn. Dei har trykt opp ein ultrakonservativ versjon av Koranen, Hilali/Khan versjonen, i 250 millionar eksemplar på over 40 språk med krigerske haldningar og fiendtlege kommentarar mot dei vantru. Denne gjev dei vekk i moskear og skular over heile verda, og sel han til spottpris overalt. Det vert og sett på som den einaste rette utgåva av Koranen, og andre utgåver utan kommentarar, eller mildare tolkingar, vert karakteriserte på som heresi.

Skulesystemet i Saudi- Arabia er grunnlagt på islam, og den strenge forståinga av islam blir teke inn i eitkvart fag, og grunngjev eitkvart fag. For ikkje lenge sidan prova ein imam at jorda var flat.

Saudi-Arabia har to velkjende universitet, som tek mot studentar frå heile verda. Alle som søkjer kjem inn, så opptakskrava er ikkje høge. Mange fattige, lite utdanna muslimar søkjer, både frå Saudi-Arabia sjølv, og andre land i Asia, Europa, Afrika og Amerika. Fagleg står desse lærestadane svakt. Dei utanlandske studentane som vert uteksaminert, går ofte inn som imamar, og vert eksportert til dei fleste verdsdelar, der dei så underviser sine medlemmar og elevar etter den strenge forma for islam, og innfører segregering av kvinner og menn, og skaper skilje mellom islam og kulturen i området dei er i. Fleire av desse imamane har ikkje lært seg språket i landet dei lever i, og heller ikkje kulturen i det nye nasjonen etter å ha vore der i 10-15 år, anten det no kjem av manglande evne eller manglande vilje.

I Noreg er mellom anna ungdomsorganisasjonen Islam Net påverka av denne ideologien, og har importert ytterleggåande imamar som foredragshaldarar, der dei har kjønnsdelte møter, der kvinner og menn sit kvar for seg. Mange av desse talarane meiner sharialovene står over ein nasjons sine lover, og hevdar at dødsstraff og steining er legitim straff for å ha brote deira rigide tolking av islam. Dei uttalar sine fatwaer over ikkjetruande frå andre religionar, og hevdar det er heilt greitt å drepe den som ikkje trur. Ettersom dei ikkje anerkjenner andre muslimske retningar, vert og shiaer og sufister også sett på som vantru, og må drepast. Etter deira tru er det altså få menneske som fortener å leve på denne jorda!

Men det verste er, at gjennom denne wahhabismen og utdanninga dei får i lys av denne, har Saudi-Arabia gjeve opphav til alle islamske terrororganisasjonar. Både Al- Quida, Taliban,Boko -Haram, IS og har sine røter og opphav frå Saudi- Arabia, hevdar etteretningsorganisasjonar, mellom anna i USA.

Men Saudi- Arabia brydde seg ikkje så mykje om desse brutale grupperingane, så lenge dei herja på andre sine einemerke, men frå midten av 2000- talet har landet vorte strengare, for då byrja terroristane å vise tenner i Saudi- Arabia og, og landet fekk dei første terroråtaka på eiga jord. Så no har dei verste terroristane vorte debrifa ein del , men dei styrande ser ofte gjennom fingrane med at dei opererer i andre land.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Har du undra deg kvifor Bosnia, Pakistan, Bangladesh, Filippinene og Indonesia har vorte så mykje meir strengt muslimsk dei siste 20-30 åra? Svaret er at Saudi- Arabia har pøst millionar og milliardar inn i desse landa, bygd moskear og skular, og lønna imamar som er utdanna i wahabismen frå ørkenlandet.

Har du undra deg over at det er eit aukande tal av militante muslimar i USA? Saudi- Arabia har bygd mange moskear og skular tufta på wahhabisme nettopp i Dei sameinte statane.

Har du undra deg over det aukande talet på moskear i Noreg? Kor vakre nokre av dei er? Svaret ligg i pengebidrag frå Saud- Arabia. Har du undra deg over at imamar har vore i Noreg i 15 år, og ikkje kan språket? Har du undra deg over det aukande talet av burka og hijab? At islamske jenter plutseleg ikkje kan vere med på gym og lære seg å symje, og blir segregerte frå 12årsalderen? Svaret finn du i wahhabismen, som ikkje tolererer anna enn si eiga tolking av islam. Den er streng.
Nå arbeider dei i Mali-.

Saudi- Arabia deltar ikkje i hjelpeprogram for flyktningar. Det steinrike landet har ikkje teke imot ein einaste flyktning frå Syria, men har gjeve milliardar til å bygge moskear for syriske flyktningar i Tyskland, så dei kan vende attende til radikal islam og skape ustabilitet i det nye heimlandet sitt. Merkel ynskte dei velkomne.

Saudi- Arabia tillet ikkje at nokon av innbyggjarane deira går over til andre religionar. Dei kan straffast med døden om dei går over til kristendom eller buddhisme. Det er ikkje lov å setje opp ei kyrkje eller hinduistisk tempel i landet, men sjølv har sheikane lov til å bidra til å bygge moskear i kvar avkrok i verda.

Det einaste hjelpeprogrammet dette umåteleg rike landet har, er koranskular og moskear. For eiga rekning må eg leggje til at Jemen, som har lege i krig med Saudi-Arabia i fleire år, og som no er på randa av ein sveltekatastrofe på grunn av at dei ikkje vil leggje seg inn under Saudi- Arabia sitt herredømme, heller ikkje får humanitær hjelp frå sin rike nabo. Det er dei «dumsnille» kristne som ropar eit rettkome varsko om humanitær katastrofe i området. Så kan dei bruke milliardar på å hjelpe kvinner og barn, medan Saudi- Arabia krigar for å innføre sunnimuslimsk wahhabisme, og føre dei attlevande av hokjønn inn i ufridom med tidlege ekteskap, mannleg verje, burka og hijab.

Eit tre kjennes på fruktene. Desse fruktene er ikkje gode. Kvinneundertrykking, segregering, terrorisme, tvang og brutalitet er noko av det denne forma for islam ber med seg. Likevel er dumme og naive nordmenn så imøtekomande og tolerante. Dei bør etter mi meining vakne opp og sjå kva innhaldet i demokratiet er, og verne om fridommen som våre forfedre og mødrer har kjempa fram for oss. Vi kan velje vårt liv, våre vener, vår religion, vår utdanning, vårt yrke. Kvinner og menn er likestilte. Om vi slepper til ein religion som vil øydeleggje alt dette, så sagar vi av den greina vi set på. Så tolerante kan vi ikkje bli. Spora til wahhabismen i Makedonia, Nigeria, Afghanistan, Bangladesh , India, Pakistan og Indonesia skremmer.

Kjelde :Carl Sciøtz Wibye : Terrorens rike. Hvordan en voldelig sekt fra den arabiske ørken radikaliserte islam. Oslo 2017